250 fritidsfiskarar hjelper han med forskinga
LUKK

250 fritidsfiskarar hjelper han med forskinga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 11. mai 2017 kl. 23:12

Fritidsfiskarar skriv fangstdagbok. Vanlege folk låner ut daudtid på datamaskinar. Stadig fleire forskarar får hjelp av publikum til å samle inn observasjonar.

Då forskar Alf Ring Kleiven for ti år sidan skulle ta doktorgrad på hummarfiske,  inviterte han fritidsfiskarar til å skrive fangstdagbok. No har det vakse til eit nettverk med 250 fiskarar, som rapporterer årleg.

Fakta
<

– Det eg lærte tidleg, var at når ein skal samarbeide med vanlege folk, må samarbeidet skje på deira premiss. Dei må vere interesserte, og dei må få kjenne eigarskap til resultata. Ein kan ikkje forvente å få store mengder gode data utan å vere open om korleis dei blir brukte, seier Kleiven, som er forskar ved Havforskingsinstituttet i Arendal.

Prosjekt som dei Kleiven driv, blir stadig meir utbreidde: Forskarar får hjelp av publikum til å samle inn observasjonar, ofte knytte til natur- og miljøspørsmål.

Folkeforsking 

Nyleg tok forskarar verda over til gatene for å forsvare faktabasert offentleg debatt mot synsing og «alternative fakta». Men nokre, som Andrea Saltelli ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen, uttrykte uro for at markeringa kunne promotere ein idealisert, og usann, versjon av vitskapen. I Forskerforum sa Saltelli at han ønskte seg ein ny kontrakt mellom forsking og samfunn: Forskinga i lag med samfunnet.

Det er ikkje nye tankar. I takt med at forsking vart profesjonalisert utover 1900-talet, vart vanlege menneske i stor grad avskorne frå å delta i diskusjonar om forsking, og det siste halve hundreåret har mange prøvd å rette på dette. Ein av måtane er det ein kallar «citizen science», eller kanskje «folkeforsking» på norsk.

Les også: Forskerne tok til gatene. Se bildene her. 

Forskar Alf Ring Kleiven tok etter kvart ideen om å alliere seg med «folkeforskarar» i bruk på eit nytt felt. No gjaldt det forsking på omfanget av «spøkelsesfiske», der tapte hummarteiner held fram med å fange hummar.

– Vi utvikla eit standardskjema som medlemmar av Norges Dykkeforbund fyller ut kvar gong dei finn ei tapt teine. Vi har fått inn om lag 3000 funn med bilete frå heile kysten, fortel han.

Samlar forskingsmateriale

Andre velkjende døme på folkeforsking er privatpersonar som låner ut daudtid på datamaskina si til store reknejobbar, eller frivillige som bruker litt ledig tid til å kategorisere informasjon i bilete eller digitalisert arkivmateriale. Slike samarbeidsprosjekt mellom forskarar og amatørar er vinn-vinn-situasjonar der forskarar får tilgang til data og ressursar dei elles ikkje ville fått, og publikum blir meir informerte om både forsking og sine eigne interessefelt.

Ei vanleg innvending er om ikkje folkeforsking berre leverer store mengder upålitelege data.

– Ein kan ikkje leggje stor vekt på enkeltobservasjonar. Det vil alltid vere litt høgare grad av unøyaktigheit, men samla sett vil datamengdene likevel fortelje ei god historie, meiner Alf Ring Kleiven.

Les også: – Universitetene blir drevet som fabrikker 

Forskar på eigne premiss

I sin «Open Science Agenda» som vart lagd fram i fjor, gjekk EU-kommisjonen spesifikt inn for å promotere folkeforsking og utvikle ein modell for å evaluere folkeforsking. Men på same tid er det stor usemje om kva folkeforsking eigentleg er. For somme inneber det å sette folk i stand til å forske på eigne premiss, og nokre av dei oppsøker vi i Amsterdam.

Wieke Betten viser rundt i det gamle vegehuset, De Waag (altså «vekta»), opphavleg ein av Amsterdams byportar. Her vart marknadsvarer vegne under offentleg oppsyn. I dag huser De Waag ei stifting, Waag Society, som utforskar nye teknologiar og tilbyr ein møtestad for kunst, vitskap og design. Dei driv mellom anna eit laboratorium for gjer-det-sjølv-biologi.

– Du treng ikkje ha nokon kjennskap til bioteknologi frå før, vi lærer deg teknikkane du treng. For eksempel å dyrke bakteriar og arbeide i eit sterilt miljø. Folk lærer raskt av å gjere ting sjølve. Vår innstilling til læring er konkret og forankra i personlege prosjekt, seier Betten.

Vil utfordre vitskapen

Det gamle vegehuset i Amsterdam var ein gong åstad for anatomiforelesingar. I dag er det ein møtestad for gjer-det-sjølv-forsking. Foto: Wikimedia Commons

Wieke Betten er ph.d.-kandidat ved Vrije Universiteit Amsterdam og tek doktorgraden på samfunnsmessige og etiske aspekt ved syntetisk biologi. Ein dag i veka jobbar ho ved biolaboratoriet til Waag Society. Ho forklarer at aktivitetane her ikkje er meint å vere harmlaus moro, eller einvegs folkeopplysing.

– Vi vil gjere ting som er meiningsfylte og gjerne litt ukomfortable. Vi ønskjer å utfordre den gjeldande vitskaplege kulturen, men også å vere i front når det gjeld refleksjon omkring nye og framveksande teknologiar.

Betten fortel at forskarar ved institusjonane reagerer ulikt på aktivitetane deira. Nokre meiner at dei ved å gje rom for kontroversielle prosjekt i kryssingspunktet mellom kunst og vitskap, står i fare for å skade omdømmet til vitskapen.

– Men vi har også forskarar som kjem hit med ambisiøse prosjekt som dei ikkje føler passar inn i den vanlege forskarkvardagen. Nokre mistrivst dessutan med å bruke mykje tid på å skrive akademiske artiklar som hamnar bak betalingsmurar, og som nesten ingen les. Alt som skjer her, blir delt ope, seier ho.

Les også: Nobelprisvinner: – Det kan ta tiår å rydde opp etter Trump.

Samfunn eller karriere

For forskarar kan det potensielt oppstå konflikt mellom ønsket om å bruke forskinga til å skape eit betre samfunn, og plikta til å produsere artiklar og hente inn forskingsmidlar, som ei forskarkarriere medfører. Ulike initiativ dei seinare åra er meint å bøte på dette, slik som The San Francisco Declaration on Research Assessment (DORA). Erklæringa oppmodar institusjonar og forskingsråd om å ta i bruk fleire indikatorar enn artiklar og siteringar når dei skal vurdere forskingskvalitet – inkludert kvalitative mål som samfunnsnytte. Hausten 2016 kom the League of European Research Universities (LERU) med eit sett med råd for folkeforsking ved medlemsuniversiteta sine. Dei tilrår å justere systema for forskingsevaluering til å inkludere samfunnsnytte på ulike nivå, og å ta i bruk eit breitt spekter av suksesskriterium for forskingsprosjekt som skjer i samarbeid mellom forskarar og vanlege borgarar.

Alf Ring Kleiven har klare råd til forskarar som vil involvere «folk» i forskinga si:

– Gjer datainnsamlinga enkel og intuitiv. Og ein må kjenne sitt publikum. Nokre av fiskarane eg samarbeider med, er veldig engasjerte og likar å ta kontakt og slå av ein prat. Det må ein sette av tid til. Du lyt ofre deg litt for dei som ofrar seg for deg.

Les også: «Når jeg står opp om morgenen, må jeg finne på noe å gjøre. Noe å forske på.»

Kven skal bli høyrt?

Samstundes hevdar somme, slik som Andrea Saltelli, at å kople forsking og samfunn sterkare i hop, i siste instans reiser spørsmål om kven som skal ha makt til å påverke avgjerder, og om kven sin ekspertise som fortener å bli høyrt.

Waag Society er også opptekne av kven som får ha legitime meiningar om forsking. I laboratoriet deira står ein gammal kioskfrysar dei har fått kjøpt brukt. Den skal brukast i eit prosjekt om personalisert medisin som skal gå over dei neste månadane. Deltakarar kan velje å donere spyttprøver til eit biobank-kooperativ. Banken skal brukast til å utforske folks moralske haldningar til personalisert medisin, eigarskap til eigen biologi, og lovnader og kostnader knytte til individuell medisinsk behandling og forsking.

– Folk trur ofte at gjer-det-sjølv-biologar er moralsk tvilsame personar. Men eg trur snarare at folk som driv vitskap på den måten, blir tvinga til å ta stilling til etiske spørsmål heile tida, kanskje i større grad enn ved universiteta, seier Wieke Betten.

– Ein bør ikkje erstatte eigen refleksjon med eksternt godkjente retningsliner. Prosjekta våre handlar ofte om å reflektere meir aktivt om eige ansvar.

Få flere nyheter og kommentarer om forskning og høyere utdanning: Følg Forskerforum på Facebook. 

Les også: