Publisert 29. november 2018 kl. 21:20
– 75 prosent av institutta vil forsvinne om dei nye krava til publisering blir innført, seier Lars Holden. Han er styreleiar i Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA), som er ei bransjeforeining for forskingsinstitutt knytt til NHO-foreininga Abelia. I ein ny rapport tilrår Forskingsrådet å auke minimumskravet til publisering ved alle institutta til eitt publiseringspoeng per forskarårsverk i året. Føresetnaden er at også basisløyvingane til institutta aukar til 15 prosent av omsetninga. Rapporten har no vore på høyring i sektoren.
Holden meiner rapporten går for langt i å gjere alle institutta like.
– I forslaget blir fagleg kvalitet berre målt på ein ting: nemleg publikasjonar. Dette er eg heilt ueinig i. Det viktigaste målet på kvalitet er faktisk om institutta får oppdrag frå næringslivet. Dette er eit mykje viktigare krav enn publikasjonspoeng, seier Holden, som også er administrerande direktør ved Norsk Regnesentral.
Holden har rekna ut at 75 prosent av institutta i dag ikkje vil oppfylle kravet om eitt publiseringspoeng per forskingsårsverk i året.
– FFA sluttar seg til forslaget om å trappe opp basisløyvinga til 15 prosent av omsetninga ved institutta. Men vi støttar ikkje forslaget om eitt gjennomgåande publiseringskrav for alle institutt. Vi saknar også ein analyse av ulike fagtradisjonar når det gjeld publisering.
Konserndirektør Eli Aamot i Sintef Industri seier blodtrykket steig då ho las forlaget.
– Det er ikkje kravet i seg sjølv eg er opprørt over, men at rapporten så einsidig legg vekt på at publisering er det einaste som gjev kvalitet. Mykje av oppdragsforskinga vår har svært god kvalitet, men vi jobbar med mange ting som aldri vil bli publisert, seier Aamot.
– Når vi skal vere med på å skape nytt næringsliv, får vi ikkje lov til å publisere alt. Difor er eg bekymra for eit slikt krav, sjølv om vi her ved Sintef Industri ikkje ligg så langt unna eitt publiseringspoeng i dag.
I høyringssvaret frå FFA heiter det at andelen oppdragsinntekter og ikkje minst nivået på basisfinansieringa vil avgjere om det blir mogleg for institutta å finansiere aukande publisering. Ifølgje FFA vil minimumskravet om eitt publiseringspoeng per forskarårsverk nærmast vere umogleg å oppnå for institutt som hovudsakleg er finansiert av privat næringsliv, og vil dermed dramatisk endre forholda for dei teknisk- industrielle institutta og primærnæringsinstitutta.
Holden meiner det ikkje er relevant å samanlikne publiseringspoeng.
– Dei teknisk-industrielle institutta publiserer vesentleg meir enn universiteta, om ein tek omsyn til andelen private midlar, seier han.
Forskingsrådet har foreslått å innføre eit minimumskrav på 40 forskarårsverk for institutt som mottek basisløyving. Eitt av dei samfunnsfaglege institutta som i dag berre har i overkant av 20 årsverk, er Østfoldforskning.
– Eg er einig med FFA i at det er drastiske krav som blir foreslått, men eg trur vi kan klare det. Når det gjeld kravet om 40 forskarårsverk, seier Forskingsrådet at det kan gjerast unnatak for institutta som har sterke og robuste fagmiljø. Vi har eit svært spissa fagmiljø, så eg er berre sånn passeleg bekymra, seier administrerande direktør Ellen-Marie Forsberg ved Østfoldforskning.
– Men Østfoldforsking ligg nedst på publiseringsstatistikken i 2017?
– Det er litt tilfeldig at vi låg så langt nede på lista akkurat det året. Vi jobbar heile tida for å auke talet på publisering og forskarårsverk. Det er jo også snakk om å auke basisløyvinga frå Forskingsrådet, og då vil vi lettare å få tid til å publisere, seier ho.