– Alvorleg å fjerne statsarkiva
LUKK

- Alvorleg å fjerne statsarkiva

Av Johanne Landsverk

Publisert 11. november 2015 kl. 11:00

Statsarkiva blir ikkje lenger sjølvstendige. Det er svært uheldig for regionane, meiner tilsette.

– Det er veldig uheldig å fjerne det regionale nivået i Arkivverket. At leiinga har nær kontakt med regionane er heilt nødvendig, seier Torkel Thime. Han er førstarkivar ved Statsarkivet i Stavanger, som er ein sjølvstendig institusjon under Arkivverket. Planen er at Arkivverket skal omorganiserast frå 1. januar 2016.

LES ÒG: Uro i arkivverket.

I dag består Arkivverket av Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv. Men frå nyttår skal ikkje Riksarkivet og statsarkiva lenger vere sjølvststendige institusjonar. Oppgåvene skal samlast sentralt i ei eining.

Inga leiing i regionen

– Fjernleiing er jo blitt det nye mantraet for Arkivverket. Det vil bety at leiinga for eit statsarkiv ikkje lenger sit i regionen, og det er alvorleg med tanke på statsarkiva si rolle, seier førstearkivar Jo Rune Kristiansen Ugulen, som er avdelingstillitsvald for publikumsavdelinga i Riksarkivet.

– Det kan også bli ei utfordring om det oppstår konfliktar på ein arbeidsplass, når ein ikkje har ein leiar på staden som kjenner forholda.

Ugulen har tidlegare uttalt til Forskerforum at dei tilsette i Arkivverket er urolege for det som no skjer.

– Det heiter seg no at ingen tilsette blir oppsagt som følgje av omorganiseringa?

– Det er vel ikkje så oppsiktsvekkande at fast tilsette i staten ikkje mistar jobben. Problemet med kompetanseoverføring er like tydeleg. Ingen nye blir tilsett når ein fagperson sluttar, og det blir meir å gjere for dei som er att, seier Ugulen.

Fagleg styrking?

Torkel Thime ser likevel ikkje heilt svart på det som skjer.

– Ein del av omorganiseringa går ut på å styrke viktige fagområde, som til dømes digitale arkiv. Men samtidig reduserer ein det faglege nivået ved statsarkiva når ein fjernar det regionale leiarskapet heilt, seier Thime.

Arkivverket ønskjer seg ei «meir effektiv og resultatorientert organisering».

Ugulen er skeptisk.

– Eg har aldri forstått kva leiinga meiner med fagleg styrking. Leiinga har heilt tydeleg eit stort kommunikasjonsproblem, også inn i sin eigen organisasjon, seier Ugulen.