Apologetisk om det overnaturlege
LUKK

BOKMELDING

Apologetisk om det overnaturlege

Av Av Lars Nyre

Publisert 9. januar 2012 kl. 16:01

Det er nesten skremmande lesing for eit opplysningsmenneske, skriv vår bokmeldar.

apologetisk-om-det-overnaturlege

Fakta
<

Boka handlar om folk si tru på overnaturlege forhold. Stoffet er engasjerande og levande fortalt, men over det heile kviler eit ubesvart spørsmål: Finst det i det heile teke noko overnaturleg?

Folkloristen Selberg skil teoretisk mellom organisert religion i kyrkjesamfunna og ein langt mindre organisert folkeleg religiøsitet. Ho skriv om ulike menneske sine forteljingar om sine overnaturlege opplevingar, og analyserer i den samanhengen avisartiklar, bøker og plater, og har vore med på mange religiøse arrangement som observatør og deltakar.

Ho tek for seg korleis folk framleis trur på huldrefolket, folkemedisinske mirakel utført av Snåsamannen, trenden med pilegrimsvandringar til Selje og Nidarosdomen, den tabloide New Age-spiritualiteten til guru Vasant Swaha (Tor Opheim), den religiøse turismen til Lourdes, Machu Picchu og Stonehenge og til slutt kjensla av å få kontakt med sine tidlegare liv gjennom sjamanisme. Selberg syner godt kor omfattande trua på det overnaturlege er i Noreg i 2011. Det er nesten skremmande lesing for eit opplysningsmenneske.

Selberg brukar ein omfattande litteratur for å forklara kvifor folk kan vera så opne for overtru, healing og sjamanisme, etter hundrevis av år med opplysning og naturvitskap. Religionsvitaren Siv Ellen Kraft seier det dreier seg om ein «fascinasjon for fortiden og det fortidige». Victor Turner seier at det er ein reaksjon på industrialisering, rasjonalisering og opplysning. Den britiske teologen Ian Bradley vert sitert på at det kjem av «et utbredt ønske om å gjenoppdage og finne tilbake til røtter, tradisjoner og historien».

Nordmenn flest bryr seg visst lite om ideala frå opplysningstida og har ikkje spesielt stor tru på framsteg og utvikling. Framtida er skummel, medan fortida er full av gode løysingar. Selberg kunne gjerne ha kopla den alternative religiøsiteten med pessimismen når det gjeld miljø, økonomi og personleg helse. Kanskje den folkelege religiøsiteten er ein respons på ubehaget ved å tenkja på framtida? Selberg formulerer diverre ikkje slike dristige tankar, sjølv om ho elles har ein god hermeneutisk framgangsmåte.

Trass i at Selberg har sterk fagleg innleving, så unnvik ho eit tema som er knytt til hennar eigen posisjon. Trur ho på nokon av dei overnaturlege fenomena ho skildrar? Det er underleg at ein forskar kan skriva ei bok om det overnaturlege utan sjølv å ta stilling til om det eksisterer, og utan å vurdera motiva til folka som fortel om opplevingane sine. Ved å ta alt på like stort alvor går ho lenger enn til å formidla folk sine forteljingar, ho unnskylder og bekreftar dei på eit vis.

Ved å vera forskar forpliktar du deg på verkelegheita, og må ta stilling til eksistensen av det overnaturlege dersom det er relevant, og i Selbergs tilfelle er det openbert dét. Og dersom det er normalt i folkloristikken å forska på folk sine forteljingar om X utan å forholda seg til eksistensen av X, så er det noko feil med faget. Boka ville vore meir interessant dersom Selberg heilt fyrst hadde fortalt oss om ho trur på det overnaturlege eller ikkje.