Auke i doktorgradar ved norske museum
LUKK
Annonse
Annonse

Auke i doktorgradar ved norske museum

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. juni 2016 kl. 05:00

Fleire museum satsar på tilsette med doktorgrad.

Bjørn Sverre Hol Haugen

– Eg er glad for at museet ville finansiere doktorgraden min, seier Bjørn Sverre Hol Haugen. Foto: Erik Mostue, Anno museum

– Eg er svært glad for at museet ville finansiere doktorgraden min. Eg fekk behalde konservatorlønna mi i tre år medan eg jobba fulltid med doktoravhandlinga, seier Bjørn Sverre Hol Haugen, forskingskoordinator ved Anno museum i Hedmark. Han disputerte for doktorgraden i kulturhistorie ved Universitet i Oslo i fjor vår.

Hol Haugen er berre éin av mange: Nye tal frå 2015 viser at stadig fleire av dei tilsette ved musea har doktorgrad. Medan 194 av alle museumstilsette hadde doktorgrad i 2013, steig talet til 276 i 2015. Veksten gjeld også for museum under Kulturdepartementet, der 49 kunne skilte med doktorgrad i 2013, 58 hadde doktorgrad i 2014 og heile 69 i 2015. I alt ein auke på 42 prosent for heile sektoren.

– Legg til rette for doktorgrad

Harald Jacobsen er administrerande direktør ved Anno museum:

– Ved utlysingar av nye stillingar ser vi at mange av søkjarane har doktorgrad. Vi ønskjer å styrke det akademiske nivået ved museet, og prøver også å legge til rette for at fleire av dei fast tilsette skal få ta doktorgrad, utan altfor store kostnader for museet. I tillegg til Hol Haugen har vi to andre tilsette som no er i gang med doktorgraden. Ein av dei får støtte frå Forskingsrådet gjennom ordninga med offentleg sektor-ph.d., seier Jacobsen. Han var tidlegare direktør ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger før han begynte ved Anno museum i 2010.

– Eg oppdaga då at det vitskaplege nivået var for lågt, og at svært få hadde formalisert kompetanse på førstenivå. Ved museet har vi difor jobba med å profesjonalisere medarbeidarane, seier Jacobsen.

Fleire konservatorar

Ny museumsstatistikk viser også ein auke i talet på tilsette med autorisasjon som konservator og førstekonservator NMF, ei ordning organisert av Norges museumsforbund (NMF) der ein blir autorisert på grunnlag av forskings- og utviklingsarbeid.

Hol Haugen seier at Anno museum arbeider aktivt for at fleire skal kvalifisere seg til NMF-autorisasjon for konservatorar.

– Vi held no vårt andre skrivekurs, og neste år kjem vi med fagfellevurdert publikasjon nummer to. Dei som deltek her, tek solide steg på vegen mot autorisasjon, seier han.