Automatisk tenking
LUKK

BOKMELDING

Automatisk tenking

Av Av Lars Nyre

Publisert 9. november 2012 kl. 10:10

Hovudfunnet er at mennesket er ganske uklokt og lite gjennomtenkt, og ganske lett lèt seg forvirra og manipulera.

automatisk-tenking

Fakta
<

Daniel Kahneman er ein 78 år gammal professor emeritus ved Princeton University, og hanhar utført psykologiske eksperimentheilt sidan 1960-talet. Tenke,fort og langsomt oppsummerer karrieren hans som psykologiforskar. Hovudfunnet er at mennesket er ganske uklokt og lite gjennomtenkt, og ganske lett lèt seg forvirra og manipulera.

Kahneman fekk Nobelprisen i økonomi i 2002 saman med Amos Tversky. Dei fekk prisen spesielt for forsking på økonomisk åtferd, der éi av mange nyttige innsikter er at folk legg større vekt på å unngå tap enn å få gevinst.

Boka handlar nettopp om slike rasjonelle vurderingar, som å løysa rekneoppgåver, gjera val mellom forvirrande moglegheiter og leggja strategiar for framtida. Alle desse handlingane kan gå føre seg i kalde laboratorierom, og det ber boka preg av. Det dreier seg ikkje om å spela eit musikkinstrument eller vandra i skogen, men om å sitja og anstrengja seg så pupillane utvidar seg og pulsen aukar.

Kahneman introduserer to måtar å tenkja på. System 1 er den intuitive tenkinga som raskt ser samanhengar og kjem med løysingsforslag (heuristikkar), men som er prega av forenklingar, misforståingar og feilvurderingar. System 1 lèt seg lett påverka av konkrete perseptuelle forhold i omgjevnadane. System 2 er den fortolkande tenkinga som opererer logisk og rasjonelt, som langsamt kjem med korrekte svar på problemet og strategiar for framtidig tenking, og som heller ikkje lèt seg manipulera så lett.

Gjennom boka utviklar Kahneman skilnaden mellom system 1 og 2. Han peikar ut eit parallelt forhold mellom det opplevande og det hugsande sjølvet, og skil mellom dei to personlegdomstypane ’humans’ og ’econs’, der dei fyrstnemnde mest lèt seg styra av system 1 og ’econs’ av system 2.

Boka er vanskeleg å lesa. Kahneman etablerer ei rekkje nye omgrep, som til dømes ’kognitiv letthet’ og ’tilgjengelighetsskjevhet’. Eg må stadig bla tilbake og sjekka kva orda betyr – eller lesa vidare med ei kjensle av ikkje heilt å ha fått med meg poenget.

Lesaren får dessutan stadig beskjed om å utføra dei oppgåvene som deltakarar i eksperiment tidlegare har gjort, og kan såleis samanlikna seg med det statistiske gjennomsnittet. Dette er for så vidt pedagogisk, men samtidig ei sterk utfordring for system 2. Det er slitsamt å ta ein intelligenstest på 400 sider.

Eit gjennomgåande poeng hjå Kahneman er at menneskeleg tenking er lett å manipulera for folk som veit korleis hjernen fungerer. Her er det ei klar kopling til ’nudge-teori’, som til dømes har vorte brukt av den britiske staten for å få folk til å verta meir sannferdige når dei fyller ut sjølvmeldinga – dersom ein bruker dei rette fargane og orda i skjemaet, vert folk ærlegare.

Det er problematisk at mennesket vert framstilt som eit superkomplekst maskineri av mekanismar, intuisjonar, prosedyrar etc. som gjer at åtferda vår (i teorien) er manipulerbar og føreseieleg. Me tenkjer ikkje fritt, me reagerer systematisk. Og Kahneman skriv: «Du må simpelthen akseptere at hovedkonklusjonene i disse studiene er sanne.» Dette er det mest stressande poenget i boka, særleg fordi han kanskje har rett.