Dagleg leiar Vinje-senteret

Vinje-senteret for dikting og journalistikk er under etablering i Vinje, Telemark, som ei ny driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Senteret skal disponere nybygd kontorfløy og ombygd hovudetasje i Vinje skule, 12 km vest for kommunesenteret Åmot. Fram til ferdig bygg blir det ordna med gode kontor på høveleg stad i området. Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv også Aasen-tunet (Ørsta), Hauge-senteret (Ulvik), Allkunne og sju andre nettstader. Vi har 19 fast tilsette og inntekter på om lag 30 millionar i 2017. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.

Vi søkjer etter dagleg leiar til Vinje-senteret

Dette er sjansen til å byggje opp ein ny og viktig nasjonal kulturinstitusjon frå grunnen av når Vinje-senteret for dikting og journalistikk no skal etablerast i Vinje, Telemark.

Senteret skal dokumentere og formidle prosakunsten i diktinga og forteljingar om journalistikkens rolle i Noreg, frå Aasmund Olavsson Vinje til i dag. Eit slikt museum finst ikkje i Noreg frå før, ikkje i mange andre land heller.

Neppe nokon kan oppfylle alle dei ideelle ønska våre, men grip eit høve som kanskje aldri kjem att!

Viktige oppgåver er å vere med og skaffe dei midlane som trengst, byggje opp Vinje-senteret ved å tilsetje tre faste medarbeidarar, leie arbeidet med å utvikle basisutstilling og andre publikumstilbod, etablere samarbeid med sentrale bransjemiljø, involvere seg i eit romsleg lokalsamfunn og gjere det lett for styresmaktene å løyve midlar til investering og drift.

Dagleg leiar får brukt all sin kunnskap om litteratur og journalistikk, strategi og økonomi, systematikk og utoverretta verksemd. Etableringsfasen krev engasjert tolmod, evne til å trivast i små miljø og arbeid på eiga hand i tett lagspel med direktør, leiargruppe og andre i Nynorsk kultursentrum. Å leie ein nasjonal institusjon utanfor storbyane er å oppfylle gledene ved å reise.

Vi ser for oss ein inkluderande og offensiv leiar som vinn tillit lokalt og respekt nasjonalt, og som har god innsikt i dikting og/eller journalistikk. Det gjeld å ta mange avgjerder, vere synleg og utoverretta, meistre budsjett og rekneskap og like å administrere. Difor har leiarrøynsle mykje å seie, bakgrunn frå museum, medieverksemd eller annan kulturinstitusjon er ønskjeleg, og ein kjem lengst med hovudfag eller mastergrad.

Stillinga inviterer til sans for godt språk og stø språkføring på nynorsk, og god kjennskap til eit framandspråk. Alle nye medarbeidarar går gjennom eit grundig introduksjonsprogram. Hos oss nyttar alle nynorsk skriftleg.

Dagleg leiar rapporterer til direktøren og er gjennom leiargruppa med og pregar utviklinga i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum er medlem i Virke. Vi tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, afp-ordning, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Prosjektplan for Vinje-senteret ligg på Vinjesenteret.no. Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727, svarar gjerne på spørsmål.

Fortel korleis denne sjansen kan brukast og send søknad med cv og relevante vedlegg seinast måndag 24. april til admin@aasentunet.no.

Vi søkjer etter dagleg leiar til Vinje-senteret