Forskingsdata som blir samla inn gjennom Horisont 2020-prosjekt, skal frå no av delast fritt. I Noreg tilrår Forskingsrådet å dele data, men mange er usikre på korleis ein gjer det.
qvenild-marte
– Deling av forskingsdata er kome lengst innanfor naturvitskapane, men alle fagfelt kjem no etter, seier Marte Qvenild. Foto: Forskingsrådet

– Det heng på praksis og erfaring. Vi får ein del spørsmål frå forskarar som lurer på kva dei skal gjere, seier seniorrådgjevar Marte Qvenild i Forskingsrådet.

Regel med unntak

I sommar oppdaterte EU-kommisjonen utlysingane i det inneverande arbeidsprogrammet for Horisont 2020. Ein av endringane er at open deling av forskingsdata no skal vere standard på alle fagområde. Fram til no har datadeling vore standard innanfor nokre utvalde område, som eit pilotprosjekt. No blir pilotprosjektet utvida til å gjelde heile rammeprogrammet. Det vil likevel framleis vere høve til å reservere seg mot å dele forskingsdata, til dømes dersom deling kjem i konflikt med personvernomsyn eller med potensiale for kommersialisering.

I tråd med utviklinga internasjonalt har Forskingsrådet sidan 2014 tilrådd deling av data som er skaffa gjennom prosjekta dei finansierer. For tida jobbar ein med å finne gode praktiske løysingar for å gjennomføre målet om mest mogleg deling av data.

– Lag datahandteringsplan

– Den enklaste staden å byrje for forskarane, er å lage ein datahandteringsplan i samband med prosjektutforminga. Det vil hjelpe dei til å tenkje på datahandtering heilt frå starten av, anten ein endar med å dele dei eller ikkje, og det vil gjere det enklare å strukturere datasetta på ein god måte slik at ein slepp ekstraarbeid knytt til lagring og deling på slutten av prosjektet,  seier Qvenild.

Også retningslinene for datadeling i Horisont 2020 legg stor vekt på datahandteringsplanar. Prosjekt som får støtte, må legge fram ein datahandteringsplan der forskarane gjer greie for korleis datainnsamling vil gå føre seg, kva metodar ein vil bruke, korleis datasetta vil bli merka og lagra, og korvidt dei vil bli gjort tilgjengelege for andre.

– EU nyttar seg av ei nettbasert løysing utvikla av Digital Curation Centre i Storbritannia, der forskarar enkelt kan lage planar og skreddersy dei for sine føremål. Det er ein god stad å gå for å lære kva ein datahandteringsplan bør innehalde, seier Qvenild.

Treng praktisk hjelp

Forskingsrådet meiner at dersom datadeling skal bli ein innarbeidd praksis, slik dei fleste ønskjer, må institusjonane spele ei viktig rolle i å hjelpe forskarane med praktisk tilrettelegging i den fasen ein no går inn i.

– Også fleire og fleire tidsskrift krev at forskarane gjer rådata tilgjengelege i samband med publisering av resultata. Dette er i ferd med å kome på alle fagfelt.

Både datadeling og open tilgang til forskingsartiklar er ledd i Kommisjonen sitt arbeid med det ein kallar Open Science. I Horisont 2020 har det heile tida vore eit ufråvikeleg krav at forskingsartiklar skal publiserast med open tilgang. No blir altså deling av data også forventa, men med opning for reservasjon.

I Noreg presenterte eit utval ei rekkje framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar på forsommaren. Framlegget er no ute på høyring med høyringsfrist første november.