Det er stort drama i menneska sitt forhold til bjørnen.
den-byr-kratiserte-bj-rnen

Fakta

Ole Jakob Sørensen
I bjørnens spor. Kunnskapsstatus, biologi og historie
Akademika forlag, 2012
425 sider
Rettl. pris: kr 395

Omtrent 150 brunbjørnar vandrar omkring i norsk natur, dei fleste i grensetraktene mot Sverige og på Nordkalotten. Det verkar som biologen og naturforvaltaren Ole Jakob Sørensen kjenner alle saman personleg.

Denne boka er grundig som få, med 15 kapittel som krysspeilar bjørnens kompliserte samliv med menneska. Sørensen går grundig inn i bjørnens biologi, og forklarer til dømes at han har eit arealbehov på rundt 2000 km2, veg frå 150 til 200 kilo og kan bli rundt 30 år gammal. Bjørnen et mykje meir enn kjøt, og elskar skogsbær av alle slag, maur og andre flokkinsekt, plantar og honning.

Dette er i hovudsak ei bok om Statens naturforvaltning, og det er stort drama i menneska sitt byråkratiske forhold til bjørnen. Sørensen fortel nøkternt om den utryddingslovgjevinga som vart etablert på 1800-talet, ein politikk som hadde folkemeininga bak seg. Over 8000 bjørnar vart skotne mellom 1846 og 1910. Då bjørnen vart freda ved lov i 1973, var det mellom 25 og 50 dyr igjen på norsk side av grensa. Bjørnen var funksjonelt utrydda, og folkemeininga var prega av økologiske og berekraftige verdiar, noko Sørensen også er utan å seia det direkte.

Boka gjev meg nesten faktaoverbelastning. Det er statistikk på alt, til dømes bjørnens kjønnsfordeling, migrasjonsmønster og sporteikn. Boka står meir fram som eit oppslagsverk enn ei forteljing, og forsøket mitt på å lesa sidene i rekkefølgje gjekk i stå. Bjørnens biologi er eit emne som bør komma tidleg i boka, men det kjem ikkje før på side 149.

Det er i det heile tatt vanskeleg å finna fram i boka. Av alle bøker så burde denne hatt ei skikkeleg grundig indeksside, slik at den interesserte lesaren kunne gå rett til «vekt», «Russland» eller andre stikkord ein ville utforska bjørneboka etter. Heller ikkje kapitla er organiserte slik at ein får ei samla oversikt over fakta på det same området, til dømes er ikkje alle tabellane for høgd, vekt, alder og andre biologiske særtrekk samla i eitt kapittel, og eg måtte leita fram slik informasjon med mykje unødig tidsbruk.

Boka har ein herleg flora av fargetrykte illustrasjonar. Dei mange landskapsbileta gjer boka akkurat like grøn og grå som bjørnens habitat. Boka fungerer best når Sørensen fortel om eigne opplevingar i felten, til dømes då han opplevde russarane sitt usentimentale forhold til sine 35 000 bjørnar. I desse passasjane supplerer dei flotte fargefotoa forteljinga på ein engasjerande måte. Her er det foto av einslege bjørnar og bjørnefamiliar, av byttedyr, ekskrement og hi. Det er også nyttige kart med rørslemønsteret til Snåsabjørnen og andre GPS-merkte individ. Boka har ein strålande grafisk pedagogikk.

I bjørnens spor viser at menneska har gamle bamsefar under total kontroll. Me har tamt bjørnen, me veit alt om han, og me har plassert han i reservat. Bjørnen kan ikkje vera seg sjølv som art dersom han skal fungera i vår sivilisasjon. Slik sett er boka ganske deprimerande å lesa, utan at det er Sørensen sin feil.