Den nye klimaforskinga
LUKK

Den nye klimaforskinga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 4. februar 2016 kl. 09:29

Ein gong var klimaforsking noko meteorologane dreiv med. No er også juristar, psykologar og historikarar på saka.

den-nye-klimaforskinga


Same kva område av jussen ein studerer, bør ein sjå på om menneske og miljø er ivaretekne, meiner Beate Sjåfjell. Foto: Erik Norrud

den-nye-klimaforskinga


– Globalt ser vi stadig fleire praktiske døme på økonomiske system som spring ut av økologisk økonomi, seier Ove Jakobsen.

den-nye-klimaforskinga


– Klimaspørsmål blir oftare nytta som døme i tverrfaglege prosjekt utanfor sjølve klimaforskinga, seier Dag Elgesem. Foto: UiB

– Generelt kan ein seie at det har vore ei heilt naturleg utvikling, seier direktør Camilla Schreiner i Avdeling for klima og polar i Forskingsrådet.

– Det er jo nødvendigvis naturvitarane som gjer målingar og ser at no er klimaet i endring. Det må starte der. Så går ein vidare og spør kva faktorar som har noko å seie, kor stor rolle spelar sola eller skyene. Når vi så har fått ein del naturvitskaplege forklaringar, kan andre forskarar melde seg på og stille spørsmål om konsekvensar for naturen, for infrastrukturen vår, for husa våre. Og neste steg blir å spørje: Kva har desse endringane å seie for menneske og samfunn? Korleis skal vi møte dei? Og ikkje minst, korleis kan vi omstille oss og slutte med utsleppa våre?

Frå demografi til visuell kunst

Ser ein på prosjekta som har fått midlar frå Forskingsrådet sitt store program for klima, KLIMAFORSK, går mykje av pengane til naturvitskaplege prosjekt. Men mykje går også til prosjekt i samfunnsvitskap, psykologi og humaniora. «Tverrfagleg» er ein merkelapp som går att. For eksempel studerer forskarar ved Norsk institutt for kulturminneforsking samfunnsendringar i reindriftssamfunn i det nordlege Eurasia i lys av klimaendringane. Samfunnsforskarar ved Cicero senter for klimaforsking spør kva demografiske endringar i Kina får å seie for klimaet. Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet skal samfunnsøkonomar utvikle betre økonomiske modellar for å lage kostnad–nytte-analysar av klimatiltak. Psykologar ved NTNU skal, i lag med eit internasjonalt team som er så tverrfagleg at medlemmane knapt let seg kategorisere i det heile, finne ut om visuell kunst kan stimulere folk til å handle til beste for klimaet. For no berre å nemne eit lite utval.

– Over tid er klima blitt ein viktig komponent innanfor fleire område enn forsking på sjølve klimasystemet, seier Fridtjof Unander, direktør i Divisjon for energi, ressursar og miljø i Forskingsrådet.

– Skjer dette av seg sjølv fordi nye forskingsområde opnar seg, eller fordi det no er i klimaforsking at det er forskingsmidlar å hente?

– Eg vil heller seie at det skjer fordi klimaendringane grip inn i mange sektorar og samfunnsområde, og det er blitt tydelegare at vi treng ei stor kunnskapsbreidde for å kunne tilpasse oss klimaendringane og finne løysingar for å redusere utslepp. I våre budsjettframlegg har vi dei siste åra vore klare på at klima er ein viktig komponent som bør bli prioritert med forskingsmidlar i mange av programma våre, seier Unander.

Signal frå politisk debatt, frå stortingsmeldingar, frå EU og frå forskingsmiljø er med på å legge føringar for korleis programma vert innretta.

– No ser vi til dømes eit stort behov for fleirfagleg, politikkorientert forsking, og det prøver vi å få til.

Mykje av veksten kjem av at det ligg meir pengar i feltet enn før, samtidig som støtta til den frie forskinga er redusert.

Stadig raskare auke

Gisela Böhm er professor ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen (UiB), og ein av forskarane som har fått prosjektstøtte frå KLIMAFORSK. Ho har allereie forska på haldningar til klimakrisa i mange år, og fortel at talet på publikasjonar om klimaendringar innanfor psykologi og nærskylde fag har auka eksponentielt.

– Den amerikanske psykologforeininga sette i 2008 ned ei gruppe som skulle sjå på psykologien si rolle i å forstå og undersøke klimaendringane, og det har medverka til å drive fram feltet, fortel ho.

Når klimaendringar no er blitt ei strategisk satsing ved UiB, og eit prioritert felt hos Forskingsrådet, ligg alt til rette for at forskarar tek teoriane sine med seg inn på dette området.

– Mykje av veksten kjem av at det ligg meir pengar i feltet enn før, samtidig som støtta til den frie forskinga er redusert. Men klimaendringar er eit kollektivt problem, med konsekvensar som for mange er fjerne i tid og stad, og det er eigenskapar som gjer temaet fagleg interessant, seier Böhm.

Forskar på løysingar

– I starten handla mykje av klimaforskinga innanfor samfunnsvitskap og humaniora om kvifor det skjer så lite, politisk, når vi veit så mykje om klimaendringane. Det var også mykje forsking på haldningar og korleis folk tenkjer om risiko. Og mykje om mediedekning, seier professor Dag Elgesem ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB.

Han leier programstyret for forskingsprogrammet om samfunnsutviklingas kulturelle føresetnader (SAMKUL) i Forskingsrådet og har følgt med på korleis klimaendringar har spreidd seg som forskingstema i samfunnsvitskapane og humaniora. Elgesem nemner økonomi, der forskarar studerer korleis ein skal verdsette gode for framtidige generasjonar opp mot gode for oss som lever i dag, eller organisere berekraftige marknader. Fattigdoms- og utviklingsforskarar slepp ikkje unna å ha klimaendringane i bakhovudet. Statsvitarar forskar på korleis ein kan byggje institusjonar som kan handtere klimaendringane.

– Og spørsmålet om klimarettferd er noko filosofar arbeider med. Kva tenkjer vi om kva som er rettvist overfor framtidige generasjonar eller folk som bur langt unna? Historikarar studerer korleis klima har prega tidlegare samfunn. Vitskapshistorikarar ser på korleis den naturvitskaplege klimaforskinga, som er ei nokså ny form for hybridforsking, har vakse fram og funne sin plass i systemet. Klimaforsking har dessutan mange politiske implikasjonar, og tilhøvet mellom vitskap og politikk er eit eige forskingstema.

Men det at temaet grip om seg, må ikkje forståast slik at alle no driv med klimaforsking.

– Innanfor humaniora og samfunnsvitskapane er det eit mindretal som driv med klimarelaterte problemstillingar, og vi kjem ikkje dit at alle må ha eit klimaperspektiv på forskinga si. Men det er fleire og fleire fag som blir relevante. No blir det stadig meir forsking på klimatilpassing, og der trur eg vi vil sjå mest tverrfagleg samarbeid.

Endeleg kunne dei arbeide med selskapsrett og kjenne at det var viktig.

Faglege klimaendringar

Éin ting er at fleire fagfelt arbeider med klimarelaterte problemstillingar. Men har klimakrisa ført til fagleg utvikling i seg sjølv?

– Då eg starta på doktorgradsprosjektet mitt, fekk eg klar beskjed om at miljøspørsmål ikkje hadde noko i selskapsretten å gjere, seier professor Beate Sjåfjell ved Institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo.

I 2008 disputerte ho med ei avhandling om det overordna føremålet med europeisk selskaps- og børsrett. Sidan har ho forska vidare på temaet, og slått fast – hald deg fast – at det er ein myte at selskap berre er til for å skape størst mogleg profitt for aksjonærane. Tvert imot gjev selskapsretten stort rom for å inkludere langsiktige og samfunnsmessige interesser i føremåla til selskapa, og den største hindringa for dette er nettopp den sterke sosiale norma om at profitt til aksjonærane er det viktigaste.

– Då eg starta å forske på dette, bestemte eg meg for å nemne «miljø» og «selskapsrett» i same setning så ofte eg kunne, heilt til folk slutta å hoppe i stolen, seier Sjåfjell.

Økonomi i rørsle

Sjølv innanfor mastodontfaget økonomi er det endringar å spore. Det meiner i alle fall Ove Jakobsen, leiar for Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord universitet. Senteret har eksistert i ti år og er framleis det einaste i sitt slag her i landet.

– Heilt frå Adam Smith si tid har økonomifaget vorte kritisert for å leve sitt eige liv i modellar, og ikkje ta omsyn til økologi og viktige samfunnsspørsmål, fortel han.

Økologisk økonomi prøver å endre det økonomiske systemet slik at problem som ressursøyding, fattigdom – og altså klimaendringar – i utgangspunktet ikkje oppstår, i staden for å reparere dei i etterkant. I dei tjue åra fagmiljøet i Bodø har arbeidd med økologisk økonomi, har det skjedd mykje ny teoriutvikling. Rett nok mest internasjonalt, i land der problema knytt til det etablerte økonomiske systemet er meir påtrengjande.

– Økologisk økonomi er ikkje eintydig, det finst fleire skular. Såkalla termodynamisk økonomi, som legg vekt på at ressursane er avgrensa, er mest utbreidd i USA. Ein europeisk tradisjon byggjer på darwinisme og nyttar analogiar til økosystem og samspel mellom artar. Så har vi ei retning inspirert av Rudolf Steiner og antroposofien, der pengar ikkje er eit mål, men eit middel til å realisere samfunnsmessige verdiar. Og noko som blir kalla buddhistisk økonomi, som ikkje har med religion å gjere, men som legg vekt på individuell endring, det å forandre det individuelle konsumbehovet.

Då han deltok på den seinaste årlege konferansen i økologisk økonomi, i Leeds, fekk han vite at faget hans har fått innpass på fire nye britiske universitet. Det finst som masterprogram i ei rekkje europeiske land, og fleire stader i USA. Sjølv blir Jakobsen stadig oftare oppringd av folk som vil vite om alternative måtar å organisere økonomien på. Ofte er det folk frå praksisfeltet. Avfallsbransjen, helsevesenet, kommunane, bankvesenet. Men han snakkar også oftare enn før på andre akademisk institusjonar.

– Eg har ei kjensle av at systemet er meir villig til å la seg endre enn det var, seier han.

Tvinger fram det tverrfaglege

Då Beate Sjåfjell fekk napp hos Forskingsrådet til prosjektet «Sustainable Companies» i 2010, låg det pengar i potten til éin samarbeidspartnar i Finland og éin i Sverige. Ved avsluttinga av prosjektet fire år seinare leia ho eit lag på 40 personar frå 26 land over heile verda.

– Kvar gong eg snakka om temaet på konferansar, kom det folk bort og spurde om eg trong ein partnar frå deira land. Mange sa at endeleg kunne dei arbeide med selskapsrett og kjenne at det var viktig, seier Sjåfjell.

[wip4: photo=757215 width=512 align=middle]

No førebur ho seg på å ta forskinga eit langt steg vidare, inkludere fleire marknadsaktørar, ikkje berre selskap, og studere hindringar og moglegheiter for berekraftig handel i eit livsløpsperspektiv, frå eit produkt blir laga i Kina, via kjøp og bruk i Vesten til det endar på ei søppelfylling i Afrika. Denne gongen kjem finansieringa frå EUs rammeprogram for forsking, Horisont 2020.

– Her må vi inkludere både økonomi, naturvitskap, sosiologi og ei rekkje område av jussen og meir til. Det meiner eg er heilt naudsynt. Ein kan ikkje forske på slike spørsmål utan å ha planeten sine tolegrenser i bakhovudet. Klimaspørsmålet er berre eitt aspekt ved ein heilskap som også inkluderer andre tema som naturmangfald og fordelingsspørsmål. Alt dette gjer at ein treng tverrfagleg forsking, seier ho.

Men ho er tvilande til premissen om at alle no skal forske på klima fordi det er der pengane er.

– Det er ei vanleg skulding at vi forskar på klima for å få pengar, men vi måtte jobbe hardt for å grunngje at «Sustainable companies» var relevant innanfor klimaprogramma. Ein må leite for å finne dei rette utlysingane.

Politiske forskarar?

Den merksame lesaren vil no ha notert seg at både juristen og økonomen forskar for å endre eit system dei meiner ikkje fungerer. Er viljen til endring ein logisk konsekvens av at klimaendringar får meir plass i forskinga? Inviterer problemstillinga forskarane til å bli aktivistar?

Camilla Schreiner i Forskingsrådet fortel at når dei samlar folk til dialogmøte, høyrer ho mange seie at forskarar som arbeider med klimarelaterte problemstillingar, må våge å vere tydelege, at dei ikkje kan vere som andre forskarar. Fordi midlane er retta mot klima som samfunnsutfordring, er det ein føresetnad at det meste av kunnskapen skal liggje til grunn for endring.

– Det er mange som kjenner seg utfordra av det, og som tykkjer det er ubehageleg å bli konfrontert med politikk. Men dette er strategisk forsking. Resultata er meint å vere grunnlag for utforming av politikk og tiltak, og då ønskjer vi at forskarane skal vere tydelege om verdien og implikasjonane av forskinga – til skilnad frå den heilt frie forskinga, der samfunnsrelevans ikkje er noko kriterium for å få støtte, seier ho.

Beate Sjåfjell var i 2008 med på å stifte Concerned Scientists Norway. Ho fortel at dei har hatt mange diskusjonar om kor langt forskarar kan eller bør gå i å låne ut den faglege legitimiteten sin til aktivisme.

– Vi er forskarar, og måten vi kan bidra på, er ved å føre kunnskapen vår inn i debatten. Men når det ikkje er nok å skrive avhandlingar og ein og annan kronikk, meiner vi at vi også har eit ansvar for å organisere oss for å finne meir effektive måtar å få ut den kunnskapen på, seier ho.

SAMKUL-styreleiar Dag Elgesem trur det er både faglege og praktisk-økonomiske grunnar til at fleire forskar på klima, men nemner også ein annan, openberr grunn:

– Folk er interesserte i å drive med ting som er relevante.

Kanskje er det ikkje meir mystisk enn det.