Mange museumstilsette skriv artiklar. Men å skrive vitskapleg sit langt inne.

– I ein hektisk kvardag med lite tid til å forske, vil dei fleste konsentrere seg om empirien når dei skal skrive ein artikkel, og ikkje kaste bort tida på å leite etter teori og metode, seier Kathrin Pabst, leiar for fagseksjonen ved Vest-Agder-museet.

I ein kronikk i dette nummeret av Forskerforum skriv Pabst at det i ein krevjande museumskvardag ikkje er lett å halde kunnskapen om teori og metodebruk frå studietida ved like: «Flere vil derfor måtte bruke mange krefter og mye ekstra tid til å jobbe med dette i tillegg til selve innholdet, og det er gjerne her motivasjonen svikter.» Pabst har sjølv doktorgrad, og ivrar for meir forsking i musea.

– Her ved Vest-Agder-museet legg vi til rette for at dei som ikkje har NMF-godkjenning frå Norges museumsforbund, skal få produsert dei vitskaplege artiklane dei treng for å søkje om autorisasjon.

– Må bruke arbeidstida

Thorunn Lunde har jobba i mange år som konservator ved Vest-Agder-museet.

– Eg har produsert ein del artiklar som er laga for å formidle stoff til det allmenne publikummet, og eg har jobba mykje med utstillingstekstar. Men ein kan jo ikkje måle kvaliteten på desse tekstane, der eg ikkje har teke i bruk teori, seier Lunde.

Ho er motivert for å skrive vitskapeleg, og har lyst til å få NMF-godkjenning. Men berre dersom arbeidsgjevaren legg forholda til rette.

– Eg må kunne klare det innanfor arbeidstida. Tradisjonelt har det ved mange museum vore sett på som ein ukultur å stenge døra for å fordjupe seg i forsking. Det er noko ein må gjere i fritida. Men arbeidstida strekkjer ikkje til, og då er det viktig at arbeidsgjevaren viser forståing. Når eg skal begynne å skrive for å publisere vitskapleg, må eg leggje ned ein stor arbeidsinnsats for å friske opp teori og metode, og sjølve skriveprosessen kan òg vere krevjande.

Svært høg terskel

Ingun Aastebøl er konservator NMF ved Kongsvinger museum, ei avdeling ved Anno museum i Hedmark.

– Eg har alltid hatt lyst til å forske, men terskelen ein skal over, er svært høg. Etter 25 år som museumstilsett har eg skrive mange populærvitskaplege artiklar, men eg har ikkje vore van med å jobbe med teori, seier Aastebøl.

«Forsking må bli like viktig som å halde bygningane i stand.»

Det var først då Anno museum sette i gang skrivekurs at ho kom i gang med å skrive vitskapleg.

– Skrivekurset var ope for alle, og vi kunne velje emne sjølv. Det trur eg var heilt nødvendig for å kome i gang.

Men Aastebøl oppdaga raskt at i den hektiske kvardagen vart det ikkje tid til å forske.

– Når det kom til stykket, let det seg ikkje gjere, endå eg hadde ein sjef som var svært velvillig. Det er litt absurd, men eg kom først skikkeleg i gang med skrivinga då eg vart sjukmeldt og gjekk heime ei veke. Då var det ingen som forstyrra meg.

– Ein stor opptur

Anno museum har i dag forskingskoordinator og eit eige forskingsråd.

– Det er viktig å ha nokon som kan lese og kommentere tekstane. For meg var dette heilt avgjerande for å kome i mål med artiklane, seier Aastebøl.

Ho har blant anna produsert ein vitskapleg tekst i den første fagfellevurderte publikasjonen til Anno museum. No er ho i gang med to nye skriveprosjekt saman med ein kollega.

– Det ligg ein del motstand i å jobbe med teori. Ein må strekke seg. Men for meg har det vore ein stor opptur. Det kan vere ein stor bøyg i starten, men no synest eg artikkelskriving er så interessant at eg lurer på kvifor eg ikkje har gjort dette før!

Ho trur mange museumstilsette har så mykje samvit overfor alle plikter i kvardagen at det å forske, blir sett på som ein egotripp.

– Men skal ein få anerkjent at forsking er like viktig som andre oppgåver, blir ein nøydd til å bruke tid i arbeidstida. Forsking må bli like viktig som å halde bygningane i stand. Og det har ein smitteeffekt at nokon faktisk klarar det.

– Må diskutere nivå

Pabst stiller spørsmål ved om alle museumstekstar skal vere på eit like høgt nivå. Ho skriv: «Vi har jo også utvilsomt et ansvar overfor vårt publikum og for å skrive for allmennheten, i større grad enn andre forskningsinstitusjoner.»

– Som fagperson meiner eg at vi skal stille same høge krav til museumsforskarar som andre forskarar i sektoren. Men musea er fulle av viktig at kunnskap som bør bli formidla, så eg stiller spørsmål ved om vi bør revurdere standardane med dei to nivåa i teljekantsystemet. Kanskje vi burde ha fått eitt nivå til.

Les kronikken til Kathrin Pabst her.