Dette skulle dei gjerne ha visst før dei begynte på doktorgraden
LUKK

Dette skulle dei gjerne ha visst før dei begynte på doktorgraden

Av Johanne Landsverk

Publisert 14. desember 2017 kl. 15:45

– Eg ante ikkje på førehand kor aleine eg kom til å bli om arbeidet, seier Anne Øfsti.

Forskerforum skreiv onsdag om  boka Ph.d.– en veiviser: Her kan doktorgradsstipendiatar få gode råd på vegen.

– Det er vanleg å gå rundt og vente på at nokon skal avsløre at du eigentlig ikkje er flink nok og ikkje har noko i akademia å gjere, sa forfattar Silje Bringsrud Fekjær.

Les også: Fem tips til deg som skriv doktoravhandling 

Her kjem fleire tips frå forskarar om kva dei gjerne skulle ha visst på førehand.

Må ha spørsmåla klart føre seg

Nils Christian Stenseth

Nils Christian Stenseth er professor ved Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES). Han har doktorgrad i økologi og evolusjon.

– Det er jo nokre år sidan eg disputerte, for eg leverte doktorgraden i 1978. Det eg kunne ha tenkt meg å visst, er kor hardt det faktisk er å jobbe i ei forskarverd og å gjennomføre ein doktorgrad. Ikkje for det: Eg hadde uansett ikkje kome til å velje noko anna, seier Stenseth.

Han legg vekt på at nye doktorgradskandidatar må sørgje for å ha gode, interessante spørsmål når dei begynner.

– Ofte set dei i gang med å jobbe utan å ha spørsmåla klart føre seg, og då vil det jo gå gale. Ein må bruke tid på å få klarheit i kva ein faktisk skal jobbe med, og det er dei faglege spørsmåla som skal føre fram til dei gode resultata og publikasjonane. For meg sjølv var ikkje dette så problematisk. Eg hadde gode spørsmål, har det vist seg i ettertid.

– Tek tid å skrive seg til innsikt  

Anne Øfsti er førsteamanuensis ved VID vitskaplege høgskole, og har doktorgrad i systenisk psykoterapi.

Anne Øfsti

– Eg skulle gjerne visst at det tek så lang tid å skrive seg til innsikt. Det å skrive og forske er ein mykje lengre prosess enn ein kan førestille seg på førehand, og det er undervegs i skriveprosessen at noko skjer.

Øfsti hadde ikkje tradisjonell stipendiatstilling, og tok doktorgrad ved sidan av jobb.

– Då vart tidsrammene uklare, og det var viktig å bli skjerma frå dei vanlege arbeidsoppgåvene. Først då eg fekk ein lengre periode med skrivetid på slutten, klarte eg å bli ferdig. Det eg også gjerne skulle visst meir om, var rettleiarsituasjonen. Det var vanskeleg å vite kva eg kunne forvente av ein rettleiar. Eg skreiv ein monografi, og samarbeidde ikkje med andre. Og eg ante ikkje på førehand kor aleine eg kom til å bli om arbeidet, seier ho.

– Som eit slag i ansiktet

Arnfinn H. Midtbøen er forskar ved Institutt for samfunnsforsking og sit i styret for Akademiet for yngre forskere. Han har doktorgrad i sosiologi.

– Det eg gjerne skulle ha visst, og som hadde gjort livet litt lettare ei stund, er kor vanleg det er at innsende forskingsartiklar blir refuserte. For mange unge, og meg sjølv inkludert, var det første avslaget på ein artikkel som eit slag i ansiktet. Det blir ikkje snakka noko særleg om at dette er ein viktig del av den akademiske systemet, og at dette er noko alle opplever, også toppforskarar. Men det eg verkeleg skulle ønske eg hadde visst den gongen, er kor stort privilegium det er å få skrive ein doktorgrad. Sjølv om det kunne vere tøft, kunne eg sitje i tre–fire år og jobbe konsentrert med same prosjektet. I dag er dette ein svunnen draum. Eg forstod ikkje då kor travel forskarkvardagen ville bli, og eg burde nytt kvar dag med doktorgraden!