– Dette vil gjere det lettare for kvinner å bli professor
LUKK

– Dette vil gjere det lettare for kvinner å bli professor

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. november 2017 kl. 14:41

Høg undervisningskompetanse vil kunne telje meir i tilsetjingsprosessen av professorar. – Veldig bra for kjønnsbalansen, meiner Curt Rice.

Kvinner publiserer ikkje like mykje forsking som menn, og dermed stiller dei svakare i konkurransen om professoropprykk. Dette kjem fram i ein kronikk i Forskerforum, der forskarane Ingvil Hellstrand og Marit Aure sett søkjelys på den skeive kjønnsbalansen blant professorar.
No ønskjer regjeringa å stille større krav til pedagogisk kompetanse ved tilsettingar og opprykk i professor- og førsteamanuensisstillingar. Ei arbeidsgruppe er alt i gang med å sjå nærare på kompetansekrava.
Curt Rice, leiar i Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen) har tru på forslaget om at undervisning skal telje meir ved professoropprykk.
– Dette vil gjere det lettare for kvinner å bli professor. Krava til professorkompetanse er i stor grad basert på kva ein har oppnådd innan forsking, og i liten grad på undervisningskompetanse. Det er betydelig forskjell i krav til forskingskompetanse for ein førsteamanusens og ein professor, men ingen forskjell i kravet til undervisningskompetanse. I dette systemet er det ikkje ei forventning om at ein professor har utvikla seg som undervisar, seier Rice.

Les også: Vurderer nye kompetansekrav ved professoropprykk.

Kvinner underviser meir
I 2016 var andelen førsteamanuensar i Noreg 47 prosent, medan andelen kvinner i professorstillingar berre var 28,2 prosent.
– Vi har framleis ein uakseptabel kjønnsubalanse blant professorar, seier Rice og viser til internasjonale forskingsrapportar som slår fast at kvinner i førsteamanuensisstillingar gjer meir enn menn både av administrativt arbeid og undervising. Dette er også grundig kartlagt i norske rapportar, blant anna i NIFU-rapporten «Kvinner og menns karriereløp i norsk forsking» frå 2012.
– Vi veit at kvinner blir bedne om å gjere meir av det ikkje-meritterande arbeidet på jobb enn menn, som til dømes undervising. Difor kan krav om meir undervisningserfaring i opprykksprosessen til professor vere eit bidrag til å minske kjønnsforskjellane, seier Rice.

Endå fleire teljekantar 
Kronikkforfattar Marit Aure er førsteamanuensis i sosiologi ved UiT – Norges arktiske universitet. Ho meiner det er positivt at undervisning skal leggast meir vekt på i akademia.

– Det viktigaste er at kvinner får nok tid til å forske, meiner Marit Aure.
Foto: Kristin Jørgenvåg

– I utgangspunktet er det ein god idé med eit breiare grunnlag for å kvalifisere seg til professor. Spørsmålet er om det å stille endå fleire krav til dokumentasjon av kompetanse og erfaring, vil bidra til å endre statusen til undervisning i akademia. Eg er redd forslaget om dokumentert undervisningskompetanse berre vil føre til fleire krav i «teljekantsystemet», seier Aure.

Ho trur likevel forslaget vil kunne slå positivt ut for kjønnsbalansen.

– Men om det blir slik at du må «selje inn» undervisningserfaringa og kompetansen din, er eg skeptisk. Det må visast skjønn i slike vurderingar, og det er alltid usikkert korleis skjønn fungerer med omsyn til kjønn, seier Aure.
Ho meiner difor det er aller viktigast at kvinner får tid til å forske.
– Sjølv om undersvisning vil få meir vekt enn i dag, er det vanskeleg i å tenke seg at internasjonal publisering skal få mykje mindre å seie for professoropprykk.

Les også: Foreslår forskingsfri etter fødselspermisjon

– Ikkje tid til publisering
Reidun Kjome er førsteamanuensis ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho vurderer no å søkje opprykk til professor.

– Utfordringa mi er at eg har hatt svært høg undervisningsbelastning i mange år, og dermed har det ikkje blitt tid og rom nok til publisering. Slik sett hadde det vore bra for meg om undervisning hadde gitt utteljing ved søknad om opprykk. Men det spørst litt på kva du ønskjer at ein professor skal vere, for det skal jo også vere ein person med ei viss mengde publiseringserfaring. Og det skal vere samanliknbart med andre land, seier Kjome.
Ho meiner forslaget frå regjeringa er interessant.

– Krav til pedagogisk kompetanse kan motivere menn til å dele undervisningsbelastninga, seier Reidun Kjome.

– Ein burde ikkje kunne bli professor utan å dokumentere god pedagogisk kompetanse, for dette er sentralt for stillinga. Spørsmålet er kanskje om dette kravet bør kome i tillegg til kravet om vitskaplig produksjon.
– Curt Rice viser til at kvinner underviser meir enn menn. Trur du forslaget vil føre til fleire kvinner i professorstillingar?
– Ja, det trur eg. Dette burde føre til at menn får større incentiv til å dele undervisningsbelastninga, noko som også kan føre til at kvinner får frigjort meir forskingstid.

Kif-komiteen arrangerer nordisk likestillingskonferansen i Oslo 8.-9. november. Meir informasjon her.