– Eg ser ikkje fordelane med å vere organisert
LUKK

– Eg ser ikkje fordelane med å vere organisert

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. april 2017 kl. 14:21

Kva får du att for å betale fleire hundrelappar i månaden til ei fagforeining?

Færre i Noreg fagorganiserer seg. Men akademia held stand, og i hovudorganisasjonane Unio og Akademikerne har medlemstalet gått opp. Likevel er det ikkje alle som ser poenget.

– Ein stor del av dei utanlandske tilsette ved fakultetet mitt er uorganiserte. Mange som kjem frå andre land, forstår ikkje at fagforeiningar kan vere noko for dei, seier Tomasz Wiktorski. Han er tillitsvald for Forskerforbundet ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger (UiS). Wiktorski kjem frå Polen, og då han flytta til Noreg, syntest han det var vanskeleg å forstå kvifor folk ved universitetet skulle organisere seg.

– I miljøa eg kjenner frå Polen og USA er det ikkje vanleg at folk med høgare utdanning melder seg inn i ei fagforeining. Berre dei som ikkje har utdanning, er organiserte. Sett frå mitt perspektiv, hadde fagforeiningane eit dårleg rykte, seier Wiktorski.

– Det er viktig å organisere seg for å støtte sakene fagforeiningane arbeider for, seier Tomasz Wiktorski. (Foto: Elin Bardal)

No har han budd i Noreg i ni år, og har fast jobb som førsteamanuensis ved UiS. Wiktorski er ein av få tillitsvalde ved UiS med utanlandsk bakgrunn.

– Men det tok fire–fem år før eg forstod kvifor eg burde vere organisert, seier han.

Ved fakultetet jobbar også Luis Evangelista, som kom til Noreg for halvtanna år sidan. Han har fast stilling som førsteamanuensis ved UiS.

– Eg kjem frå Portugal, og der er fagforeiningane svært politiske. Dei tilhøyrer venstresida, og majoriteten av medlemmene er knytte til kommunistpartiet, seier Evangelista.

Og det er ein grunn til at han ikkje har meldt seg inn i ei fagforeining:

– Eg ser ikkje fordelane med å vere organisert.

Les også: – Forskere har grunn til å være misfornøyd med lønna

Stadig fleire medlemer

Tal innhenta av Forskingsstiftelsen Fafo viser at organisasjonsgraden i Noreg generelt har gått litt ned frå 53 prosent i 2004 til 51,9 prosent i 2014. I offentleg sektor er 81 prosent av arbeidstakarane organiserte, medan berre 34 prosent i privat sektor er organiserte. Organisasjonsgraden aukar med utdanningsnivå, og i akademikaryrke og høgskuleyrke var heile 85 prosent av arbeidstakarane organiserte i 2014.

– Dette er eit veldig høgt tal. Organisasjonane får stadig fleire medlemmer, fordi det blir fleire tilsette i gruppene som soknar til Akademikerne og Unio. Stadig fleire har høgare utdanning, og mange av dei hamnar i offentleg sektor. Då er sjansen stor for at dei blir organiserte, seier forskar Kristine Nergaard i Fafo.

Tala viser også at mellombels tilsette i mindre grad er organiserte enn fast tilsette. Men gjeld dette også i akademia?

– Ja, det gjeld nok også der, men aller mest i privat og kommunal sektor. Vi har ikkje sett spesielt på akademia, der det er andre typar mellombels tilsettingar enn elles i arbeidslivet, seier ho.

Wiktorski ved UiS fortel at det stort sett er doktorgradstipendiatar og postdoktorar som er mellombels tilsette ved fakultetet hans.

– Denne gruppa har vi store problem med å rekruttere, for dei ser ikkje behovet. Dei meiner fagforeiningane ikkje kan hjelpe dei med å få fast stilling, og heller ikkje med å få høgare lønn. Og eg kan forstå dei, for det er svært sjeldan vi kan hjelpe postdoktorane med fast jobb.

Han seier mellombels tilsette også opplever ikkje å bli prioritert høgt nok i dei lokale lønnsforhandlingane.

– Men eg er ueinig i at Forskerforbundet ikkje jobbar for betre lønn. Det er takk vere organisasjonar som Tekna og Forskerforbundet at stipendiatane har den lønna dei har. Vi jobbar fram betre arbeidsforhold og lønn for alle, ikkje berre for dei organiserte.

Les også: Slik stemmer norske forskere 

– Prioriterer ikkje stipendiatar

Sofie A. E. Høgestøl er president i UiOdoc, interesseorganisasjonen for stipendiatar og postdoktorar ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Ein kan stille spørsmål ved kor mykje stipendiatar får att for vere fagorganiserte, seier Sofie A. E. Høgestøl. (Foto: Jørgen Svarstad)

 

– Inntrykket mitt er at stipendiatane ikkje blir prioriterte i det lokale lønnsoppgjøret, seier Høgestøl. Ho er sjølv ikkje organisert, fordi ho tidlegare sat i universitetsstyret og ville vere uavhengig.

 

– Erfaringa mi er at ein kan få like god lønn utan å vere fagorganisert. Eg fekk sjølv lønnsopprykk ved dei lokale lønnsforhandlingane i fjor, noko mange av dei fagorganiserte venene mine ikkje fekk.

Høgestøl meiner det er uklart korleis ein organisasjon som Forskerforbundet kan hjelpe stipendiatar og postdoktorar.

– Stipendiatar jobbar berre i akademia i tre–fire år, og heile 80 prosent fortset ikkje i jobben. Så litt av problematikken er at dei ikkje er i sektoren så lenge, seier Høgestøl.

– Men nettopp dei hadde tent på å vere organiserte?

– Ja, midlertidig tilsette er på mange måtar dei som står svakast i akademia. Stipendiatar og postdoktorar er ei veldig sårbar gruppe, som kunne hatt hjelp av å stå meir saman. Men når dei fleste ikkje får fortsetje, har mange ikkje overskott til å organisere seg. Og dei ser kanskje ikkje at det er nødvendig. Eg har ein del stipendiatkollegaer som litt kynisk spør kva dei får att for å betale fleire hundrelappar i månaden.

Høgestøl trekker også fram at internasjonale forskarar ikkje er vane med den norske til haldninga til fagorganseiring. Ho har sjølv budd i USA, der fagorganiserte ofte var folk lengst til venstre i politikken.

– Spør du amerikanarar om å «join a labour union», vil dei lett sjå det i ein amerikansk kontekst.

Les også: Når doktorgraden blir for vanskelig 

Møter ofte problem

Organisasjonssjef Joar Flynn Jensen i Forskerforbundet seier det blir stadig fleire utanlandske arbeidstakarar i akademia, og det er ei stor utfordring å rekruttere innanfor denne gruppa.

– Mange utanlandske arbeidstakarar er ikkje kjende med den norske modellen og fagorganiseringas plass i Noreg. Mange seier dei er redde for å bli oppfatta som «trouble makers» om dei fagorganiserer seg, seier han.

Også Belinda Eikås Skjøstad, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved UiO, seier at tilsette frå andre land kan vere vanskelege å rekruttere.

– Dei uorganiserte gløymer at brått kan noko skje, som diskriminering eller konfliktar, seier Belinda Eikås Skjøstad. (Foto: Erik Norrud)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Vi veit at ei stor gruppe utanlandske tilsette ved UiO ikkje er organiserte. Dei kjem frå ein annan kultur, der fagforeiningane er svake. Ofte møter dei på problem med ein gong dei kjem hit, og mange kjem i kontakt med kollegaer som ber dei om å kontakte oss, seier Skjøstad.

Ho meiner Forskerforbundet kan hjelpe stipendiatar med arbeidsvilkåra.

– Vi hjelper blant anna til ved forlenging av kontraktar. Vi gjev også råd i forskingsetiske saker, og ved diskriminering. Der er stipendiaten den svake parten.

– Men stipendiatane blir ikkje prioritert ved lokale forhandlingar?

– Dette er rekrutteringsstillingar i ei fast lønnsramme, og ikkje alle stipendiatar tek seg tid til å fremje lønnskrav. Det finst likevel døme på at dyktige stipendiatar som kjem med lønnskrav kan gå opp i lønn med vår hjelp. Ved nytilsetting forhandlar dei om lønn sjølve, og det er vanskelegare. Dette gjeld både for postdoktorar og stipendiatar, seier Skjøstad.

Les også: Så mye mer tjener du med en doktorgrad 

Ho meiner det er fleire gode grunnar til å organisere seg.

– Ved UiO er Forskerforbundet størst, og dermed blir vi også høyrde i universitetsdemokratiet. Og det dei uorganiserte gløymer, er at brått kan noko skje, som diskriminering eller konfliktar. Dette handlar ikkje berre om lønn.

Verre for gratispassasjerar

Men lønner det seg eigentleg å vere organisert? I fjor var det for første gong to forhandlingsløp. Akademikerne forhandla parallelt med Unio, LO og YS. Dei uorganiserte var med i det sistnemnde løpet.

– I dei lokale forhandlingane ved UiO jobbar vi for at medlemmene våre skal få størst mogleg del av potten, for dei uorganiserte er jo gratispassasjerar. Men det er arbeidsgjevarens ansvar å sikre at også dei uorganiserte har ei lønnsutvikling, seier Skjøstad.

– Kvifor lønner det seg å vere fagorganisert?

– Slik lønnssystemet er bygd opp i dag, vil dei organiserte stå sterkare. I lokale lønnsforhandlingar sender vi inn krav for våre eigne medlemmer. Har ein arbeidsgjevaren med seg, og i tillegg sender krav til Forskerforbundet, ser vi at det ofte gjev resultat.

Kristine Nergaard i Fafo trur at forhandlingssystemet bidreg til at organisasjonsgraden held seg høg.

– Tidlegare, då ein større del av lønnstillegga vart fordelte sentralt, fekk ein same tillegg om ein var organisert eller ei. Men utviklinga mot større vekt på lokale forhandlingar har gjort det vanskelegare å vere gratispassasjer. I dag er du avhengig av at arbeidsgjevaren verkeleg synest du har fortent pengane.

Ueinig med fagforeiningane

Det finst ulike grunnar til ikkje å organisere seg. Rune Dahl Fitjar er professor ved Handelshøgskolen ved UiS, og som fleire andre ved instituttet er han ikkje medlem i ei fagforeining.

– Eg har tidlegare jobba i instituttsektoren, der det ikkje var så vanleg å organisere seg. Og ved UiS har eg opplevd at interessene mine ikkje samstemmer med interessene til fagforeiningane. Difor har eg vald å stå utanfor, seier Fitjar. Han seier det likevel ikkje er utenkeleg at han melder seg inn ved eit seinare tidspunkt.

– Eg er ikkje prinsipielt imot fagforeiningar. Men ved UiS har dei blant anna vore veldig imot å innføre bonus for publisering i gode vitskaplege tidsskrift. Det er slike ting som har gjort meg vart litt uvennleg innstilt.

– Ville det hatt noko å seie for lønna di om du var organisert?

– Om eg skulle melde meg inn i ein organisasjon, måtte det vere for å få betre lønn. Det er noko med strukturen vi har på lokale lønnsforhandlingar her, der fagforeiningane forhandlar med leiinga om ein pott, og dei uorganiserte får resten. Dette talar for å organisere seg.

Mange organiserte: meir lønn

Ifølgje britiske og norske forskarar er det ikkje eige medlemsskap som bestemmer lønna i Noreg, men kor mange tilsette på arbeidsplassen som er fagorganiserte. Harald Dale-Olsen ved Institutt for samfunnsforsking (IFS), har leia forskingsprosjektet som har samanlikna arbeidslivet i Noreg og Storbritannia.

– I Noreg lønner det seg heilt klart å jobbe på ein stad med mange fagorganiserte. Med meir enn 25 prosent organiserte, er vinsten over 15 prosent. Vinsten er den same om du sjølv er organisert eller ei, seier Dale-Olsen. Han fortel at dei fleste arbeidsstadene i Noreg har delteke i undersøkinga.

Dale-Olsen seier det er lange tradisjonar i Noreg for at arbeidstakarar bør fagorganisere seg, og arbeidstakarane kan krevje tariffavtale når ti prosent av arbeidsstokken innan eit område i verksemda er organiserte.

– Det er likevel overraskande at organisasjonane lokalt har så mykje å seie for lønningane i eit land med lange tradisjonar for sentrale lønnsoppgjør. Vi veit ikkje eksplisitt kvifor. Fagorganisasjonane kan vere med på å presse opp lønningane lokalt, men dei kan også bidra til å auke produktiviteten. Dermed aukar lønnsnivået både for dei organiserte og uorganiserte, seier han.

Forskarane har samanlikna kor mykje fagorganisering hadde å seie for lønna i 2004 og i 2011.

– Det er ei klar tendens til at effekten av å vere fagorganisert er sterkare i 2011 enn i 2004.

Men det store forskjellar mellom Storbritannia og Noreg når det gjeld effekten av fagorganisering.

– I Storbritannia har prosentdelen av fagorganiserte menn gått ned, medan kvinnene held seg organiserte. Likevel har fagorganiseringsgraden ingen innverknad på lønna til kvinnene. Men britiske menn tener på å jobbe ved ein fagorganisert arbeidsplass. I Noreg er vi heldigvis meir likestilte, seier Dale-Olsen.

Etterlyser meir engelsk

Marie Louise Davey har budd i Noreg sidan 2009. Ho kjem frå Canada, og jobbar som forskar ved Institutt for biovitenskap ved UiO. Davey er mellombels tilsett, og er foreløpig uorganisert.

– Eg er litt lat. Og arbeidsforholda i Noreg er veldig gode, så eg har ikkje heilt sett fordelane. Eg har aldri hatt problem eller konfliktar på jobb, seier Davey.

Ho jobbar i ei forskargruppe med fleire postdoktorar og mellombels tilsette.

– Det er ikkje så lett for oss å finne fram til informasjon om lønnssteg og forhandlingar. Eg vurderer å bli medlem i Forskerforbundet eller ein annan organisasjon, fordi dei kanskje kan hjelpe meg i lokale forhandlingar og om eg får problem med kontrakten.

Ho trur mykje av grunnen til at utanlandske forskarar ikkje blir medlemmer, er at informasjonen frå Forskerforbundet har vore på norsk.

– Då eg kom hit, forstod eg ikkje informasjonsbreva som kom i postkassa mi. Eg trur noko er i ferd med å endre seg, og at meir informasjon i dag kjem på engelsk.

Organisasjonssjef Joar Flynn Jensen seier det meste av informasjon om Forskerforbundet på nett også er tilgjengeleg på engelsk.

– Det same gjeld alt av brosjyremateriell og dei fleste politiske dokument som omhandlar stipendiatar og postdoktorar.

Flynn Jensen fortel at Forskerforbundet sentralt arrangerer fleire kurs i året for utanlandske arbeidstakarar i Noreg.

Også lokallaget ved UiO er i gang med å få meir av materialet på nettsidene på engelsk.

– Vi arrangerer kurs både på norsk og engelsk spesielt tilpassa stipendiatar. Desse kursa er alltid heilt fulle, seier hovudtillitsvald Skjøstad.

Luis Evangelista ved UiS har eitt klart råd:

– Fagforeiningane må be om eit møte med nye tilsette og fortelje kvifor det er viktig å organisere seg. Vi som er nytilsette treng informasjon. Og den vere på engelsk.

Les også: