– Eg trudde denne debatten var over
LUKK

- Eg trudde denne debatten var over

Av rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda

Publisert 5. mars 2018 kl. 12:08

Volda-rektor reagerer på utspelet frå rektor Rokne om å kutte ut dosentløpet. – Å ha og styrke dosentløypa kan også vere eit sterkt signal om at det blir verdsett å arbeide systematisk med utdanning og undervisning.

– Hurra for dosenten, seier rektor i Volda, Johann Roppen.

Eg trudde debatten om vi skal ha dosentar og førstelektorar var over, og håper den eigentleg er det. No bør vi konsentrere oss om å gjere førstelektor/dosentløypa betre og meir kjent.

Verdsett praksiserfaring

Eg håper og trur det i framtida blir fleire som går i retning av å bli dosent først og fremst fordi eg trur det er ein betre måte å verdsette praksiserfaring, undervisningserfaring og formidlingserfaring på. Dette er kritisk for læring og studiekvalitet i profesjonsfaga, for studentane og for kontakten med arbeidslivet utanfor institusjonen. Å ha og styrke dosentløypa kan også vere eit sterkt signal om at det blir verdsett å arbeide systematisk med utdanning og undervisning.

Studentar les mange, mange fleire lærebøker enn doktoravhandlingar.

Eit lite gløtt over mot det vitskapleg baserte tellekantstystemet viser at lærebøker og formidling ikkje nødvendigvis vil gje uttelling i tradisjonell forskingsorienterte kompetansevurderingar, men samtidig er læreboka ein kritisk del av fundamentet i undervisning og vil kunne vere eit viktig element i kompetansevurderingar av førstelektorar og dosentar. Og studentar les mange, mange fleire lærebøker enn doktoravhandlingar.

Dosentstipend

Ved Høgskulen i Volda har vi bestemt oss for å likestille tilsette som ønskjer å gå professorløpet og dosentløpet gjennom ei intern kvalifiseringsordning mot toppkompetanse: Professor/dosentstipend over fem år. Dei første professorane har alt kome gjennom denne løypa, på kortare tid enn dei fem åra som var sett av. Eg gler meg til den dagen den første dosenten er gjennom.

Det er isolert sett bra at krava til førsteamanuensar og professorar blir skjerpa når det gjeld undervisning. Men eg trur dette er ei ordning som det vil ta mange år før vi får sjå særleg effekt av dette, og uansett ligg dei vitskaplege krava i botnen av det heile.

  • Les meir: