Eilert Sundt-år i 2017?
LUKK

Eilert Sundt-år i 2017?

Av Forskerforum

Publisert 11. februar 2015 kl. 10:01

eilert-sundt--r-i-2017-


Eilert Sundt.

Fakta
<

Nasjonalbiblioteket har fått i oppdrag å vurdere om 200-årsjubileet for teologen og samfunnsforskaren Eilert Sundt sin fødsel skal markerast med at 2017 blir erklært som offisielt Eilert Sundt-år, skriv NTB.

Forslaget kjem frå Farsund kommune, der han vart fødd i 1817. Sundt var ein pionér i fag som demografi og etnologi, og han blir rekna som far til norsk samfunnsvitskap, ifølgje Norsk biografisk leksikon.

Sundt står bak eit stort forfattarskap om arbeidstilhøve og sosiale problem i Noreg på midten av 1800-talet.