Eit evig forskarliv
LUKK

Eit evig forskarliv

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. november 2016 kl. 10:39

Når dei går av med pensjon, kan forskinga starte for alvor.

lund-diderik-2-erik-norrud

– Eg trur det blir lettare å forske no, fordi eg slepp å bli avbroten av andre plikter og gjeremål heile tida, seier Diderik Lund. Foto: Erik Norrud

Det er siste arbeidsdag for Diderik Lund. Han har alt rydda pulten sin på det store kontoret sitt med utsikt over Blindern, som ein kan sjå ved å trykke på biletgalleriet øvst på sida. Bokhyllene får vente.

– Heldigvis får eg behalde kontoret mitt ut semesteret, så eg har god tid, seier økonomiprofessoren, som no går av etter 32 år på Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo (UiO).

Frå i dag er Lund ein fri mann: – Ja, no er det slutt på alle avtalar og plikter, bortsett frå at eg framleis skal vere rettleiar for ein masterstudent.

Så kva drøymer Lund om å finne på som pensjonist?

– Det er mykje ein kan gjere på fritida som eg ikkje har hatt tid til. Eg kjem nok til å reise ein del og vere meir på hytta. Men eg har også faglege interesser, så eg har lyst til å halde fram med å forske. Tidlegare har eg forska mykje på skatt og på skattlegging av oljeselskap, og innanfor feltet er det framleis mykje å forske på. I faget mitt kan ein forske utan store kostnader, for eg er ikkje avhengig av å kjøpe datamateriale.

Lettare å forske

Fakta
<
– Men du har ikkje spurt kor gamal eg er? Eg er berre 63 år, og går av heilt frivillig med AFP, seier Lund. Han er nemleg ikkje ein typisk UiO-professor i så måte:

Av 174 professorar som gjekk av med pensjon ved UiO i perioden 2010–2016, gjekk 154 av i samband med at dei fylte 70 år. Berre 20 personar gjekk av med avtalefesta pensjon (AFP).

– Det er ulike personlege grunnar til at eg har valt å slutte, og eg har økonomi til det, seier Lund.

No vil han få tilbod om felleskontor saman med andre pensjonistar. Og han gler seg til uavbrotne dagar:

– Slik sett trur eg det blir lettare å forske no, fordi eg slepp å bli avbroten av andre plikter og gjeremål heile tida. Men eg veit jo ikkje om eg kjem til å forske meir enn før.

På eitt av dei tre «emerituskontora» sit Atle Seierstad, Yngve Willassen og Arne Strøm. Her er dataskjermar fulle av matematiske formlar, vitskaplege artiklar skal skrivast, og bøker skal publiserast.

Strøm har vore med på å redigere stadig nye utgåver av ei lærebok for økonomar: Essential Mathematics for Economic Analysis. På pulten ligg femte utgåva, rykande fersk frå trykkeriet.

– Vi er fleire som held på med dette. Førsteutgåva på norsk vart skriven av Knut Sydsæter i 1967, og etter kvart har boka kome på svensk, engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk, ungarsk, portugisisk, tyrkisk, ja, til og med albansk!

Strøm er 75 år og er førsteamanuensis emeritus. Han gjekk av då han var 70, som dei aller fleste på instituttet. Strøm har også undervising i to veker i starten av kvart semester, men elles står han fritt til å planlegge dagane.

– Det beste er å sleppe timeplanen. Eg kan velje å vere heime ein dag om det stridregner, seier han.

Publiserer meir

På nabokontoret sit Erik Biørn og Finn Førsund. Dei avgåtte professorane stod begge i jobb til dei var 70. Biørn er 72 og er nettopp ferdig med ei stor lærebok i økonometri for eit engelsk forlag.

– Eg forskar også på metodar for å kvantifisere realkapitalen i samfunnet, eit emne eg har vore oppteken av ganske lenge, seier han.

Som pensjonist produserer han i gjennomsnitt meir forsking enn han gjorde før.

– Når ein underviser, får ein ikkje samanhengande tid til å forske, men det får ein som pensjonist. Eg orkar ikkje å sitje oppe utover natta slik eg av og til gjorde før, men no kan eg jobbe samanhengande utan avbrott og retting av eksamensoppgåver. Alt i alt publiserer eg meir, sjølv om det varierer frå år til år. I fjor publiserte eg tre artiklar, seier Biørn.

Forskjellen er at no har eg tid til å jobbe mykje grundigare med forskinga.

Førsund fyller snart 73 år, og også han har like stor produksjon som tidlegare.

– Det blir ein eller to artiklar kvart år. Forskjellen er at no har eg tid til å jobbe mykje grundigare med forskinga. Så lenge eg hadde forelesingar, var det stort tidpress på begge oppgåvene, men no kan eg grave djupare, slik at sjølve forskinga vert betre.

Han har blant anna forska på effektivitet i offentleg sektor.

– I går fullførte eg eit paper om produktivitetsutviklinga ved norske universitet og høgskular. Det var eit oppdrag for Kunnskapsdepartementet, men vi som fekk oppdraget, hadde full fagleg fridom.

Saman med to medforfattarar har han skrive ein artikkel som nyleg vart akseptert i eit internasjonalt fagfellevurdert tidsskrift.

– Det som er artig for oss pensjonistar, er at instituttet får glede av dette i form av publiseringspoeng. Men sjølve får vi ikkje betalt, seier han.

– Har gode vilkår

holden-steinar-erik-norrud

– Held ein fram i jobben til ein ikkje har meir å gje, har ein vel jobba for lenge? spør Steinar Holden. Foto: Erik Norrud

Instituttleiar Steinar Holden seier publikasjonar utført av pensjonistar gjev inntekter til instituttet.

– Pensjonistane er ein del av det faglige miljøet, og deltek på forskingsseminar og liknande. Vi har jo også utgifter knytt til pensjonistane, som kontorplass, pc-ar og kontormateriell.

Han meiner emeritusane ved instituttet får gode vilkår.

– Dei som forskar, får støtte til å delta på konferansar og til kjøp av datamateriale, seier han.

Han seier det ikkje er Økonomisk institutt som har mest avgang ved UiO for tida.

– Er det likevel eit problem at kompetanse forsvinn?

– Ja, viktig kunnskap blir borte. Samtidig kjem ny kunnskap inn. Når éin sluttar, får vi frigjort ei stilling, og det kan bli plass til yngre krefter. I dagens samfunn er det endå meir bruk for den nye kompetansen. Men blant dei som går av, er mange svært dyktige, og nokre av dei får vi framleis glede av. Vi har fleire som underviser sjølv om dei er pensjonistar, seier Holden.

– Ville slutta på dagen

Harald Goldstein er ein av dei. Trass i at han er 73 år, underviser han som før:

– Eg har ansvar for eit heilt kurs, med to forelesingar i veka, eksamen og alt som følgjer med. Det er i praksis den same arbeidsmengda som då eg var i full jobb. Forskjellen er at eg får timebetalt og berre har pensjonistlønn. Men det er moro å undervise, så eg har lyst til å halde på litt til.

For nokre år sidan fekk Goldstein pris for beste undervisning ved instituttet.

– Eg har fått god tilbakemelding på undervisninga, og eg treng pengane, så dette er ein vinn-vinn-situasjon. Men dei fleste har nok såpass bra pensjon at dei heller vil bruke tida på eigne forskarinteresser, seier Goldstein, som sjølv er statistikar. Han tek konsulentoppdrag og hjelper til i andre forskingsprosjekt.

– Men identiteten min har i svært liten grad vore knytt til jobb, eller Noreg for den saks skuld. Det viktigaste med jobben er at han skaper glede og inntekt. Tittelen min som statistikar eller universitetstilsett betyr ingenting for meg. Eg ville utan skruplar ha slutta på dagen om noko anna spennande hadde dukka opp.

Finn Førsund seier jobben har blitt ein del av identiteten hans:

– Det er difor eg held fast på å dra på forskingskonferansar, for då får eg halde ved like forskaridentiteten min. Men det blir stadig vanskelegare å få fullfinansiert deltaking på konferansar. Dei unge blir prioritert, seier Førsund.

– Som pensjonist kunne du ha dyrka ein hobby?

– Når ein vel ein forskarkarriere, blir gjerne hobby og karriere smelta saman. Når eg ligg på ei badestrand ved Middelhavet, pønskar eg heile tida på eit forskingstema. Det gjeld å tenke ut nokre gode idear, og dei kan like godt dukke opp på stranda.

Han kjenner ingen som har brote over tvert og begynt med noko heilt anna.

– Nei, ingen professorar, men nokre av lektorane ser vi ikkje meir til her oppe.

Satsa på kunsten

fougner-amelie-4-johanne-landsverk

– Eg la grunnen for ein kunstnarkarriere for tjue–tretti år sidan, seier Amelie Fougner. Foto: Johanne Landsverk

Då er det kanskje annleis for lektorane? Men Erik Dahlgren, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), seier trenden er den same der:

– Eg har inntrykk av at dei fleste held på så lenge dei kan. Kanskje spesielt professorar og førsteamanuensar, men mange av lektorane held også ut.

Han fortel at høgskulen har bortimot 300 tilsette som nærmar seg sluttalderen.

– Det finst nokre som seier takk og farvel når dei når pensjonsalderen, men dei fleste er så genuint interesserte i faga sine at dei fortset å jobbe også etter fylte 70. Dei fleste som går av, får tilbod om kontorplass på seniorsenteret. Mange pensjonstar er svært ivrige og deltek i ulike forskingsprosjekt.

Eg ville gå av medan eg framleis hadde kraft i meg til å jobbe seriøst med biletkunst.

Amelie Fougner var tilsett som førstelektor i sosialpedagogikk ved barnevernsutdanninga ved HiOA. Då ho fylte 68 for tre år sidan, slutta ho i jobben for å satse på biletkunsten.

– Eg har jobba parallelt med biletkunst ved sida av jobben som førstelektor, så eg la grunnen for ein kunstnarkarriere for tjue–tretti år sidan. For meg var det viktig å ikkje slutte med eit brak utan å vite kva eg skulle drive med etterpå.

– Men endeleg kunne du drive med det du hadde lyst til?

– Eg visste at eg skulle halde på med kunst, men likevel var eg i tvil om eg skulle fortsette i jobben til eg fylte 70. Eg dreiv med forskingsarbeid innanfor pedagogikk, noko eg likte svært godt. Men eg ville gå av medan eg framleis hadde kraft i meg til å jobbe seriøst med biletkunst.

Før ho slutta fekk Fougner bygd seg eit atelier på loftet over leilegheita. Så i staden for å gå på seniorsenteret for å forske, går ho på loftet sitt for å måle.

No deltek ho på utstillingar, og lever i eit aktivt kunstnarliv i eit fagmiljø med andre biletkunstnarar.

– Vi lever jo lange liv, og ein må fylle det med noko som gjev meining. No har eg funne noko eg kan halde på med resten av livet!

Spesielle professorar

Tove Midtsundstad, seniorforskar ved Forskingsstiftinga FAFO, seier det generelt er få som held fram i yrkeslivet etter fylte 67 år, sjølv om talet er aukande. Ho meiner det er heilt spesielt for professorar å stå så lenge i jobb.

– Elles i samfunnet er det mange som fell frå allereie før dei kan ta ut AFP eller alderspensjon frå fylte 62 år. Men dess høgare utdanning, dess seinare går ein av, det viser også internasjonal forsking, seier ho.

– Kvifor er det slik?

– Det som ofte avgjer, er helse og økonomi. I kva grad er jobben belastande psykisk eller fysisk, og i kva grad er han interessant nok til at ein vel å fortsetje? I professorgruppa vil nok mange seie at jobben er ein hobby, og difor held mange også fram som professor emeritus utan å få noko att for det økonomisk.

Midtsundstad meiner professorar er flinke til å fremje sine behov.

– Men ein kan forstå at dei som er friske og ressurssterke, også vil halde på lenger enn til dei er 70.

Men Diderik Lund synest det er bra at 70-åringar må slutte ved UiO.

– Det vil etter kvart bli eit stort problem for universitetet om mange ønskjer å fortsetje i jobben etter dei er 70. Og det er slett ikkje sikkert det er akkurat desse UiO vil ha. Alle vil velje ut frå egoistiske ønske. Heller ikkje eg går av no fordi det er til det beste for andre, men fordi det passar for meg, seier Lund, før han låser seg ut av det store kontoret sitt. Snart ventar eit trongt emerituskontor.

– Det er lenge sidan eg har delt kontor med andre, men eg trur det skal gå greitt!

 

– Pensjonistlønn er eit overgrep

Professor er rasande fordi han ikkje får fortsetje å undervise i eigne fag på masternivå.

Professor Bernt Hagtvet sit ikkje på eit bortgøymd emerituskontor på Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Dette semesteret underviser han på Yale i USA.

– Eg er så rasande på den helvetes personalpolitikken til UiO. Eg vart kalla til Yale, men fekk forbod mot å undervise på masternivå i mine eigne kurs om intellektuelle og makt, om europeisk fascisme og om menneskerettar. Fordi eg fylte 70 – utan å vere skuldig i det sjølv! Det var for «trongt» på dette nivået, som dåverande instituttstyrar så omsorgsfullt formulerte det. I klartekst vil det seie at det er ein frykt for at eg skal trekke til meg for mange studentar og dermed tømme andre sine kurs.

Men Hagtvet fekk tilbod om å undervise på «grunnfag» som han kallar det.

– Eg kunne få undervise i folkemordkurset mitt, som trekkjer til seg 200 studentar kvar vår, men til slavelønn. Det fann eg uverdig, seier Hagtvet. Han meiner såkalla pensjonistvilkår er eit reint overgrep:

– Eg kjem aldri til å akseptere slike vilkår.

Personaldirektør Irene Sandlie vil ikkje kommentere forhold knytt til einskildtilsette.

– Men tilsette ved UiO er omfatta av lov om aldersgrense for offentlege tenestemenn. Aldersgrensa i staten er 70 år.

Ho seier lova har ei unntaksordning, som opnar opp for at tilsette kan fortsetje med lønna arbeid utover fylte 70 år. UiO kan forlenge tilsetjingsforholdet om behovet for den tilsette er direkte relatert til UiOs verksemds- og kompetansebehov. Medarbeidaren kan til dømes vere ei særleg drivkraft i prosjekt, prioriterte satsingar og liknande og dermed er avgjerande for at UiO skal oppnå vidare faglege resultat.

– Når det gjeld lønn til pensjonistar, held UiO seg til retningslinene i staten, der det er eigne satsar for pensjonistlønn, seier ho.