– Lærarmasteren er eit risikoprosjekt, seier leiar Knut Ole Lysø for Forskerforbundets foreining for lærarutdanning.

Den nye masterutdanninga for lærarar er i gang. Dei tidlegare fireårige grunnskuleutdanningane for 1.–7. klassesteg og 5.–10. klassesteg har blitt femårige masterutdanningar. For regjeringa har masterutdanning for lærarar vore eit prestisjeprosjekt, og mange utdanningsinstitusjonar har lagt ned eit stort arbeid for få dei nye utdanningane på plass til hausten 2017. Utdanningsforbundet har støtta den nye masterutdanninga.

Les også: Nye lærere kan få slettet hele studielånet

Men i debatten dei siste åra har det også kome kritiske innvendingar, blant anna frå Forskerforbundets foreining for lærarutdanning. Knut Ole Lysø, leiaren i foreininga, har uttalt at det er utopisk å tru at alle som kjem inn på lærarutdanninga, skal klare ein master på same nivå som i dag. Og han står ved kritikken etter at masteren no er eit faktum:

Knut Ole Lysø ved lærarutdanninga ved NTNU.

– Ein kan spørje seg om nivået på masteroppgåvene no vil gå ned, seier Lysø, som òg er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.

– Ved lærarutdanninga ved NTNU har vi hatt masterstudium i norsk og matematikk, og det var gjennom bachelorstudiet studentane måtte vise om dei hadde gode nok karakterar og kunnskapar til å begynne på ei masterutdanning. Men dette kravet fell bort i den nye lærarutdanninga, og det er ganske spesielt med tanke på kvalitet.

– Viser liten tillit

Hedda Eia Vestad er leiar for Pedagogstudentene, studentorganisasjonen til Utdanningsforbundet. Ho er sterkt ueinig med Lysø.

– Ein tullete påstand, sier leiar Hedda Eia Vestad i Pedagogstudentene. Foto: Pedagogstudentene

– Det er ein tullete påstand, der han viser lite tillit til studentane. Eg har stor tru på at lærarstudentane skriv gode profesjonsretta masteroppgåver. Dei som kjem inn på lærarutdanninga i dag, har gode karakterar, med snitt godt over fire. Sjølvsagt er dei i stand til å skrive ei god masteroppgåve, seier Vestad.

Les også: Studentene som har tyvstartet på lærermasteren er de minst fornøyde i Norge. 

Lysø meiner desse karakterane har lite å seie:

– Det har vore heilt irrelevant kva for karakterar studentane hadde i vidaregåande. Det er kva dei har oppnådd i løpet av bachelorstudiet, som har avgjort om dei kan begynne på masteren.

– Uroa for dei som sluttar

Den nye masterutdanninga er ei integrert masterutdanning, som inneber at fag og praksis er kopla tett saman gjennom heile studieløpet. Lysø ser den femårige lærarutdanninga som eit risikoprosjekt med tanke på fråfall.

– Det er bra at lærarane får høgare kompetanse. Men lærarutdanninga er svært profesjonsretta, og studentar som dett av etter fire år, har ingenting med seg som vil telje i anna utdanning. I mange andre masterutdanningar vil ein ha bygd seg opp delkompetanse med ulike fag om ein hoppar av undervegs, seier han.

Vestad reagerer på dette, og meiner Lysø legg feil premiss til grunn for diskusjonen.

– Han tek studentperspektivet, men vi i Pedagogstudentene tenker mest på korleis vi skal få dei beste lærarane ut i skulen. Lærarutdanninga er ei profesjonsutdanning. Der kan ein ikkje shoppe fag, som i ein del andre utdanningar, men vi skal gå ut med ein heilskap.

Les også: Statssekretær om lærere: Andre yrkesgrupper ville jublet for å få videreutdanning

– Ikkje verre for lærarstudentar

Professor Elaine Munthe ved Universitetet i Stavanger (UiS) er leiar for Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) i Universitets- og høgskulerådet. Også ho meiner dagens lærarstudentar har eit godt grunnlag for å skrive masteroppgåve.

– Vi har høgare karaktersnitt på lærarstudiet enn på mange andre studium, så eg trur ikkje det skal bli vanskelegare for lærarstudentar enn for andre studentar å ta ein mastergrad. Men alle vil så klart ikkje gå ut med karakteren A, seier Munthe, som også er dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved UiS.

– Lysø peikar på at lærarstudentar som sluttar undervegs, ikkje får brukt ei halvferdig utdanning?

– Det same kunne ein ha sagt om mange andre profesjonsutdanningar, som arkitekt- eller legeutdanning. Og eg vil tru at studentar som sluttar, vil få godkjent fleire fag som dei tek undervegs.

SV støttar masterutdanninga

Den nasjonale masteren liknar mykje på masterutdanninga som vart utvikla ved Universitetet i Tromsø (UiT). Dette var eit pilotprosjekt med integrert master for lærarutdanning for 1.–7 klassesteg og for 5.–10. klassesteg, og det første kullet gjekk ut i 2015.

Troms-representant på Stortinget, Torgeir Knag Fylkesnes (SV) seier han er imponert over masterutdanninga ved UiT.

– Dette er ei svært spennande utdanning. Ved UiT er det også utvikla universitetsskular som har skapt ei ny kopling mellom utdanning og praksisskular. Det er denne typen brubygging vi vil ha i framtida, seier Fylkesnes.

Les også:

– Tror du legeyrket blir mer attraktivt hvis utdanningen blir syvårig?