Er forskingsfusk farleg?
LUKK

ANMELDELSE

Er forskingsfusk farleg?

Av Av Oddgeir Osland

Publisert 4. oktober 2011 kl. 08:56

Nei, meiner Erik Tunstad, men på litt for tynt grunnlag.

er-forskingsfusk-farleg-

Fakta
<

 

Forskingsjournalistikk er ein mangslungen sjanger. Han varierer i presisjon: frå tabloid lågmål til innsiktsfull forskingsformidling, og i forteljarevne: frå det dørgande keisame til det språkleg virtuose. Korleis plasserer så Erik Tunstad si siste bok seg langs desse dimensjonane?

Skildringa hans av den vitskaplege svindelens historie er anekdotisk, ofte prega av krimromanens sujett. Historia startar arkeologisk, i den tida då manipulerte fossil kunne gje vitskapleg ære og plassere funnstaden og nasjonen i menneskeættas og sivilisasjonens vogge. Ho endar med store skandalar i vår tid, som ikkje minst har skjedd på den teknologiske og medisinske forskings- (og inntekts)fronten: kreft, aids og nanoteknologi.

Sentral er også Sudbø-saka, presentert med dramatisk innleving i prosessen og substansiell kunnskap om kva saka handla om. Bokas styrke er denne kombinasjonen av presis attgjeving av svindelens substans, eit dramaturgisk grep på teksten og historier som nesten er for gode til å vere sanne. Forteljarstemma er begeistra. Utstrakt bruk av adjektiv, og av spørjeteikn som peikar i mange retningar, kan nok begeistre mange – men vekke språkleg uro hos andre.

Samstundes er dette ei balansert bok som – i dei sakene det verkar å vere grunnlag for det – peiker på alternative tolkingar av kva som var svindel, og kva som var vitskaplege sjalusidrapsforsøk. Også «varslarane» og talerøyra deira kan ha uedle motiv: Mistenkeleggjeringa av funnet av den fossile primaten «Ida» er eit av Tunstads døme på at kjeldeukritiske journalistar – i dette tilfellet Universitas – sette i gang ein offentleg prosess der urimelege skuldingar om fusk fekk større spalteplass enn frikjenninga som granskinga resulterte i. Så sluttar også boka slik: «Det må være ubehagelig å bli utsatt for uredelige påstander om uredelighet.»

Tunstads analytiske tilnærming er prega av Charles Babbages typologi frå 1830. Han skil mellom rein bløff (ein spøk som skal avsløre den som trur på «forskinga» – jamfør Sokal-saka), forfalsking (publisering av fiktive funn), trimming (utelate uhøvelege data som ikkje ville rokka ved konklusjonen) og koking (selektivt utval av data for å støtte ein bestemt konklusjon som det ikkje er grunnlag for). Desse omgrepa er meir ein ansats enn eit rammeverk, men fungerer godt som grunnlag for Tunstads nyanserte diskusjon. Boka svarer godt på det første leddet i undertittelen: «Hvordan forskere svindler».

Men undertittelen fortset slik: «– og hvorfor det ikke er så farlig …» Kvifor ikkje? Svaret til Tunstad er at forskingas organisasjon (fagfellevurdering og kritikk) sikrar ivaretaking av vitskapens normer mot svindlarar. Boka viser då også korleis svindlarar vart avslørde til slutt, og korleis kontrollen dei seinare åra er styrkt gjennom etiske retningsliner og granskingsutval. Han meiner svindel med alvorlege konsekvensar vil verte avslørd, slik at vi stort sett står andsynes småskalaproblem grunna «mindre prangende uærlighet» (plagiat, dobbeltpublisering). Slikt kan nok ramme den avslørde eller medføre at forskarar vert feilaktig verdsette på grunnlag av publikasjonspoeng, men det er ikkje noko stort samfunnsproblem. Eller? Her er vi litt usikre – i lesesirkelen min.

Uansett gjev ikkje Tunstads eklektiske døme grunnlag for konklusjonen hans, ikkje eingong når vi avgrensar oss til eit av hovudemna hans: medisinsk forsking. Eklektisk motdøme: I The New York Review of Books nr. 12 og 13, 2011, diskuterte Marcia Angell den nesten epidemiske veksten i diagnostisert mental sjukdom i USA dei siste tjue åra, ein vekst basert på eit kunnskapssyn der medikamentell effekt er forklaringa på årsaka til sjukdommen. Blant bøkene ho tek opp, er Irving Kirschs studie av antidepressiva, som viste at dei berre var marginalt meir effektive enn placebo, og at denne skilnaden kunne forklarast med at pasientane registrerte biverknadene som teikn på at medikamenta verka. Analysane baserte seg på alle kliniske studiar som farmasøytiske firma hadde overlevert FDA (tilsvarande Statens legemiddelverk). For legemiddelfirma som ønskte å få godkjend eit medikament for sal, derimot, ville det normalt vere tilstrekkeleg å kunne dokumentere to studiar som viste at det var meir effektivt enn placebo, og få desse publiserte i medisinske tidsskrift. Meta-analytisk sett er dette «koking». Og gitt moglegheit for store inntekter er mange medisinske forsøk ei god investering.

Eg har ikkje føresetnader for å vurdere Angell/Kirsch sine vurderingar. Poenget mitt er at det er slike spørsmål og undersøkingar Tunstad måtte ha diskutert for å kvalifisere svaret på spørsmålet om «juks er farleg» – og det tilgrensande spørsmålet om kva som er haldbar kunnskap.

Tunstad har skrive ei leseverdig bok om korleis forskarar svindlar, men han har ikkje godt,020101gjort tesen om at juks ikkje er så farleg. Derimot har han stillteiande stadfesta grensa og skilnaden mellom forsking og forskingsjournalistikk – og vist kor han sjølv har overskride denne grensa.