– EU-forsking utvidar horisonten
LUKK

– EU-forsking utvidar horisonten

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 24. juni 2016 kl. 08:30

Pengane er ikkje det viktigaste argumentet for å få norske forskarar til å delta i EU-prosjekt, meiner leiaren av NTNUs Brussel-kontor.

På bordet på kontoret sitt i Brussel har Massimo Busuoli ei 17. maisløyfe liggjande. Denne våren har han feira sitt livs første 17. mai.

– Eg er tilsett ved ein norsk institusjon og tykkjer det høyrer med å setje seg inn i språket og kulturen. Men særleg mykje norsk kan eg ikkje enno, seier han, og motseier seg sjølv umiddelbart ved å ramse opp med feilfri uttale: «Hei, jeg heter Massimo, jeg arbeider for NTNU».

Vil auke vinnarsjansane

For knappe to år sidan byrja NTNU vurdere å etablere eit kontor i Brussel. Då hadde regjeringa nyleg lansert sin EU-strategi for forskings- og innovasjonssamarbeid, der målet er at to prosent av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal hamne på norske hender. Allereie i september 2015 var Brussel-kontoret eit faktum, og Busuoli har vore på plass som leiar frå januar i år. Universitetet i Bergen og Sintef etablerte sine eigne kontor parallelt. Dei ligg alle i same bygg og vart opna same dag med eit felles opningsarrangement.

Kva vonar institusjonane å oppnå med å vere til stades i Brussel, som dei ikkje kan oppnå frå Noreg?

Brusselkontoret til NTNU, UiB, Sintef og Geelmuyden-Kiese.

NTNU, UiB og SINTEF har alle flytta inn i Rue du Trône i Brussel. Foto: Kjerstin Gjengedal

– I Brussel kan du snakke med heile Europa berre ved å krysse gata, seier Busuoli.

– Ved å vere til stades her, får du ei stemme. Du kan påverke Kommisjonen sine strategiar og vere med på å avgjere kvar pengane skal gå. Då er du halvveges til gjennomslag når du seinare søker på midlane. Dessutan er det lettare å gjere seg synleg. Er du synleg, aukar sjansen for at du blir invitert med på samarbeid. Ein kan tenkje på Horisont 2020 som eit lotteri, og det gjeld å kjøpe så mange lodd som råd for å sikre størst mogleg gjennomslag. Difor er det viktig å delta på arrangement, og å invitere sjølv.

Ein større visjon

Busuoli er frå Italia og har allereie ei lang karriere bak seg som fysikar i Agenzia nazionale per le nuove tecnologie, l’energia e lo sviluppo economico sostenibile (ENEA), ein av dei største offentlege forskingsinstitusjonane i Italia. Dei siste ti åra har han budd i Brussel og leia ENEA sitt kontor der. Han har vore involvert i EU-forsking gjennom heile karrieren og legg ikkje skjul på at det har forma han.

– Alt eg har av erfaring er basert på å arbeide i Europa. Eg har sett alle fordelane EU kan gje til forsking, og meiner verkeleg at EU utgjer ein forskjell for forskarar. Ein får ein større visjon for arbeidet.

Ein visjon kan kanskje trengst, for det kjem raskt fram at ein skal ha høg toleranse for å lese saksdokument dersom ein vil få ein fot innanfor i EU sitt forskingssystem.

– Éin av løyndomane ved ein jobb som min, er å lese europeiske dokument om forskingspolitikk og prøve å gjette kva retning dei vil gå i. Kva meiner ein eigentleg med omgrepa, og kva for institusjonar og einingar er det sannsynleg at kjem til å bli involverte? Så gjeld det å prøve å plassere seg på rett stad, illustrerer Busuoli.

Rett stad til rett tid

Det gav gode resultat i ENEA. Noko av det han er mest nøgd med, er at han greidde å organisere ein spansk-italiensk node i eit stort europeisk forskings- og industrinettverk innan råmateriale, under paraplyen til  European Institute of Innovation and Technology (EIT), som ein allereie skal vere nokså marinert i EU-sjargong for å ha kjennskap til.

– Det tok nesten tre år, med lobbyering og kontakt med moglege konsortiepartnarar og utarbeiding av prosjektforslag, men vi fekk det i hamn til slutt. Og alt starta på eit kontor som dette, då eg las eit dokument frå Kommisjonen og såg at eit slikt initiativ var i emning, seier han.

No arbeider han på same måte for NTNU, med å lese dokument, snakke med folk frå Kommisjonen og melde heim til NTNU om kva forskarane der kan prøve å peile seg inn mot. Til dømes vedtok EU ein heilskapleg Arktis-politikk i april, der forsking vil vere ein viktig bestanddel. Éi veke i månaden er han i Trondheim, møter NTNU-forskarane der og gjer sitt beste for å ufarleggjere dei lange omgrepa og ugjennomtrengelege forkortingane. Førebels konsentrerer han innsatsen sin om NTNU sine strategiske satsingsområde. Tidlegare denne dagen har han fått vite at fem NTNU-professorar har fått plass i referansegrupper i eit såkalla European Innovation Partnership for råmateriale.

– Der vil dei få vere med å utforme instrumenta innanfor EU sin råmateriale-strategi, på same tid som dei representerer NTNU ute. Så det var godt nytt.

Treng ikkje pengane

– Korleis vil du råde ein norsk forskar til å nærme seg EU-systemet?

– Er det første gong du prøver deg, vil eg tilrå å prøve som partnar i eit prosjekt først, for å lære. Seinare kan du prøve å bli koordinator. Eg meiner koordinator-funksjonen er best, då blir du mest synleg og har best sjanse til å påverke, seier Busuoli.

Når ein først kjem så langt som til å sende søknaden, er det på mange måtar i seinaste laget.

– Hugs at Kommisjonen ikkje har noko å seie når det gjeld evalueringa av søknadane. Den er uavhengig. EU har faktisk eit veldig godt og transparent evalueringssystem, etter mi meining.

NTNU har som målsetting å oppnå eit aktivitetsnivå i Horisont 2020 som tilsvarar éin milliard kroner i prosjektløyvingar for heile programperioden. Busuoli trur likevel ikkje at pengane er det viktigaste norske institusjonar har å hente i Brussel.

– Norske forskarar treng i grunnen ikkje pengane. Mange ved NTNU har aldri delteke i eit EU-prosjekt, og det er heilt i orden. Å kome inn i EU-forsking er vanskeleg og tek lang tid. Men det gjev fordelar: Ein får kjennskap til andre kulturar, lærer andre måtar å gjere ting på. Det gjev karrieremessig sjølvtryggleik. Eg var 27 år første gong eg koordinerte eit EU-prosjekt og oppdaga at eg kunne levere på nivå med dei beste i Europa. Det hadde enormt mykje å seie for meg.

Han ser ingen fordelar ved å unnlate å bryne seg mot andre verdsoppfattingar.

– Ved å involvere seg i EU-forsking, slepp ein vekk frå det som lett kan bli ein lukka, sjølvrefererande tenkjemåte.