EU lagar eigen publiseringskanal
LUKK
Annonse
Annonse

EU lagar eigen publiseringskanal

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 25. oktober 2017 kl. 10:58

Europakommisjonen planlegg å utvide satsinga på open tilgang til forsking med ei eigen publiseringsplattform.

Tidlegare i år vart det kjent at EU-kommisjonen vurderte å etablere ei publiseringsplattform der forskarar som får finansiering frå Horisont 2020 kan publisere artiklar frå forskingsprosjekta sine med open tilgang. Forslaget kom som del av kommisjonens offensive satsing på «Open Science» dei siste 2-3 åra.

No har forslaget fått meir kjøt på beina. Leiar for arbeidet med open forsking og datadeling i generaldirektoratet for forsking og innovasjon, Jean-Claude Burgelman, har annonsert at det er bestemt at ei slik plattform skal etablerast.

– Fordi heile forskingssystemet er i endring, går arbeidet med open publisering og open forsking veldig fort no. Det er lettare for oss i EU-kommisjonen å tvinge igjennom tiltak enn for berre 2-3 år sidan, og eg trur at målet vårt om hundre prosent open tilgang til forskingsartiklar stort sett er akseptert av alle forskingsfinansierande aktørar i Europa. Det er ei stor endring, sa han då han utdjupa planane om publiseringsplattforma på ein konferanse ved CERN i Sveits i sommar.

Plattforma, som førebels har fått namnet Open Science Europe (ORE), skal tilby forskarar ein rask og billeg måte å publisere fagfellevurderte artiklar frå Horisont 2020-prosjekt på. Det skal også vere mogleg å publisere såkalla preprints, artiklar som enno ikkje er fagfellevurderte, men som møter visse grunnleggjande krav til forskingsetikk og forfattarskap. Store private forskingsfinansierande aktørar, som Bill & Melinda Gates Foundation og Wellcome Trust, har nyleg lansert sine eigne opne publiseringsplattformer for forsking dei støttar. Britiske National Institute for Health Research har allereie lenge drive sine eigne opne tidsskrift, der alle som mottek forskingsstøtte frå dei, er forplikta til å publisere.

– Detaljane er ikkje på plass enno, men plattforma må ha mekanismar som støttar open og kollaborativ fagfellevurdering, og vil også vurdere å introdusere ei rekkje ulike måleindikatorar, med tanke på den debatten som foregår om «altmetrics», sa Burgelman.

– Ikkje ein dumpingplass

EU-kommisjonen krev allereie at forskarar som får støtte frå Horisont 2020, skal publisere med open tilgang så sant det er mogleg. Per i dag er mellom 60 og 70 prosent av publikasjonane ope tilgjengelege, avhengig av teljemåte, og målet er 100 prosent innan 2020. Det er meininga at ORE skal vere ein av fleire moglege måtar forskarar kan velje å oppfylle kravet om open tilgang på. Det vil altså ikkje bli obligatorisk å publisere der, og Burgelman understrekar at ORE heller ikkje er meint som eit vitenarkiv.

Les også: – Opne tidsskrift treng høgare prestisje

– Det skal ikkje vere ein dumpingplass, vi må tilby same kvalitetsstandard som andre gode publiseringskanalar. Men det skal vere eit praktisk og økonomisk attraktivt alternativ for forskarane, og det kan vere ei hjelp for forskingsmiljø som har vanskar med å finne gode opne publiseringskanalar på sine fagfelt, sa han.

Sjølve implementeringa vil bli sett ut på anbod i løpet av hausten, og ein satsar på å lansere ein betaversjon av plattforma i 2018. Burgelman la vekt på at dersom prosjektet skal lukkast, er ein avhengig av å ha forskingssamfunnet i ryggen.

– Rammeprogramma resulterer i eit enormt tal på artiklar. Det er viktig at forskarane ser nytten av dette og medverkar til at kvaliteten blir god, mellom anna gjennom fagfellevurdering. Blir ikkje systemet akseptert av forskarane, kjem det til å feile, sa han.