EU legg meir i forskingspotten
LUKK

EU legg meir i forskingspotten

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 3. mai 2018 kl. 12:59

EUs langtidsbudsjett legg opp til å bruke meir pengar på forsking, men mindre enn mange hadde vona.

Framlegget til neste langtidsbudsjett for EU, som vart presentert onsdag, legg opp til å bruke 97,9 milliardar euro på det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon. Det er meir enn budsjettet for Horisont 2020, som er på 77 milliardar euro, men langt mindre enn den doblinga av budsjettet som ei rekkje aktørar har bede om.

Langtidsbudsjettet skal gjelde frå 2021-2027.

I tillegg til det niande rammeprogrammet, som har fått namnet Horizon Europe, er det foreslått å setje av 2,4 milliardar euro til kjerneforskingsprogrammet Euratom, og 6 milliardar til fusjonsenergiprosjektet ITER.

Brexit skapar vanskar

Budsjettet har måtta ta høgde for at Storbritannia ikkje lenger er EU-medlem i den komande budsjettperioden, og EU må difor greie seg utan det vesentlege bidraget frå Storbritannia.

Det tyder at rekninga for EU-medlemskapen aukar for dei andre EU-landa, som er blitt bedne om å bidra med 1,11 prosent av EUs samla bruttonasjonalinntekt.

Sjølv om forskingsbudsjettet ikkje er så godt som mange hadde vona, er forsking eitt av få område som får ein auke i budsjettet, saman med studentutvekslingsprogrammet Erasmus+, som blir dobla til 30 milliardar euro.

Ifølgje nettstaden Science|Business har EU-kommisjonen også foreslått 4,1 milliardar til forsking innanfor militær og forsvar. Også digitaliseringsprogrammet inneheld mange forskingsaktivitetar. Til gjengjeld er tradisjonelt store utgiftspostar som landbruksstøtte og overføringar til fattigare medlemsland foreslått kutta, men noko av kuttet i landbruksstøtta er kompensert med meir pengar til forsking på mat, landbruk og bioøkonomi.

Blanda reaksjonar

Dei første reaksjonane frå forskingsverda har vore blanda. Medan budsjettauken blir sett som eit steg i rett retning, er mange skuffa over at den store auken mange hadde håpa på, ikkje kom. Universitetsorganisasjonen The Guild, der Universitetet i Oslo er medlem, seier i ei pressemelding at forslaget frå EU-kommisjonen må oppfattast som eit ambisiøst grunnlag for vidare forhandlingar, og ber EU-medlemslanda og EU-parlamentet om å auke ambisjonane og setje av 160 milliardar euro til rammeprogrammet. Også LERU (League of European Research Universities) sluttar seg til oppmodinga og seier at 100 milliardar til Horizon Europe må vere eit minimum.

Den endelege potten til forskingsføremål kan bli større dersom ikkje-medlemsland som Noreg og Sveits deltek i rammeprogrammet, slik ein reknar med, skriv Science|Business. Storbritannia har også signalisert at dei kan tenkje seg å vere med i Horizon Europe mot å betale kontingent. I så fall kan rammeprogrammet få eit endeleg budsjett på kring 120 milliardar euro.

I tida som kjem vil EU-kommisjonen leggje fram detaljerte budsjettforslag for dei ulike sektorane. Deretter skal kommisjonen, EU-parlamentet og unionsrådet forhandle om det endelege budsjettet. Dei ulike medlemslanda har ulike interesser og det ligg an til vanskelege forhandlingar. EU-kommisjonen har signalisert at ein vonar å få forhandlingane i hamn før Europaparlamentsvalet i mai 2019.

  • Les meir: