–«Excellence»-jaget gjer det freistande å fuske
LUKK
Annonse
Annonse

–«Excellence»-jaget gjer det freistande å fuske

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 8. november 2016 kl. 09:44

Likevel må vi satse på nokre få, sterke miljø, meiner Nils Chr. Stenseth.

– Det er bra å satse på nokre få, sterke miljø for å kome over den kritiske massen som trengst for å etablere eit godt forskingsmiljø lokalt. Å kunne teste idear med kollegaer over ein kaffikopp eller på eit lokalt seminar er veldig viktig, seier Nils Chr. Stenseth, professor i biovitskap ved Universitetet i Oslo og leiar for Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES). CEES er eitt av dei norske sentera for framifrå forsking (SFF).

Er samde om toppforsking

Forskerforum skreiv i førre nummer at retorikken kring «excellence» i forsking møter kritikk internasjonalt. Konkurransen om å bli mellom dei beste, skapar insentiv til å fuske, og det finst heller inga semje om kva framifrå forsking eigentleg er, meiner kritikarane. Det siste er ikkje Stenseth samd i.

– Stort sett er eg og kollegaene mine samde om kva som utgjer toppforsking innan mitt felt. Det er den ein finn i dei beste fagfellevurderte tidsskrifta, seier han.

«Talent er spreidd jamt utover, men ‘excellence’ er det ikkje.»

Han presiserer at det sjølvsagt også blir publisert dårleg forsking i topp-tidsskrifta. Men tidsskrifta hjelper ein å orientere seg i mengda av artiklar.

– Eg er berre i stand til å vurdere forsking innanfor eit lite felt, men eg har meir tiltru til dei største tidsskrifta. Rett nok kan eg då gå glipp av gode arbeid som er publiserte andre stader, og det er sant at nybrottsarbeid ofte ikkje får gjennomslag før det har gått ei tid. Forsking er eit konserverande system. Men ein artikkel finn nesten alltid ein publiseringskanal, slik at arbeidet vil bli fanga opp.

Fryktar for universiteta

– Eg meiner nok at problemet med forskingskvalitet i Noreg handlar mest om faren for at universiteta får ei svekt rolle og får for lite ressursar, seier professor Trygve Wyller ved Det teologiske fakultetet ved UiO.

Wyller var motkandidat til Ole Petter Ottersen ved rektorvalet i 2009. Då argumenterte han for at ressursane ved UiO måtte fordelast slik at alle forskarane kunne sikrast gode arbeidsvilkår, i staden for å konsentrere ressursar kring nokre få toppmiljø. Mykje av kritikken mot «excellence»-retorikken vekker minne frå den gongen, men han meiner ein debatt om «excellence» i Noreg må ta omsyn til strukturen i det norske forskingslandskapet.

– Etter kvart som norske forskarar no skal søke meir pengar frå EU, kan kanskje fleire miljø sikre seg store summar slik at dei kan hevde seg på eit internasjonalt nivå. Men eg meiner framleis at dei smartaste ideane og publikasjonane ikkje alltid kjem frå slike prosjekt, seier han.

Miljøet avgjer

Wyller trur at å konsentrere ressursar om store toppforskingssenter ikkje gjev dei beste vilkåra for fagleg fornying.

– Toppforskingssentra får jo pengane sine som resultat av fagfellevurdering frå tilsvarande forskarar, så dei representerer dei beste mellom dei etablerte. Men eg trur at dei som verkeleg tenkjer nytt, gjer det fordi dei har arbeidsro til det, på same tid som dei er tvinga til å møte tankane i det intellektuelle miljøet dei er ein del av. Og den typen miljø trur eg ein finn ved universiteta.

Stenseth er samd i at miljøet er avgjerande for kor god forsking ein kan produsere. Nettopp difor meiner han det er viktig at dei beste blir satsa spesielt på.

– Talent er spreidd jamt utover, men «excellence» er det ikkje. Det er noko ein må lære. Vi prøver jo å løyse ting som i utgangspunktet er vanskelege og kanskje uløyselege, av og til veit vi ikkje eingong kva spørsmålet er. Som leiar for eit SFF ser eg ein skilnad mellom våre studentar og dei som høyrer til andre stader. Det har ingenting med talent å gjere, men med om ein er del av eit miljø som framelskar evna til å takle faglege problemstillingar.

Fusk eit reelt problem

Stenseth gjev derimot kritikarane rett i at «excellence»-jaget og publiseringspresset kan gjere det freistande å fuske.

– Ja, det er eit heilt reelt problem, og dessverre ofte vanskeleg å oppdage. Det gjer meg av og til nervøs, for det er heilt avgjerande at forskarar kan lite på kvarandre. Blir den tilliten broten, kan mykje skje. Men igjen trur eg at dersom ein har ein lokal kultur for å teste argumenta sine mot kvarandre, så kan det redusere risikoen for fusk, seier han.