Fagmiljø teier om olje-etikk
LUKK

Fagmiljø teier om olje-etikk

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 3. mars 2014 kl. 09:52

Bør universiteta drive forsking med føremål å utvinne meir olje og gass? Medan fagfolk ved UiB har hatt ein frisk debatt, har det vore stilt ved dei andre universiteta.

fagmilj--teier-om-olje-etikk


Medan det i stor grad er forskarane sjølve som har drive debatten ved UiB, har det vore annleis ved dei andre universiteta.

Fakta
<

Det var professorar ved Universitetet i Bergen (UiB) som først lufta spørsmålet, i UiB si eiga avis, På Høyden.

Sjå òg: Strid om oljeforsking

– Professor Peter M. Haugan ved Geofysisk institutt skreiv eit kritisk innlegg om oljeforskinga før valet til universitetsstyret. Han vart attvald til styret, og gjekk dermed til vervet med eit nokså klart mandat, seier ansvarleg redaktør i På Høyden, Dag Hellesund.

Stemmer frå ulike fag

Debatten ved UiB har stort sett handla om etiske spørsmål, om akademisk fridom og om sponsing av forsking. UiB-leiinga har no bede Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) om å greie ut dei etiske sidene ved oljeforsking.

– Noko av bakgrunnen er at vi har kanskje landets sterkaste forskingsmiljø på klima her i Bergen, på same tid som vi har sterke fagmiljø på petroleumsforsking. Det legg til rette for ulike innfallsvinklar, seier Hellesund.

Ser dilemmaet

Medan det i stor grad er forskarane sjølve som har drive debatten ved UiB, har det vore annleis ved dei andre universiteta. Ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har Universitetsavisa teke opp saka ved å stille spørsmål til ulike aktørar, men frå fagmiljøa har det vore stilt.

– Eg har ikkje registrert nokon debatt på basis av utspel frå fagmiljøa ved NTNU, seier Olav Bolland, leiar for Institutt for energi- og prosessteknikk.

– Eg trur den generelle haldninga mellom mine kollegaer er at dersom Noreg sluttar å utvinne hydrokarbon, vil andre gjere det, truleg med større energiforbruk og ureining som resultat. Samstundes veit vi at oljeproduksjonen vår medverkar til å halde prisane nede og forbruket oppe. Dei fleste ser dilemmaet, men det er for tida ikkje noko debatt-tema ved NTNU.

Står om levebrødet

Ansvarleg redaktør i Universitetsavisa, Tore Oksholen, minner om at NTNU er sterkt involvert i petroleumsforsking.

– Når professorane her diskuterer petroleumsforsking, så er det levebrødet deira som er under debatt. Det er lett å diskutere etikk når ein ikkje risikerer noko. Det kan nok vere ein viss debatt internt, som ikkje kjem ut i det offentlege. Men eg trur mange sit heilt stille, og at det kjem av at det er mykje pengar involvert.

Universitetsavisa har, saman med På Høyden ved UiB og Uniforum ved UiO, ein redaktørplakat som sikrar redaksjonell fridom, uavhengig av eigarane. Oksholen meiner det er viktig å kunne pirke borti vanskelege spørsmål.

– For nokre år sidan tok vi opp NTNUs engasjement i oljeprosjektet til Statoil i Canada. Vi utfordrar folk på dette med jamne mellomrom, men får lite respons. Vi opplever ikkje obstruksjon, men togn, fortel han.

Arktisk oljesatsing

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) har ikkje eit uavhengig nyhendeorgan. I staden har det vore tilløp til debatt i lokalavisa iTromsø. UiT har nyleg etablert eit senter for arktisk petroleumsforsking, i samarbeid med mellom andre Universitetet i Stavanger (UiS).

Professor ved Institutt for fysikk og teknologi, Kristoffer Rypdal, har uttala seg kritisk til oljesatsinga i lesarinnlegg i iTromsø.

– Eg fekk tilsvar frå fakultetsleiinga, som såg på satsinga som heilt uproblematisk. Internt ved universitetet har det ikkje vore nokon debatt. Eg veit at mange er kritiske til avtalen om petroleumsforsking, for eg får e-postar om det. Så det finst eit engasjement, men det har ingen stad å kome til uttrykk, og eg trur også at mange ikkje vågar, seier han.

Rypdal har inntrykk av at det er stor skilnad på stemninga ved UiB og til dels UiO, samanlikna med Tromsø, Stavanger og Trondheim.

– Eg vil tru det kjem at av klimaforsking står sterkt i Bergen. Ved UiT har leiinga som mål at vi skal bli det nye oljeuniversitetet. Vi driv noko med klimaovervaking, men ikkje med klimaforsking i den forstand, og vi produserer heller ikkje eigne kandidatar på feltet, seier han.

Stilt i Stavanger

Ved UiS har det knapt vore debatt i det heile. Prorektor Tor Hemmingsen har ved eitt høve teke til orde i Stavanger Aftenblad for at ein bør arbeide for ei mest mogleg trygg og miljøvenleg oljeutvinning samstundes som ein forskar på fornybare energikjelder.

– Vi driv jo forsking for å svare på samfunnet sine behov, og det er i siste instans eit spørsmål om vi skal drive oljeutvinning i Noreg. Det er noko som må avgjerast på sentralt politisk nivå, seier han.