Eg gjettar kvalifisert at moderat bokmål står høgare i kurs enn radikalt som akademisk språk, skriv Kjetil A. Brottveit.

Den siste tida har språkdebatten gått livleg i Forskerforum. Ein av klassikarane er norsk vs. engelsk. Marit Greek, Jorunn Store Johansen og Kari Mari Jonsmoen, tre vitskapleg tilsette ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA), fekk til nokre gode omdreiingar i diskusjonen i førre nummer.

Redaktør Kjetil A. Brottveit

Utgangspunktet for innlegget var utsegna frå HiOA-rektor Curt Rice om at all forsking i prinsippet bør verte publisert på engelsk sidan forskinga per definisjon er internasjonal. Han meiner at ein større del av undervisinga òg bør vere på engelsk, medan lærebøkene skal vere på norsk. Dette spennet går rett inn i (identitets)striden om kva høgskular skal vere. Framleis vektlegging av profesjonsutdanningar for typiske velferdsstatsyrke som lærar og sjukepleiar, eller universitetsstrevande institusjonar med doktoravhandlingar på engelsk? Ein kan få til båe delar, men som innleggsskrivarane får fram, har modellen svakheiter. Det gjeld å sikre at studentane vert gode nok i norsk fagspråk til å fungere bra i profesjonane sine i Noreg, samtidig som engelskkunnskapane skal utviklast tidleg nok til å skrive sylskarp engelsk i ei doktoravhandling.

Les også: Skriv så bestemoren din kan forstå det 

Når eg skal skrive til ein handverkar

Dei tre debattantane skriv òg om engelsk som arbeidsspråk og løftar fram eit interessant demokratiperspektiv: «Det finnes arbeidsmiljø i norske høyere utdanningsinstitusjoner der engelsk har tatt helt over som arbeidsspråk – til og med på møter hvor det kun er norskspråklige til stede. Da blir det vanskelig for kollegaer med et annet førstespråk enn norsk å tilegne seg norskspråklige ferdigheter.»

Eg kan forstå at det for nokre utanlandske forskarar kan vere krevjande å stave seg gjennom tekstar av meg òg. Når eg skal skrive e-brev til ein handverkar i Oslo, kan det hende eg bruker bokmål. Kanskje eg ikkje tiltrur mottakaren å forstå nynorsk så godt, eller eg har skiljeveggen som reiser seg mellom oss i bakhovudet: «Herregud for ein type», trur eg kanskje mottakaren ville ha tenkt, og eg er ikkje ute etter psykososial nøling, støy og komplikasjonar, men å få tetta dekket på balkongen. Så i staden for å leggje vekt på at fritt val av målform er eit viktig demokratisk prinsipp, tilpassar eg meg og skriv bokmål: «Sprekkdannelser på balkongen.»

Les også: – Det vitenskapelige språket er og blir engelsk.

Vil ikkje tilpasse seg

Irmelin Kjelaas vil ikkje tilpasse seg. I ein kronikk skriv ho om ei tilbakemelding ho fekk frå ein norsk tidsskriftredaksjon: «En ting vi stusset litt på, var at du bruker ‘ei’, bestemt artikkel, en god del og en god del partisipp med -a ending, som vi vanligvis ikke ser i akademiske tekster.» Bidraget til Kjelaas fekk likevel passere, men ho skriv: «Jeg stusser over at en norsk tidsskriftredaksjon ser så få hunkjønnsartikler og a-endinger at disse framstår som bemerkelsesverdige.»

Språkrådet reagerer: – Hvilket århundre befinner dette tidsskriftet seg i? 

Kjelaas skriv at talemålsnært bokmål er langt mindre utbreidd enn moderat bokmål. Ho viser til ei masteroppgåve av Kjersti W. Kola om bokmålsbruk frå 1985 til 2013, der Kola finn at ei form som «utvikla» vert brukt i eitt prosent av tilfella, medan det er 99 prosent sjanse for at den rådande «utviklet»-forma er valt. Kjelaas poengterer at det talemålsnære bokmålet dermed står fram som uvanleg og markert.

Eg kjenner ein ph.d.-student som under arbeidet med avhandlinga fekk raude strekar frå rettleiaren. A-endingar var uynskte: Slik fører ein seg ikkje.

Les også: Jeg skriver på norsk med høye ambisjoner

Står moderat bokmål står høgare i kurs?

Ok, det er anekdotiske prov, eg har ikkje forska på dette. Men eg gjettar kvalifisert at moderat bokmål står høgare i kurs enn radikalt som akademisk språk. Eg gjettar vidare at dette stort sett ikkje kjem til overflata, men er ein del av ei stille sosialisering: Kvifor skrive radikalt bokmål og innføre skurr, annleisheit og ei utilsikta, indirekte tematisering av språkval og språkpolitikk, når alt ein vil, er å få artikkelen eller oppgåva vurdert, konstruktivt kritisert eller godkjent?

Språk er eitt av dei viktigaste arbeidsverktøya for forskarar. Vi treng jamlege debattar om det akademiske språket, for å gjere det betre og gjere folk meir medvitne om kva språk dei fører. Kva språk står høgt og lågt som arbeids- og fagspråk i miljøet ditt? Ta gjerne kontakt med Forskerforum om de har tips til noko vi bør utforske. Neste blad kjem 4. september, og i mellomtida bør de lese alt de kan i nettutgåva Forskerforum.no.

God sommar!

Les også: 

– Hvis «bestemor» skal forstå forskningen, vil den bli for upresis