Fleire vil bli lærarar i nord
LUKK

Fleire vil bli lærarar i nord

Av Johanne Landsverk

Publisert 17. august 2017 kl. 14:57

Men lærarstudentar for småskulen er framleis mangelvare.

Lærarmangelen i Nord-Noreg vart mykje omtalt i media i vår. Landsdelen har hatt problem med å fylle opp studieplassane på lærarutdanningane, og andelen ufaglærte lærarar har vore større enn elles i landet. No er tonen ved Universitetet i Tromsø (UiT) optimistisk:

– Vi har fleire studentar på lærarutdanninga enn på veldig mange år. Lærarstudiet har blitt veldig populært hjå oss, seier ved Odd Arne Thunberg, instituttleiar for Lærarutdanning og pedagogikk (UiT).

Les også: Disse studiene er mest populære i år 

Stort behov å dekke

I desse dagar blir lærarstudentar ønskte velkomne til ei splitter ny masterutdanning. Mange har vore spente på korleis overgangen til femårig masterutdanning ville verke inn på rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga.

UiT har tidlegare delteke i eit pilotprosjekt med integrert masterutdanning for lærararar, og det første kullet gjekk ut i 2015. Ifølgje instituttleiar Thunberg har universitetet i år stor vekst i søkjartalet til den nye masterutdanninga. UiT tilbyr lærarutdanning både i Tromsø og Finnmark, sistnemnde med hovudsete i Alta. Talet på studentar som har takka ja til opptak ved master for 1.–7. klassesteg i Tromsø har auka med 74 prosent frå 2016 til 2017. Masterutdanninga for klassesteg 5.–10. i Tromsø har ein auke på 32 prosent.

– Også i Alta er det fleire lærarstudentar enn på veldig mange år, seier han. Men om ein samanliknar talet på studieplassar med kor mange som har takka ja, er det mange plassar ledige (sjå faktaramme).

 Les også: Studentene som har tyvstartet på lærerutdanning på masternivå, er de minst fornøyde i Norge. 

– Vi må jobbe med å få endå fleire til å velje master for 1.–7., med tanke på at vi skal dekke det store behovet for lærarkrefter i fylket, seier han.

Thunberg er likevel optimistiske med tanke på framtida.

– Vi har sjølvsagt litt utfordringar i Finnmark, men det er over ti år sidan så mange lærarstudentar har starta samtidig i fylket.

Jobbar aktivt for rekruttering

Hovudtrekka er dei same litt lengre sør i landsdelen, ved Nord universitet:

– Vi er nøgde med at søkjartalet til klassesteg 5.–10. faktisk har gått opp. Men til grunnskuleutdanninga for steg 1.–7. har vi for få studentar, slik det er mange andre stader i landet, seier Egil Solli. Han er prodekan ved Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur ved Nord universitet.

Les også: – Dristig å innføre masterutdanning for lærere

Nord universitet har saman med UiT jobba aktivt for å rekruttere ungdom til lærarutdanning i Nord-Noreg. Prosjektet er gjennomført i lag med mellom anna kommunar, fylkeskommunar og vidaregåande skule.

– Vi ser at prosjektet har hatt effekt, i alle fall på grunnskuleutdanning for 5.–10. Men vi må jobbe for å få fleire til å starte på master for 1.–7., og det er ei stor utfordring, seier Solli.

Han meiner det er positivt at grunnskulelærarutdanninga har blitt ei masterutdanning.

– Dette vil heve statusen på lærarutdanninga. Vi må ha is i magen, men eg trur at om nokre år vil vi sjå ei anna utvikling når det gjeld rekruttering til lærarutdanninga og læraryrket.