– For tynt om kvalitet i langtidsplanen
LUKK

– For tynt om kvalitet i langtidsplanen

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 21. september 2017 kl. 06:22

Den reviderte langtidsplanen for forsking bør drøfte kva høg forskingskvalitet eigentleg er, meiner høyringsinstansar.

– På grunn av publiseringspresset kan ein ikkje gjere noko som er forbunde med risiko, seier Magnus Aronsen, leiar for forskingspolitikk i Akademiet for yngre forskere. Foto: Eirik Furu Baardsen

Fakta
<
Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vart lagt fram hausten 2014 med ein planperiode på ti år. Neste år skal planen reviderast, og regjeringa har bede om innspel til kva som fungerer i planen, og kva som bør endrast.

Fleire av høyringsinstansane peikar på at sjølv om planen legg stor vekt på å utvikle norske forskingsmiljø av høg kvalitet, så seier han lite om kva høg kvalitet er. Akademiet for yngre forskarar (AYF) ber i sitt innspel om at langtidsplanen må reflektere den internasjonale debatten om forskingskvalitet.

Tek ikkje risiko

– Det er god politikk at Noreg som ein liten nasjon vel å prioritere nokre utvalde felt, og skape verdsleiande miljø innanfor desse. Det vi saknar, er meir substans når det gjeld korleis ein vil oppnå desse ambisjonane, seier Jan Magnus Aronsen, leiar for forskingspolitikk i AYF, til Forskerforum.

Konkret peikar AYF på at offentlege evalueringar av forskingskvalitet tek utgangspunkt i telbare mål som siteringar, tal på publikasjonar, og publiseringskanal.

– På mitt fagområde, medisin, er til dømes ph.d.-kandidatane i praksis avhengig av å få publisert minst tre artiklar i stipendperioden. Då blir det freistande å ta kunnskap som allereie finst, og så ta eit minimalt nytt steg i ei vilkårleg retning. Det fører ikkje nødvendigvis til relevant kunnskap, men på grunn av publiseringspresset kan ein ikkje gjere noko som er forbunde med risiko.

Det gjev eit kvalitetsparadoks, hevdar Aronsen.

– Ein legg opp til høg produksjon av artiklar og doktorgrader, men samstundes veit vi at god forsking gjerne krev fleirfaglege samarbeid som får utvikle seg over tid.

Redefiner kvalitet

Internasjonalt føregår det ein aktiv diskusjon om forskingskvalitet, mellom anna med bakgrunn i at svært mange forskingsresultat, spesielt i høgt rangerte tidsskrift, har vist seg uråd å etterprøve. Det er lansert ei rekkje forslag til korleis ein kan sikre at eksperimentdesign og metode kan gjere forskingsresultat meir pålitelege. På same tid foregår det ein debatt om dagens rådande mekanismar for forskingsfinansiering eigentleg fører til forsking av høg kvalitet, eller tvertimot fører til masseproduksjon av forsking av låg kvalitet.

Les meir: Jakt på excellence skadar forskinga

– Men vi ser få implikasjonar av desse diskusjonane i norsk forskingspolitikk. Difor oppmodar vi regjeringa om redefinere kvalitetsomgrepet, og innføre insentiv som premierer god kvalitet framfor kvantitet. Kva det er, vil variere mellom fag, men i naturvitskap og livsvitskapane bør ein premiere resultat som er solide og nye og understøtta av data, og som let seg reprodusere, seier Aronsen.

Saknar forskingsetikken

Også Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) ønskjer seg ei drøfting av kvalitetsomgrepet i langtidsplanen. Det fortel leiar av komiteen, Øyvind Mikkelsen.

– Kvalitetsomgrepet går att i planen, men er ikkje definert nokon stad. Les ein planen, kan ein få inntrykk av at det dreier seg om siteringar og økonomisk gevinst. Men kvalitet dreier seg om mykje meir enn det, til dømes om korleis ein bør legge opp eksperiment for å vere sikker på at resultata er pålitelege. Det er fråverande slik planen er no, seier han.

Les meir: Hevdar forskingsmidlar blir kasta ut av vindauget

Det overordna poenget i innspelet frå NENT, er at forskingsetiske omsyn knapt er omtala i planen.

– Det er nemnt, men ikkje gjennomgåande eller på ein måte som gir retning. Vi har peikt på fleire område der vi meiner forskingsetikk bør bli betre integrert i teksten, seier han, og nemner som døme:

– Planen har sterk vekt på samarbeid mellom forsking og industri, som sjølvsagt er eit viktig tema. Men planen seier ingenting om dei potensielle problema som kan oppstå i slike samarbeid, til dømes når forskarar endrar rolle frå å vere fagekspert til å bli ein økonomisk interessent.

Basert på erfaringar frå dei sakene NENT har behandla dei siste åra, tilrår komiteen at omfanget av brukarstyrte og oppdragsbaserte forskingsprosjekt i akademia blir utgreia som ein del av eit førebyggande arbeid for å oppretthalde tillit til forskinga.

LES OGSÅ: