Offentleg finansiert forsking skal som førsteval bli publisert i opne tidsskrift. Det meiner arbeidsgruppa som foreslår nasjonale retningsliner for open tilgang til forsking.

Gruppa vart nedsett i januar i år for å få fortgang i arbeidet med open tilgang til forsking, eit område der regjeringa har vore tydeleg på at Noreg bør vere eit føregangsland.

760882.jpg
– Vi merkar enorm interesse for arbeidet frå tidsskriftforlaga. Det fortal at også små lands handlingar på dette feltet er viktige, seier Torkel Brekke. Foto: Kjerstin Gjengedal

– Den vanlegaste innvendinga mot å publisere med open tilgang, er at forskarar er avhengige av å publisere i velrennomerte tidsskrift. Dette er noko ein må tenkje på, og i rapporten foreslår vi konkret å leggje inn ein faktor for open tilgang i den norske publiseringsindikatoren, dersom den framleis skal brukast, seier nestleiar ved PRIO Torkel Brekke, som har leia arbeidsgruppa.

Han er klar over at framlegget kan vere kontroversielt fordi mange oppfattar publiseringsindikatoren som eit nøytralt kvalitetsmål.

– Men indikatoren blir allereie no brukt til å endre åtferd hos forskarane, til dømes ved å premiere internasjonal sampublisering. Så det er ikkje noko i vegen for også å premiere publisering med open tilgang.

Økonomisk utteljing

Arbeidsgruppa vil at artiklar, for å telje som ein publikasjon i det resultatbaserte omfordelingssystemet i UH-sektoren, må vere deponerte i eit vitenarkiv. Eit femtitals forskingsinstitusjonar har slike arkiv, men det varierer i kor stor grad dei blir brukte. Gruppa foreslår å etablere eit nasjonalt vitenarkiv som kan samkøyrast med dei lokale arkiva, og held fram at dei tekniske løysingane for deponering må vere så enkle at kravet ikkje fører til meirarbeid for forskarane. Deponering i vitenarkiv vil, i tillegg til å gjere open tilgang enklare, også fungere som eit «institusjonelt minne» der institusjonen sin vitskaplege produksjon kan finnast sjølv om artiklane på eitt eller anna tidspunkt skulle forsvinne frå forlaget sine nettsider.

– Vi er kritiske til korleis dagens publiseringsindikator verkar konserverande og gjer det vanskeleg for nye, opne tidsskrift å etablere seg i tidsskriftfloraen, seier Brekke.

Må unngå fallgruver

Det er ein av grunnane til at gruppa meiner det er nødvendig å innføre sterke insentiv for å publisere med open tilgang.  Samstundes åtvarar dei mot potensielle fallgruver ved overgang til publisering med open tilgang.

– Til dømes er det risiko knytt til å gå over til publiseringsavgift som grunnmodell. Det legg til rette for framvekst av mange dårlege tidsskrift som firer på kvalitetskontrollen til fordel for å publisere flest mogleg artiklar, seier Brekke.

Han peikar også på at dei nasjonale tidsskrifta må takast vare på. Ikkje alt som blir publisert der, kan betalast for av artikkelforfattarane.

Dei viktigaste framlegga frå arbeidsgruppa er:

  • Forskarar finansierte av offentlege midlar skal som førsteval publisere i tidsskrift med open tilgang.
  • Forskarar som likevel vel tidsskrift utan open tilgang, skal gjere artikkelen ope tilgjengeleg i eit vitenarkiv i løpet av kort tid.
  • Alle forskingsinstitusjonar må syte for deponering av artiklar i vitenarkiv for at artiklane skal telje i den resultatbaserte omfordelinga av midlar.
  • Alle som forhandlar med forlag om tilgang til elektroniske ressursar, må syte for at avtalane er transparante og inneheld tiltak for open tilgang.
  • Offentlege forskingsfinansierande institusjonar skal bidra til å dekke kostnader ved open publisering.

Sluttar seg til EU-mål

I slutten av mai vedtok Det europeiske rådet at alle europeiske forskingsartiklar med offentleg finansiering i utgangspunktet skal vere ope tilgjengelege frå publiseringsdato innan 2020. Arbeidsgruppa tilrår at Noreg sluttar seg til dette ambisiøse initiativet. I debatten i forkant av vedtaket i Det europeiske rådet har det mellom anna blitt lagt vekt på at open tilgang som standard, føreset eit brot med prestisjetankegangen som ligg bakom forskarane sine ønske om å publisere i dei mest velrennomerte tidsskrifta. Det er Brekke samd i.

– Arbeidsgruppa vil støtte inititativ for å finne nye måtar måle forskingskvalitet på, og gå bort frå tidsskriftranking som einaste kvalitetsmål. Å måle kvalitet er vanskeleg, men vi har ingen tru på enkeltmål. I siste instans blir kvalitet målt ved korleis arbeidet blir teke imot og brukt av andre forskarar over tid, seier han.

Akademisk ansvar

Brekke er ikkje utan vidare samd med dei som meiner at krav om open publisering går ut over den akademiske fridomen.

– Vi vil at forskarar så langt som råd skal publisere ope, men det går ikkje an å pålegge folk det. Derimot kan ein leggje inn tydelege insentiv. Men ein verkeleg akademisk fridom må også ta opp i seg akademisk ansvar. Vår forskingsproduksjon må nå ut til dei som har bruk for det, slik som helsearbeidarar, journalistar eller tilsette i offentleg forvalting. Det ansvarett ligg på oss, og mange har kanskje ikke teke det heilt på alvor, seier han.

Heile rapporten kan lesast her.