– Forkasteleg maktmisbruk frå forsvarssjefen
LUKK
Annonse
Annonse

– Forkasteleg maktmisbruk frå forsvarssjefen

Av Forskerforum

Publisert 2. mai 2016 kl. 10:02

Forsvarssjefen får skarp kritikk på Stortinget etter å ha blanda seg inn i utstilling ved Heimefrontmuseet.

Færøy, Frode hjemmefrontsmuseet heimevern (Vidnes)

Førsteamanuensis Frode Færøy ved Noregs heimefrontmuseum meiner utstillinga ikkje kan misforståast.

Grande, Trine Skei (Venstre)

– Polen kan ikkje forvente at titlane blir endra, for den vurderinga må ligge hos museet, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. Foto: Venstre

Av Johanne Landsverk

– Det er heilt forkasteleg å misbruke makta si som forsvarssjef på denne måten. Dette er noko som fagfolka ved museet skal ha myndigheit over, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande, som sit i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Den skarpe reaksjonen kjem etter at den polske ambassadøren i Noreg bad Noregs heimefrontmuseum, som er eigd av Forsvaret, om å endre tekstane i ei utstilling om andre verdskrigen. Polen meinte presentasjonen av tyske utryddingsleirar i Europa kunne villeie publikum til å tru at leirane var polske. Men museet meinte tekstane ikkje var til å misforstå, og avviste dette. Ambassadøren skreiv då direkte til forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen, og i eit svarbrev legg forsvarssjefen seg flat, og seier han skal instruere museet om å endre tekstane.

Blir sak i Stortinget

Skei Grande reagerer sterkt på dette, og støttar museet som meiner dette er brott på prinsippet om «armlengdes avstand» og akademisk fridom.

LES OGSÅ: Heimefrontmuseet reagerer på forsvarssjefens innblanding.

– Museet må, på same måte som andre forskarar, ha full forskings- og formidlingsfridom utan denne typen innblandingar. I Stortinget kjem eg til å stille eit spørsmål til forsvarsministeren, som jo er sjefen til forsvarssjefen, om det er dette synet ein skal ha på forskingsfridom og kor vurderinga rundt dette spørsmålet bør ligge.

Skei Grande synest likevel det er heilt i orden at Polen seier ifrå om sitt syn.

– At ambassadøren sender brev til Heimefrontmuseet om at dei ikkje synest titlane er beskrivande, er heilt realt. Men Polen kan ikkje forvente at titlane blir endra, for den vurderinga må ligge hos museet. Det er legitimt for ein ambassade å ønskje seg noko anna, men det er ikkje legitimt å instruere fagfolk om kva for titlar ei utstilling skal ha, seier Skei Grande.

Forstår reaksjonen

Svein Harberg (H), leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, seiar han ikkje kan kommentere konflikten om den aktuelle teksten, men han meiner det på prinsipielt grunnlag er viktig at det faglege vert handtert av dei som har det formelle ansvaret.

– Eg er ganske sikker på at forsvarssjefen ikkje har det faglege ansvaret for utstillinga, og dermed er det lett å forstå at det reagerast når det oppfattast som ein instruksjon, seier Harberg.

Han meiner forsøk på instruksjon frå andre enn dei som har myndighet til det, må sjåast på som innspel som må handsamast av fagpersonar.

– På generelt grunnlag vil eg samtidig seie at i arbeidet med formidling er jo tips og tilbakemelding frå mottakarane svært viktige innspel for å kunne nå fram med bodskapen på best mogleg måte.