Formidlingsleiar, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) held til i Tyssedal med ansvar for kraft- og industrihistorie nasjonalt og internasjonalt. Museet har arenaer i Odda og Tyssedal: Nasjonalt kulturminne Tysso I kraftanlegg, arbeidarbustader, Oddasmio, vitensenter med vitenpark og Senter for Industriarkiv. Via Ferrata opp røyrgata frå fjorden og til Trolltunga er kjende attraksjonar.

Arbeidsgiver:  Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Stillingstittel: Formidlingsleiar

Vi søkjer ein kreativ og kunnskapsrik person som skal utvikla og leia museet sitt formidlingsarbeid.
Hovudarbeidsoppgåver:
Leia formidlingsarbeidet ved museet
Utvikla museet sine aktivitetar og arenaer og ha ansvar for drifta av Odda vitensenter.
Utarbeida og gjennomføra formidlingsopplegg
Styrka samarbeidet med skuleverket
Delta i ulike prosjekt og dagleg drift. Stillinga innber personalansvar.

DU:
Trivst med utviklingsoppgåver, har strategiske evner og leiarerfaring
er utovervendt, initiativrik og likar å arbeida både sjølvstendig og i team
har utdanning på minimum masternivå innan historie eller andre relevante fag, og interesse for realfag og teknologi

Vi Tibyr:
Fleksibel arbeidstid, løn etter kvalifikasjon og pensjonsordning i KLP.

Spørsmål om stillingen

Søknadsfrist: 12.02.2018

Søk stillinge

Om arbeidsgiveren

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM)
NVIM er tematisk ansvarsmuseum for vasskraft og prosessindustri, etablert i 1989. NVIM er hovudmuseum i NVEs museumsordning. Museet er aktivt i nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Regionsenteret Odda ligg mellom to nasjonalparkar inst i Hardangerfjorden. Det snøsikre fjellparadiset i Røldal/Seljestad ligg nær sentrum. Kommunen har eit sterkt industrimiljø med høgteknologiske hjørnesteinsbedriftar og gode skule- og kulturtilbod. Odda og Tyssedal har ei levande og rik industrihistorie.