– Forskarane står i ein vanskeleg spagat
LUKK

– Forskarane står i ein vanskeleg spagat

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 26. november 2017 kl. 17:31

Retningsliner som oppmodar om å vurdere forskarar på bakgrunn av forskingskvalitet i staden for kva tidsskrift dei publiserer i, blir ikkje brukte av norske institusjonar.

Fakta
<
Eitt av fleire stridstema i føljetongen om omorganiseringane i SSB, har vore bruken av nivåa i teljekantsystemet for å vurdere om enkeltforskarar skal få halde fram i forskingsavdelinga eller ikkje.

I forskingsverda er det generell semje om at forsking bør vurderast på andre måtar enn ved å telje kor mange artiklar ein gitt forskar har publisert i nivå 2-tidsskrift, men det er likevel vanleg å nytte tidsskrift som kvalitetsindikator. Eitt av initiativa som skal bøte på denne praksisen, er The San Francisco Declaration on Research Assessment (DORA), som vart utforma i 2012. Dette er enkle retningsliner for forskingsevaluering, retta mot aktørar som finansierer forsking, forskingsinstitusjonar, forlag og forskarar. Kort oppsummert seier retningslinene at avgjerder om finansiering, tilsettingar eller opprykk bør takast på bakgrunn av kvaliteten på arbeidet, ikkje på bakgrunn av kvar forskaren har publisert. Dei seier dessutan at andre bidrag, som tilgjengeleggjering av datasett og programvare, eller implikasjonar for praksisfelt eller for politikk, også må takast omsyn til.

Kan tape på open publisering

Men sjølv om alle verkar å vere samde i prinsippa, er Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet førebels einaste norske UH-institusjon som har signert DORA.

– Det gjorde vi for i underkant av to år sidan, og det skjedde delvis fordi eg pressa på for at det skulle skje, seier prorektor for forsking og undervising, Kenneth Ruud.

Det var først og fremst debatten om open tilgang til forsking som låg bakom, fortel han.

Les også: Slik skal all norsk forskning bli tilgjengelig for alle 

– For forskarane våre er det frustrerande at dersom du får pengar frå til dømes Forskingsrådet eller EU, så er dei knytt til krav om å publisere med open tilgang. Men samstundes er det ingenting som hindrar at ein blir evaluert etter kanalen ein har publisert i. Resultatet er at ved å publisere med open tilgang, så kan ein i prinsippet bli nedvurdert ved stillingssøknader fordi ein har publisert i feil kanal. DORA-retningslinene seier at det er kvaliteten på arbeidet som skal vere utslagsgjevande.

Det konkrete tiltaket UiT har sett i verk, er å instruere medlemmar i tilsettingskomitear og andre som evaluerer forskarar, om å halde seg til retningslinjene i DORA. Leiinga ved UiT nyttar dessutan ofte høve til å snakke om prinsippa bak DORA, og auke merksemda om dei i organisasjonen.

– Førebels blir ikkje dette nemnt i stillingsutlysingar, men det burde vi jo gjere. Når det gjeld dette med å ta i bruk eit større spekter av kriterium, slik DORA oppmodar til, så er vi ikkje komne veldig langt i å operasjonalisere dette. Vi har signert, og no jobbar vi med å finne ut kvar vi står og kva som må gjerast, i tillegg til å instruere dei som evaluerer, seier Ruud.

Men, legg han til, det er ei utfordring at sjølv om institusjonen sjølv har signert DORA, så har dei viktigaste kjeldene til ekstern finansiering, som Forskingsrådet, ikkje gjort det.

– Difor ønskjer vi at aktørar som Forskingsrådet og Det europeiske forskingsrådet også skal signere. Eg tykkjer det er viktig, fordi forskarane står i ein vanskeleg spagat.

Les også: – Det er et paradoks at skattebetalerne ikke får tilgang til forskningen min 

Vil sikre oppfølgjing

– Vi kjem til å signere DORA, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

– Men vi vil vere sikre på at vi også kan implementere prinsippa i erklæringa. Vi treng å lage klare retningsliner både for fagekspertane som skal vurdere prosjektsøknadane som kjem inn, og for panela som gjer dei større fagevalueringane. Vi vil sikre at vi kan etterleve det vi signerer.

– Eit vanleg argument for å bruke publiseringskanal som kvalitetsindikator, er at det er enkelt og lite ressurskrevjande. Vil DORA-retningslinene medføre større ressursbruk?

– Det trur eg ikkje. Det dreier seg jo for det meste om prosjektsøknader. For å vurdere ein søknad, les ein uansett ikkje mange artiklar, ein les først og fremst søknaden og vurderer forskarens bakgrunn.

Røttingen trur det er forskingsinstitusjonane sjølve som spelar størst rolle når det gjeld å implementere prinsippa bak DORA.

– Det aller viktigaste området er nok vurdering til faste vitskaplege stillingar. Det er der standarden blir sett for kva som skal telje. Ei stilling er jo i mykje større grad avhengig av den totale produksjonen og bidraga til den enkelte forskaren enn ein prosjektsøknad er. Og ved rekruttering meiner eg det er viktig at vurderinga frå ein ekstern komite ikkje bør vere siste ord. Intervju er minst like viktig ved vitskaplege stillingar som ved andre typar stillingar. Då vil ein kunne få betre fram om vedkommande tilfører andre typar bidrag, og korleis vedkommande passar inn i fagmiljøet.

Les også: Steinar Holden mener SSB er for opptatt av publisering

Ønskjer ikkje sentrale retningsliner

Viserrektor Åse Gornitzka. Foto: Anders Lien, UiO.

– Alle er samde om at publiseringskanal ikkje skal vere einaste bedømmingsgrunnlag, seier viserektor for forsking og internasjonalisering ved Universitetet i Oslo (UiO), Åse Gornitzka.

– Vi har ikkje signert DORA, men vi har heile tida diskusjonar om korleis ein skal praktisere faglege vurderingar ved til dømes opprykk og rekruttering. Vi påleggjer ikkje alle fagmiljøa dei same sentrale retninglinene.

Ho peikar på at det er store skilnader mellom fagmiljø, og nokre stader vil bibliometriske indikatorar spele ei større rolle i vurderingane enn andre.

– Får du fleire hundre søkarar til ei stilling, treng du silemekanismar, og då kan bibliometri nokre gonger inngå som ein del av dette.

– Korleis kan ein best handtere motsetnadene i systemet, til dømes når forskarar både blir bedne om å publisere med open tilgang, men samtidig blir vurderte på bakgrunn av kvar dei har publisert?

– Vi har ikkje éin sentral UiO-måte å handtere dette dilemmaet på, men det er ingen tvil om at det er eit dilemma, som vi kjem opp i kvar dag. Vi kjem sjølvsagt til å følgje spent med på om Forskingsrådet signerer DORA. Det interessante er korleis prinsippa i erklæringa blir forvalta. Det er ingen tvil om at ordninga med fagfellevurdering er under press på grunn av den massive produksjonen av artiklar, det har eg sjølv erfart som tidsskriftredaktør. Vi er veldig merksame på utfordringane ved kvalitetsvurdering av forsking, seier Gornitzka.

Les også: