Forskarar stemmer ikkje som folk flest
LUKK
Annonse
Annonse

Forskarar stemmer ikkje som folk flest

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. september 2017 kl. 17:17

Sjå kva for parti forskarane stemmer, og kvifor. – Eg var i tvil, seier Thomas Hylland Eriksen.

Om forskarane fekk bestemme, ville Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vore meir enn sju gonger så store som Frp, og Arbeidarpartiet og SV hadde fått fleirtal på Stortinget. I alle fall om ein skal tru ei medlemsundersøking gjennomført av Forskerforbundet i januar.

Av undersøkinga las valforskar Bernt Aardal at klimasaka er viktig for forskarar, sidan så mange som over 30 prosent oppgav at dei ville stemme på SV, MDG eller Venstre.

Berre 1,1 prosent ville stemt på Siv Jensens parti.

–  Det overraskar meg litt. Når vi ser på praktisk politikk, har Frp på Stortinget og i regjeringa hatt ei rekordhøg satsing på forsking og utdanning, sa Frps fraksjonsleiar i utdannings- og forskingskomitéen på Stortinget Bente Thorsen til Forskerforum.

Nederst i artikkelen kan du sjå korleis forskarane svarte i undersøkinga.

Men kva vil forskararne stemme på den 11. september? Forskerforum har spurd nokre tilsette i akademia kva parti dei har vald. Nokre av dei er politisk aktive, andre ikkje:

Sofie A. E. Høgestøl (sjå bilete i starten av artikkelen) er leiar i UiODoc, organisasjonen for stipendiatar og postdoktorar ved Universitetet i Oslo (UiO) og stipendiat ved Norsk senter for menneskerettar, UiO. Ho står på stortingslista til Venstre:

– Venstre prioriterer utdanning og forsking, og fekk gjennom elleve månaders studietøtte, noko som har vore ei hjartesak for meg. Venstres politikk når det gjeld menneskerettar er også ein svært viktig grunn til at eg stemmer dette partiet.

Foto: Erik Norrud

Knut Kjeldstadli, professor i historie ved UiO og tidlegare aktiv SV-politikar:

– Eg er SV-medlem. Det viktigaste for meg er at SV klarer å kombinere miljøspørsmålet med sosial rettferd. Om ein skal få folk med på ei omlegging av produksjon og forbruk av omsyn til miljøet, må det kjennest rettferdig.

 

Jan-Olav Henriksen, professor ved Det teologiske menighetsfakultetet (MF):

Foto: MF

– Eg stemmer SV, fordi eg ønskjer ei meir rettferdig fordeling av godane i samfunnet. SV er også oppteken av å løyse utanrikspolitiske spørsmål på ein måte som er i tråd med mitt syn. For meg er global fordeling av ressursane noko av det viktigaste.

 

 

Foto: UiO

Torkel Brekke, professor i religionshistorie ved PRIO og tankesmia Civita:

– Eg har vore medlem i Oslo Høgre sidan eg var i midt i 20-åra. Eg ser på meg sjølv som liberalkonservativ, og det er Høgre som er det truverdige liberalkonservative partiet i Noreg. Når det gjeld forskingspolitikk, synest eg jo at Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad har fått til mykje bra.

 

Vigdis Vandvik professor i biologi ved UiB:

Foto: UiB

– Eg kjem til å stemme MDG, fordi vi i dag står vi overfor ei overskyggande utfordring, og det er miljøproblema. Miljøpartiet er også tydeleg på at vi må skaffe oss eit godt kunnskapsgrunnlag som bygger på forsking før vi tek viktige avgjerder rundt miljøspørsmål.

 

Nils Aarsæther, professor i samfunnsplanlegging ved UiT, tidlegare aktiv Sp-politikar:

Foto: UiT

– Eg skal stemme raudgrønt. Etter at eg melde meg ut av Sp for to år sidan, er eg partilaus. For utviklinga her til lands er det svært viktig at vi får ei ny regjering, så eg må tenke gjennom kva for parti som kan sikre eit regjeringsskifte.

 

Foto: Mari Karlstad, Tromsø Museum-Universitetsmuseet.


Marit Anne Hauan
, tidlegare museumsdirektør ved Tromsø Museum-Universitetsmuseet:

– Som alltid stemmer eg på Raudt. Dette gjer eg fordi eg ønskjer ei rettferdig og raus fordeling av godane blant befolkninga i samfunnet.

 

 

Foto: UiO

Thomas Hylland Eriksen, professor i sosialantropologi, UiO:

– Eg stemmer Miljøpartiet, som er det mest radikale og mest miljøkritiske med omsyn til fossilt brennstoff og klima. Eg var i tvil, men då MDG markerte at dei ikkje ville støtte ei regjering med FrP, forsvann tvilen.

 

Les flere av våre valgsaker:

Ap:  Vil endre loven for at flere i akademia skal få fast jobb
SV: Vil avvikle tellekantene for forskning
Venstre: – Forskningen bør være mest mulig fri
Frp: Satser på ingeniører og olje
Senterpartiet: Sier nei til mer konkurranse
Rødt: – Vil fjerne de forhatte New Public Management-reformene
Høyre: Vil ha mer konkurranse om forskningspengene

MDG: -De eneste som tar konsekvensene av forskningen på alvor 
KrF: Etikkundervisning og studieplasser i distriktene 

Les også: