Forskerforbundet møtte UiO i Høgsterett
LUKK

Forskerforbundet møtte UiO i Høgsterett

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. november 2016 kl. 13:10

Kan ein oppsagt forskar få fortrinnsrett til ei stilling som førsteamanuensis? Det skal Høgsterett no avgjere.

Fakta
<
– Det er ikkje rettsleg grunnlag for å seie at ei førsteamanuensstilling er ei høgare rangert stilling enn ei forskarstilling, uttalte advokat Mariann Helen Olsen i Forskerforbundet i gårsdagens rettssak mot staten i Høgsterett.


Høgare rangert?

Olsen representerer ein oppsagt forskar ved Universitetet i Oslo (UiO), som tidlegare har vunne fram i Borgarting lagmannsrett, etter først å ha tapt i tingretten. Lagmannsretten konkluderte med at forskaren var å betrakte som fast tilsett, og retten kom også til at han hadde fortrinnsrett på ledige professor- eller førsteamanuensisstillingar.

UiO anka saka, men Høgsterett godtok berre delar av anken. Høgsterett ville berre ta stilling til det prinsipielle spørsmålet om fortrinnsrett.

UiO ved regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig bad om at lagmannsrettens dom må bli oppheva. Ho prosederte overfor Høgsterett at ei stilling som førsteamanuensis utgjer eit avansement for ein forskar.

– Ei førsteamanuensisstilling blir oppfatta å vere ei høgare rangert stilling enn ei rein forskarstilling, sa Stenwig, og viste til at ein tilsett ikkje kan krevje fortrinnsrett til ei stilling som er høgare lønna.

– Statens oppfatning er at førsteamanuensis og forskar ikkje er likeverdige, men to klart ulike stillingskategoriar, sa Stenwig.

- Førsteamanuensisstilling er ikkje høgare rangert enn forskarstilling, sa advokat Mariann Helen Olsen (t.v) i rettsaka mellom Forskerforbundet og Universitetet i Oslo, representert ved regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig (t.h.). Foto: Johanne Landsverk

Foto: Johanne Landsverk

– Likeverdige stillingar

Advokat Olsen viste på si side til at reine forskarstillingar og førsteamanuensis- og professorstillingar er to identiske karriereløp, som begge endar opp i vitskaplege toppstillingar. Ifølgje Olsen er det ikkje grunnlag for å seie at ei stilling som førsteamanuensis ikkje er passande for ein tilsett i forskarstilling, så sant forskaren fyller alle kvalitetskrava til stillinga.

– Kompetansekravet og lønnsnivået er det same, noko som tilseier at desse stillingane er likeverdige. I dette tilfellet har forskaren drive både med forsking, undervisning, rettleiing og administrasjon, sa Olsen.

– Ikkje imot stillingsvern

Eit spørsmål er også om omsynet til den tilsette er viktigare enn omsynet til arbeidsgjevar. Avgjerda i lagmannsretten la vekt på at stillingsvernet til den tilsette i dette tilfellet vog tyngre enn universitetets rett til å velje å tilsetje betre kvalifiserte.

– Det som går att i dei skriftlege erklæringane som er lagt fram frå staten si side er at UiO eigentleg er imot fortrinnsretten generelt. Ein vil ha inn at ein uansett skal konkurrere om ei stilling, sa Olsen.

– Det er eit ubestridelig faktum at fortrinnsrett svekker konkurransen og kvalifikasjonsprinsippet. Det å påpeike dette er ikkje det same som å vere imot stillingsvern. Det er kostnaden ved å ha eit stillingsvern, repliserte advokat Stenwig.

Dom i saka er ikkje venta før om nokre veker.

LES OGSÅ: