Lesarmisnøye med nynorsk i Forskerforum. - Svaret er engelsk, ikkje bokmål, seier redaktør Kjetil A. Brottveit.
forskerforum-legg-om-til-engelsk

– I våre dagar har ikkje ein kanal som vender seg til forskarar, anna val enn å kommunisere på engelsk, seier Kjetil Brottveit.

forskerforum-legg-om-til-engelsk

– Bruk av engelsk vil redusere faren for misforståingar, seier Curt Rice.

Etter ein grundig intern strategiprosess, vart det denne veka avgjort at alt redaksjonelt stoff i Forskerforum frå no av berre skal publiserast på engelsk. Redaktør Kjetil A. Brottveit fortel at avgjerda ikkje har vore lett, men med dei krava til effektivitet, nyskaping og fleksibilitet som forskingsverda er prega av, så er det ei nødvendig omleggjing.

– Stikkordet er framoverlent. Vi opererer i ein sektor med mykje internasjonal kontakt, og eit fagspråk som meir og meir vert dominert av engelsk. Vi har vurdert saka i fleire år, men vi fekk fart på oss etter ei lesarundersøking vi hadde i fjor haust, der svært mange respondentar gav uttrykk for misnøye med nynorskprosenten i bladet. Eg skal vedgå at dette var noko sårt for meg høyre, men det sette effektivt fart på vurderingane av språkforma i bladet. No har vi kome til at i staden for å gå vegen om bokmål – ein blindveg – tek vi sats og landar trygt i engelsken, seier han.

– Gjer kommunikasjon enklare

Brottveit får full støtte for avgjerda hos rektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus, og varamedlem i styret for Språkrådet, Curt Rice.

– Eg er svært glad for å høyre om denne avgjerda, seier Rice til Forskerforum.

Rice har markert seg i norsk språkdebatt som ein forkjempar for bruk av engelsk i forskingsverda. Det er viktig for at forskinga skal nå ein størst mogleg del av det internasjonale forskarsamfunnet, meiner han. Då er det berre naturleg at også medium som rapporterer om nyhende innanfor forskingsverda, gjer det same.

– Om eg får bli litt personleg, så opplever eg ofte å bli misforstått når eg uttrykkjer meg på norsk. Kommunikasjon og forståing blir mykje enklare dersom alle nyttar eit godt etablert verdsspråk som engelsk, seier han, og legg til:

– Fagspråket er så mykje betre utvikla på engelsk at det reduserer faren for misforståingar.

Har tru på journalistane

Enkelte røyster i Forskerforum-redaksjonen har uttrykt uro over om det vil vere mogleg å oppretthalde kvaliteten på innhaldet når det ikkje lenger skal produserast på journalisten sitt morsmål. Inntil vidare er det ingen planar om å endre samansetninga i redaksjonen i tråd med den nye språkpolitikken. Brottveit trur journalistane uroar seg utan grunn.

– Dette er svært flinke journalistar, så eg trur ikkje det skal by på noko problem. Men elles må det vel finnast gode kurs?

Kjenner lette over avgjerda

– Som nynorskbrukar i ein redaksjon med fleire nynorskbrukande journalistar, korleis kjennest det å gje slepp på det?

– Der trykkjer du på ein øm knapp. Eg har nynorsken svært kjær, og dette har vore ei lang reise. Men når ein til slutt har vore gjennom denne prosessen, som òg har vore kjenneteikna av personleg vekst, eg må få lov til å nemne dét, så er det med ei kjensle av lette at eg har kome til denne konklusjonen. Ivar Aasen skreiv namnet sitt med dobbel A, berre for å ha nemnt dét.

Curt Rice minner om at det er viktig å sjå stort på det:

– I mi rolle som varamedlem i Språkråd-styret har eg mellom anna ansvar for å ivareta språkleg mangfald i den norske mediefloraen. I så måte tykkjer eg dette er eit særs godt tiltak, seier han.

Når avgjerda no først er teken, er meininga at ho skal trå i kraft straks.

Merknad: I ettertid vil vi leggje vekt på at denne saka vart publisert 1. april.