Forsking og rådgjeving – eit vanskeleg grenseland
LUKK
Annonse
Annonse

Forsking og rådgjeving – eit vanskeleg grenseland

Av Bjarte Bogstad

Publisert 28. oktober 2016 kl. 15:44

Arrogansen som kanskje kan ha vore der ein gong, har vi for lenge sidan lagt av oss, skriv Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet.

bogstad-bjarte-privatredigert

Bjarte Bogstad, leiar av Forskerforbundets lokallag ved Havforskingsinstituttet.

I nr 7 og 8 av Forskerforum har Havforskingsinstituttet (HI) og vår forsking som grunnlag for rådgjeving blitt mykje omtalt. Som leiar av lokallaget til Forskerforbundet og som forskar med lang bakgrunn i rådgjeving ønsker eg å kome med nokre kommentarar. For det første synest eg dekninga av motsetningane mellom våre forskarar og næringa på nokre punkt er vindskeiv og ubalansert, og for det andre har Forskerforum ikkje gitt sine lesarar den nødvendige bakgrunnen om det landskapet vi som driv med forskingsbasert rådgjeving om ressursforvalting ferdast i til dagleg. Det er trass alt eit lite mindretal av medlemsmassen som jobbar i dette krevjande, men spennande feltet.

Det eg først og fremst reagerer på når det gjeld framstillinga i Forskerforum er mangelen på kritiske spørsmål til rollene og bakgrunnen til dei forskarane som blir løna av ulike næringsinteresser, både når det gjeld laks og sild. Dessutan kan ein lett få inntrykk av at organisasjonar som Pelagisk Dugnad representerer heile sildenæringa, det er på ingen måte tilfelle. Når det gjeld sildebestanden så har bestandsmålet etter at nr. 8 gjekk i trykken blitt oppjustert med rundt 30 % etter ein metoderevisjon, noko tredobling slik Holst og Gangstad nemner i nr. 7 er det ikkje snakk om.

Rådgjevinga om hausting frå og bruk av havet har konsekvensar for mange ulike næringar og interesser: Yrkesfiske, havbruk, oljenæringa, gruvedrift, turisme, sportsfiske, og bruk av kysten til rekreasjon. Det er mange forskingsinstitutt, forvaltingsorgan og departement som er involvert i dette, og det er veldig viktig at det finst eit godt rammeverk for kvalitetssikring og formidling av rådgjeving. Vidare bør det vere eit klart skilje mellom forskingsinstitusjonar og forvaltingsorgan, slik ein for eksempel har mellom HI og Fiskeridirektoratet.

Sjølv om rammeverket er på plass må den enkelte forskar og aktør i rådgjevinga ta ansvar for å ha den nødvendige rolleforståinga. Forskinga skal sjølvsagt vere fri, men når vi forskarar deltar i rådgjeving, må vi vere bevisste på kor grensa går opp mellom forskingsresultat og det som forvaltinga og politikarar skal handtere. Dette er ikkje alltid er like lett, det kan vere freistande å synse om slike spørsmål på bakgrunn av eigen kunnskap og verdigrunnlag. Ei anna rolle ein kan ha, og som eg sjølv hadde no i oktober, var å vere forskar og samtidig medlem av ein norsk forhandlingsdelegasjon, i mitt tilfelle den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Då skal ein ta vare på sin eigen integritet som forskar samtidig som ein skal bidra til eit best mogleg resultat for fedrelandet.

For dei store fiskebestandane har ein i mange år eit internasjonalt system for rådgjeving og kvalitetssikring av desse. Rundt 90% av norsk fangst kjem frå fiskebestandar som Norge deler med andre land (Russland, EU, Island, Færøyane, Grønland). Her har ein bygd opp eit godt rammeverk både for internasjonal kvalitetssikring av forskinga gjennom det internasjonale rådet for havforsking – ICES. Når ny metodikk er testa ut av ei ekspertgruppe, kan den takast i bruk før ein fagfellevurdert artikkel er ferdig publisert Dialogen med fiskerinæringa er også sikra både gjennom formaliserte og regelmessige møte og kontakt/dialogforum saman med mykje uformell kontakt – og arrogansen som kanskje kan ha vore der ein gong har vi i så fall for lenge sidan lagt av oss. Utan eit internasjonalt rådgjevingssystem hadde det vore svært vanskeleg å forvalte bestandar som er delt mellom fleire land, då ville nok ‘våre forskarar seier noko anna enn dykkar forskarar’ blitt eit tema i fiskeriforhandlingane på ein heilt annan måte enn i dag – vi er ikkje heilt fri for det no heller.

For havbruk har Norge vore eit føregangsland når det gjeld rådgjeving. Kvart år sidan 2011 har HI publisert ei risikovurdering av norsk havbruk, i denne bidrar også fleire andre institusjonar. Det er eit stykke veg å gå for å etablere tilsvarande dialog som i fiskerinæringa, men prosessen med dette er i gang. I fiskeriforsking, forvalting og næring er det etablert ei rimeleg bra felles forståing av at fisk er ein fornybar ressurs som må forvaltast bærekraftig, for havbruk ligg det enno ikkje ei tilsvarande felles forståing til grunn.

Det er generelt ein god ting at næringa også tilset forskarar, og vi ser at det blir fleire slike. Det er då viktig at ein på begge sider av bordet spelar med opne kort om kva datagrunnlag ein bruker og kva interesser ein representerer. Når det gjeld deling av datagrunnlag så er det fleire praktiske utfordringar med det som ofte blir undervurdert, både med tungvinte datasystem og det krevjande med å formidle metodikken som blir brukt og ‘fotnotar’ om den enkelte datainnsamlinga som dårleg ver, sterk straum, problem med artsidentifisering på ekkogrammet og kva det no måtte vere.

Til slutt vil eg oppmode Forskerforum om å gå nærare inn på politikarane (og forvaltinga) si rolle i og syn på slike saker, slik redaktøren er inne på mot slutten av leiaren i nr. 8.

LES OGSÅ: