Forskingsformidling er svært vanskeleg, men veldig viktig
LUKK

Forskingsformidling er svært vanskeleg, men veldig viktig

Av Åsmund Husabø Eikenes, rådgivar i Kreftforeningen

Publisert 9. mai 2016 kl. 15:58

Formidling av kreftforsking er ofte svært forenkla. For å ikkje lure håpefulle pasientar trengst det ein meir nyansert forskingsjournalistikk.

Eikenes, Åsmund (Jon Olav H. Eikenes)

Åsmund Eikenes er rådgivar i Kreftforeningen. Foto: Jon Olav H. Eikenes

Forskingsformidling er ei viktig oppgåve. Debatten om journalistikk og formidling innanfor realfaga er ofte prega av korleis ein verdsett ein tekst som engasjerer. Nokre legg vekt på kjennskap til forsking som prosess, medan andre favoriserer teft for den gode historia.

Det er likevel ikkje slik at formidlinga alltid står og fell på skribentens evne til å knytte faktastoffet til handfaste metaforar og korte setningar. Oftast er sanninga både komplisert og vanskeleg.

Då kjem dilemmaet: Skal vi halde fast ved ei utilstrekkeleg forenkling, eller skal vi prøve å gjere nyansane tydelegare, også for folk flest?

Held ikkje vatn

Eit aktuelt eksempel er det pågåande gjennombrotet innanfor immunterapi mot kreft. Det er gledeleg å høyre både forskarar og pasientar snakke om gjennombrot og nytt håp innanfor kreftbehandlinga. Vi er mange som verdset forskingsresultat som resulterer i at fleire kan leve lenge med og kanskje også verte friske av kreftsjukdommane sine.

Samtidig viser artiklar, innlegg og kommentarar om immunterapi at mange er usikre på kva behandlinga eigentleg er. Somme har både høge og urealistiske forventingar til gjennombrotet, basert på forenkla overskrifter og liten kunnskap. Dei forstår kortversjonen av immunterapi om lag slik: Immunforsvaret får hjelp til å drepe kreften. Punktum. Setninga har sju ord, og berre eitt av dei har meir enn to stavingar. Ikkje så verst som folkeleg formidling. Setninga er også stort sett korrekt. Men du kjem diverre ikkje særleg langt med den kortfatta informasjonen. Ved fyrste oppfølgingsspørsmål viser det seg at kortversjonen ikkje held vatn. Ein hypotetisk lesar vil kanskje tenkje at alle som har kreft, også har eit immunforsvar. Då kan vel alle kreftpasientar få immunterapi?

«I menneskekroppen er både immunceller og kreftceller eit stort mangfald. Kroppen vår er full av fleirtal, ikkje eintal. Det er her utfordringa startar.»

Diverre er svaret på dette spørsmålet nei. Eller, vent litt, for det er jo dette forskarane jobbar mot, så på sikt er kanskje svaret ja. I dag er svaret nei. Men kven kan få immunterapi i dag, spør du? Jo, svarar eg, det har seg slik at immunterapi ikkje berre er ein type kreftbehandling, men fleire ulike behandlingsformer som er effektive mot ulike krefttypar.

Kortversjonen om immunterapi inneheld to forenklingar som dei fleste lesarar set pris på, nemleg at immunceller berre er éin ting, og at kreftceller berre er éin ting. Eintal, ikkje fleirtal.

I menneskekroppen er både immunceller og kreftceller eit stort mangfald. Kroppen vår er full av fleirtal, ikkje eintal. Det er her utfordringa startar.

Motvekta til kortversjonen om immunterapi er ei samling små historier. Historier om abstrakte, små immunceller, om sjekkpunkt som passar på kva som skjer når ulike celler møtest, og om celler i hardtrening for å lære å oppdage kreftcellene. Er du klar?

Biologi og håp

Kreft oppstår på grunn av genetiske endringar i cellene våre, og cellene mistar kontroll på kor ofte og kor fort dei skal dele seg. Over lang tid (gjerne 10–15 år) vert den første kreftcella til ein liten klump. I ein vanleg menneskekropp er det over 200 ulike celletypar, som alle har ulike oppgåver på ulike stader i kroppen. Alle dei ulike celletypane kan vere utgangspunktet for ein kreftsvulst. Difor er to kreftsvulstar som oppstår på ulike stader i kroppen, ikkje like kvarandre. Svulstane er ulike fordi startpunktet er ulikt, og fordi utviklinga av ein svulst er ulik frå gong til gong.

Heile avsnittet over er ny (og vanskeleg) informasjon for mange, men svært viktig for å forstå kvifor immunterapi ikkje passar for alle. Historia fortset om lag slik:

På overflata av alle celler er det informasjon om kva som er på innsida av dei. Slike små antenner er til hjelp for immuncellene som leitar etter celler som ikkje er heilt i form. Også friske celler i kroppen vår er i kontakt med immunforsvaret gjennom antennene på overflata. For å hindre at immunceller går til angrep, kan friske celler seie ifrå om at dei er friske. At friske celler kan stoppe angrep frå immuncellene, er eit svært viktig sjekkpunkt. Dette sjekkpunktet består av eit stopp-signal på den friske cella og ein mottakar for stopp-signalet på immuncella.

Vi nærmar oss høgdepunktet. Prinsippet om eit sjekkpunkt i møtet mellom immunceller og friske celler er sentralt for gjennombrotet vi kallar immunterapi.

Nokre kreftceller brukar dei same stopp-signala for å stoppe angrepa frå alle immuncellene. Dei nye legemidla som kan vere til hjelp for pasientar med føflekk- eller lungekreft, hindrar sjekkpunktet mellom immuncellene og kreftcellene. Behandlinga gjer at immuncellene kan gå til angrep, og kreftcellene døyr.

Denne typen immunterapi hindrar kreftcellene frå å avbryte angrepet frå immuncellene. I praksis tilfører legane eit legemiddel til blodet til pasienten. Legemiddelet (eit antistoff) bind seg fast til overflata på immuncella, midt i mottakaren for stopp-signalet. Dette gjer at immuncella ikkje høyrer at kreftcellene ropar stopp. Immuncella står no fritt til å oppdage og drepe kreftcellene.

Men kva skal vi kalle eit slikt prinsipp?

Amerikanarane nyttar omgrepet checkpoint inhibitors om desse legemidla. Ordet inhibitor har inga god omsetjing anna enn brems eller hemmar. Skal vi gi legemidla norske namn av typen sjekkpunktbremsar eller bremseklosshemmarar? Eg synest ikkje desse forslaga er gode nok til å fungere som enkle bilete på ein vanskeleg biologisk prosess. Alternativet immunterapi er forståeleg for dei fleste. Ordet har to enkle delar ­­– litt biologi og mykje håp.

«I balansen mellom journalistisk vinkling og detaljkunnskap må vi av og til velje bort den eine.»

Kompromiss

Men ikkje alle som forskar innanfor immunterapi, er opptekne av sjekkpunkta mellom cellene. Nokre forskarar prøver i staden å hjelpe immuncellene til å oppdage andre typar kreft, og trenar opp immuncellene i laboratoriet før pasienten får behandling mot til dømes blodkreft. Immuncellene vert programmerte for å kjenne att pasienten sine eigne kreftceller, og for å la dei friske cellene vere i fred. Når slike superceller vert transplanterte tilbake til pasienten, har ikkje kreftcellene tilstrekkelege motangrep. Immuncellene gjer jobben sin, og kreftcellene døyr. Også dette vert kalla immunterapi.

Biletet vert endå meir vanskeleg av at ulike krefttypar har ulik kontakt med immuncellene. Sjølv om legane tilsett legemiddel som hindrar sjekkpunktet eller transplanterer superceller som har fått trening i laboratoriet, vil ikkje immuncellene finne fram til alle moglege krefttypar. Dette kjem av at det er variasjon i kor stor grad immuncellene patruljerer i dei ulike delane av kroppen vår. For ei rekke forskarar er dette ei svært stimulerande utfordring – å finne løysingar som kan gjere immunterapi effektiv mot til dømes brystkreft, prostatakreft og tarmkreft.

Sjølv om grunnprinsippet i mangfaldet liknar – å hjelpe immunceller til å ta hand om kreftcellene – er det store, og viktige skilnader mellom dei ulike metodane. Dei er effektive mot ulike krefttypar, og dei fungerer ved å påverke ulike immunceller. Biverknader, seineffektar, effektivitet og kostnad er også ulike, og det er framleis mykje vi ikkje veit om kva som skjer mange år etter behandling med immunterapi.

Stadig fleire forskarar vil også ha ein bit av immunterapikaka. Ny teknologi, nye idear for behandling av andre krefttypar, talrike prosjekt for å utvikle kreftvaksinar, nye versjonar av gamle legemiddel, kombinasjonsbehandlingar og eit mylder av laboratorietekniske framandord fyller ordet immunterapi med stadig meir innhald. Utfordringa – at immunterapi er minst to ulike behandlingsmetodar – vert ikkje enklare framover.

The devil is in the details, heiter det. Likevel sit vi att med berre eitt ord om eit entusiastisk gjennombrot for kreftbehandling: immunterapi. Ordet er eit kompromiss, og eit omgrep som rommar stadig meir.

I balansen mellom journalistisk vinkling og detaljkunnskap må vi av og til velje bort den eine. Men kanskje kan eit kompromiss også vere starten på ein diskusjon om at personar med ulike kreftdiagnosar kan ha behov for ulike typar immunterapi.