Forskingssystemet på rett spor?
LUKK

Forskingssystemet på rett spor?

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 20. oktober 2016 kl. 12:14

Indikatorrapporten for det norske forskingssystemet viser at norsk forsking går så det susar. Men viktige spørsmål lurer bakom tala.

Den årlege indikatorrapporten er eit svært omfattande bilete av tilstanden i den norske forskings- og innovasjonssystemet, basert på ei lang rekkje indikatorar. Årets rapport er hovudsakeleg basert på tal frå 2014, og viser at norsk forsking gjer det bra «på mange av dei måla vi har bestemt oss for at uttrykkjer kvalitet», som rektor Mari Sundli Tveit ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet sa det under gårsdagens lanseringsseminar hos Forskingsrådet.

Publiserer meir og betre

I korte drag viser rapporten at norske forskarar publiserer meir enn nokon gong, dei blir meir siterte enn nokon gong og dei samarbeider meir internasjonalt enn nokon gong. Desse mekanismane forsterkar kvarandre fordi internasjonalt sampubliserte artiklar blir meir siterte enn andre. Ei stor endring er at FoU-aktiviteten i næringslivet auka med heile 10 prosent frå 2013 til 2014, noko som mellom anna blir spegla i ein sterk vekst i bruken av SkatteFUNN-ordninga. Noreg skil seg ut mellom dei nordiske landa ved at den største FoU-aktiviteten i næringslivet skjer i tenesteytande næringar, ikkje i industrien.

Uviss omstilling

Pilene peikar altså oppover. Men temaet for paneldebatten på seminaret, var likevel «Gjer vi dei rette tinga?» Bakgrunnen for spørsmålet var mellom anna dei store endringane i det internasjonale styrkeforholdet som er i ferd med å skje på forskingsområdet, der mellom anna USA og EU sine andelar av FoU minkar medan andre delar av verda, og spesielt Asia, veks kraftig. Samstundes er alle samde om at samfunnet skal inn i ei omstilling mot eit meir berekraftig samfunn, der forskings- og innovasjonssystemet må spele ei viktig rolle. Ulike indikatorar viser til dømes at Noreg har hatt høg vekst i miljø- og klimarelatert forsking, inkludert forsking på fornybar energi. Men innsatsen innanfor petroleumsforsking er framleis større, så endringane inneber førebels ikkje noko grønt skifte, og Noreg ligg framleis på sisteplass i Norden når det gjeld forsking på fornybar energi. Det skjer dessutan lite forsking på sjølve omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

– Men vi ser av langtidsplanen for forsking, og av statsbudsjettet for 2017, at det ligg an til sterkare forskingsinnsats på lågutsleppssamfunnet, offentleg omstilling og bioøkonomi, sa Hallén.

– Manglar kontekst

Professor Keith Smith frå Imperial College London meinte indikatorrapporten ikkje kan fortelje om vi gjer det rette, fordi indikatorane i rapporten ikkje blir sett i samanheng med dei samfunnsproblema forskinga skal løyse.

– Rapporten gjev ingen kontekst om slikt som klimaendringar eller global helse, og seier ingenting om kva Noregs rolle bør vere i å løyse desse problema, sa han.

Smith forskar sjølv på innovasjon og entreprenørskap, og minna om at Noreg tilhøyrer ei lita gruppe land som er blitt rike via ein råvareøkonomi, takka vere at vi har investert mykje kunnskap i denne råvareøkonomien.

– Eg trur at også i framtida vil naturressursar vere avgjerande. No bør Noreg bruke det same prinsippet på andre ressursar enn olje, sa han.

Kritiserer akademisk fokus

Han kritiserte også rapporten for å fokusere for mykje på indikatorane som gjeld akademisk forsking, og for lite på innovasjonsprosessar i lågteknologiske og ressursbaserte system, der det skjer mykje.

– Kor viktig er eigentleg siteringsindeksar i slike transformasjonsprosessar som vi står andsynes? spurde han.

– Mange svært innovative bedrifter driv ikkje med FoU-aktivitetar i det heile. I Noreg ser det ut til å eksistere ei grunnleggjande antaking om at akademisk FoU er viktig for innovasjon. Det trur eg er feil.

– Ja. Det er absurd å utreie produktivitet og berre måle akademisk publisering, sa Hallén med eit tydeleg stikk til Produktivitetskommisjonen.

Må ut av komfortsona

Kristian Berg Harpviken, direktør ved Institutt for fredsforsking (PRIO) peika på at bruken av indikatorar kunne leggje opp til ei falsk konflikt mellom forskingskvalitet og relevans.

– Det er heller ingen nødvendig samanheng mellom forskingskvalitet og siteringar. Vi har lett for å tenkje på forsking som noko som eksisterer innanfor ein akademisk publiseringskultur, men forsking blir kommunisert på mange måtar, sa han.

Han meinte norske forskarar bør blir flinkare til å samarbeide med organisasjonar som er svært forskjellige frå dei sjølve.

– Forskarar trivst i lag med folk som er om lag som dei sjølve, men dei viktige framstega kjem av ulikskap, meinte han.

Dermed vart den aller klaraste konklusjonen frå seminaret: Samarbeid internasjonalt. Det løner seg.

Les heile rapporten her.