Førsteamanuensis i universitetspedagogikk

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i universitetspedagogikk.

Institutt for pedagogikk vart etablert som eige institutt i 2010 og inkluderer lærarutdanning, utdanningsvitskap, spesialpedagogikk og universitetspedagogikk. Det er om lag 40 tilsette ved instituttet.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved Institutt for pedagogikk og arbeidsoppgåver vil verte knytt til undervising og forsking ved det universitetspedagogiske fagmiljøet. Stillinga vil vere særskilt knytt til digital læring og studentaktive læringsformer i høgare utdanning.

Den universitetspedagogiske aktiviteten rettar seg mot heile universitetsmiljøet. Undervisinga retter seg hovudsakleg mot UiB sine undervisarar (vidarekomne studentar, stipendiatar og vitskaplege tilsette), men også mot administrasjonen og utdanningsleiarar. Rådgivinga femner breitt og retter seg mot utdanningsleiing  på alle nivå ved UiB, mot fagmiljø som heilskap, og mot einskildindivid. Den som vert tilsett vil ha sine forskingsplikter knytt til forsking på læring og undervising i høgare utdanning. Undervisingsoppgåvene vil omfatte utvikling av nye kurs og undervising på dei emna Program for universitetspedagogikk. Konsulenttenester vil vere retta mot alle fagmiljø på universitetet. Stillinga vil bidra til DigUiB og UiB si satsing på digitalisering og utprøving av nye vurderings- og læringsformer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må på søknadstidspunkt ha disputert. Minstekravet til kompetanse er oppnådd doktorgrad innan pedagogikk, universitetspedagogikk eller nærliggande fagområde.
  • Søkjaren må kunne dokumentere forsking innafor område med tema av relevans for universitetspedagogikk.
  • Må kunne dokumentere undervisingserfaring på universitetsnivå innafor universitetspedagogiske tema og vise til erfaring med faglig utviklingsarbeid
  • Må kunne vise til gode kommunikasjonsferdigheiter og kunne kommunisere forskingsbaserte pedagogiske perspektiv til undervisarar og leiarar på tvers av disiplinar.
  • Søkjaren må ha god kjennskap til det norske høgare utdanningssystemet, samt kunne demonstrere forståing for universitetsutdanninga sin tydnad og utfordringar i nasjonal og internasjonal samanheng.
  • Må ha erfaring med digital læring og studentaktive læringsformer i høgare utdanning
  • Personlege eigenskapar som er naudsynt vil bli vektlagt
  • Søkjaren må kunne dokumentere pedagogisk basiskompetanse i undervising og rettleiing

Alle søkjarane som innehar dei nødvendige kvalifikasjonane vert innkalla til intervju. Det kan og verte aktuelt med prøveforelesing i tilsettingsprosessen. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for desse stillingane, og førsteamanuensen vert venta å gå inn i ei av forskingsgruppene ved fakultetet. Undervisingsspråket er til vanleg norsk, men Program for Universitetspedagogikk har også eigne engelskspråklege emne.

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 – 68 som førsteamanuensis (kode 1011/LR24) etter hovudtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For førsteamanuensis utgjer dette for tida 512 300-597 800. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Undervisningsportefølje/liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar (sjå kulepunkta i stillingsomtalen for utdjuping)
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga (maksimalt 10)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Det er sært viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Søknadsfrist: 01.06.2017
Søknaden merkast: 17/4930

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein hjå:

Rune Johan Krumsvik, instituttleiar/professor
e-post:
Rune.Krumsvik@uib.no
tlf.: +47 55584807

Ivar Nordmo, programansvarleg  universitetspedagogikk/førsteamanuensis
e-post:  Ivar.Nordmo@uib.no
tlf.: +47 55582823

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

STILLINGSOMTALE FOR 1 FAST STILLING SOM FØRSTEAMANUENSIS I UNIVERSITETSPEDAGOGIKK

Det psykologiske fakultetet sine faste vitskaplege tilsette innafor Program for Universitetspedagogikk består for tida av to professorar og tre førsteamanuensar i fulltidsstillingar. Undervisningsansvaret for den utlyste stillinga er knytt til det universitetspedagogiske tilbodet ved Institutt for pedagogikk og Universitetet i Bergen.  Instituttet har per i dag fire forskingsgrupper. Fakultetet ønskjer å styrke den forskingsbaserte undervisinga innafor alle sine ansvarsområde og utvikle eit aktivt forskingsmiljø på eit høgt internasjonalt nivå.

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i universitetspedagogikk. Stillingane vil bli knytt til Program for universitetspedagogikk ved Institutt for pedagogikk. Stillinga vil bidra til DigUiB og UiB’s satsing på digitalisering og utprøving av nye vurderings- og læringsformer.

Den universitetspedagogiske aktiviteten rettar seg mot både studentar og tilsette, og omfattar forsking, kurstilbod og konsulenttenester. Den som vert tilsett vil ha sine forskingsplikter knytt til forsking på læring og undervising i høgare utdanning. Undervisingsoppgåvene vil vere knytt til det universitetspedagogiske kurstilbodet som mellom anna skal sikra ei pedagogisk skulering av dei tilsette ved UiB.  I dag vert det kravd at alle nytilsette i faste vitskaplege stillingar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning, går gjennom opplæring som svarer til 20 studiepoeng.

Opplæringa vert tilbydd i form av eit obligatorisk basisemne (10 studiepoeng) og ulike valbare påbyggingsemne med varierande omfang (2,5 og 5 studiepoeng). Det er behov for å utvikle og gjennomføre fleire nye kursmodular innan dette tilbodet.  I tillegg er det behov for å utvikle og gjennomføre nye kurstilbod for ph.d.-studentar og mellombels tilsette. Universitetet i Bergen gjer i prosjektet DigUiB ei stor og langsiktig satsing på digitale løysingar for utdanning med etablering av digitale undervisningsarenaer tilpassa faglege og pedagogiske målsetnader. Denne stillinga vil ha undervisingsoppgåver knytt til denne satsinga og digitale utviklinga, og difor er det eit krav at den som blir tilsett har kompetanse innanfor digital læring knytt til undervising og utdanning.  Den som vert tilsett vil også delta i dei mindre og større konsulenttenestene for ulike fagmiljø på universitetet  som den universitetspedagogiske eininga utfører, og elles ta del i andre generelle arbeidsoppgåver innan universitetspedagogikken.

Personen vi søkjer må vere innstilt på samarbeid og teamarbeid retta mot fagutvikling, og må ha erfaring frå slikt arbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Det psykologiske fakultet har residensplikt.

Universitetet i Bergen understreker at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggas reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved å sende inn:

  • Undervisingsportefølje som skildrar og dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar, inndelt i følgjande områder: 1-pedagogisk grunnsyn (pedagogisk filosofi), 2-pedagogisk og universitetspedagogisk utdanning, 3- undervisingsverksamheit, 4-pedagogisk forsking og utviklingsarbeid, 5-erfaringsdeling, formidling og publisering knytt til undervisingsverksamheit og universitetspedagogisk utvikling, 6-digitale læringsformer, både i og utanfor eige fagmiljø.
  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisingskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, så som alternative undervisningsformer, digitale læringsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Søk stillingen