Pamflettboka om klima løyner realitetane i ein fotnote.
fotnote-55

Fakta

Andreas Ytterstad
100 000 klimajobber og grønne arbeidsplasser nå! For en klimaløsning nedenfra
Gyldendal Akademisk, 2013*
60 sider
Veil. pris: kr 100

 

For 25 år sidan kappast dei politiske partia om kor store reduksjonar i norske klimautslepp dei ville gjennomføre; kompromisset vart eit mål om å stabilisere CO2 utsleppa på 1989-nivå innan 2000. Resultatet? Dei samla klimagassutsleppa auka med åtte prosent i perioden frå 1990 til 2010, CO2-utsleppa auka med 30 prosent.

Resultatet er eit produkt av tverrpolitisk villreie gonger maktas politiske økonomi. Retorisk og til dels realpolitisk går det nok ei konfliktline mellom dei som meiner Noreg skal vere ein pådrivar for internasjonal kostnadseffektivitet, som inneber at klimakutt skal skje der dei kostar minst uansett opphavsland (og som er i samsvar med dei strategieske interessene til Noreg som eit av verdas største olje- og gassproduserande nasjonar), og dei som meiner Noreg skal vere eit klimapolitisk føregangsland ved å gjennomføre (meir kostnadskrevjande) tiltak innanlands. Men føregangskvinnene er innskrenka av ei nasjonal kostnadseffektivitetsnorm, og verkemiddelverktøykassa deira er for lita for føremålet. Klarast ser vi dette i transportsektoren, der kombinasjonen avgifter og tekniske krav er dominerande, men der effekten av slike verkemiddel vert utlikna av den stadig aukande transportveksten. Og slike verkemiddel stør i liten grad opp om haldningsendringar som underbyggjer nye klimapolitiske tiltak, tvert om har dei si potensielle verknadskraft i at dei nettopp ikkje treng å gå via endra motivasjon for å endre handlingsmønster.

I dette store biletet er ikkje avstanden stor mellom eit Framstegsparti prega av skepsis til klimaekspertise og ditto tiltru til låge bensinprisar, og grøne parti som SV og Venstre. Tvert om: Dei sju stortingspartia har sett opp kvar si Potemkin-kulisse, som gjev inntrykk av at skiftande klimaforlik mellom seks av dei er utfallet av vesentlege stridsspørsmål.

Slik sett er det ei viss original kraft over pamfletthandboka til Andreas Ytterstad – sosialist, klimaaktivist og førsteamanuensis i journalistikk. Boka er utvikla av ein ad hoc tenketank med basis i fagrørsla, miljørørsla og Concerned Scientists, for å mobilisere fram mot Stortingsvalet 2013. Forutan å vere 50 000 nye arbeidsplassar skal skapast innan vindkraft utanfor kysten vår, 50 000 innan transportsektoren. Strategien er utforma med referanse til den sterke produksjonsendringa under andre verdskrigen, der dei medvite kanaliserte arbeidskraft inn mot krigsmaskineriet og greip inn og overstyrte marknadskreftene. Denne strategien og ambisjonen står nok i forhold til klimaspørsmålets unike og historiske karakter. Men er produksjonsorienteringa produktiv?

Det ville her vere historielaust og potensielt sjølvinkriminerande å gå til kamp mot vindmøller, så eg konsentrer meg om transport. Innanlands transport står for 32 prosent av norske klimagassutslepp, og har auka med 29 prosent i perioden 1990–2010. Og ifølgje handboka må vi gjere tre ting dersom vi skal halvere desse utsleppa i løpet av dei komande tjue åra: få folk over på kollektivtransport, flytte transporten av gods frå trailerar og fly til jernbane, og erstatte bensin- og dieselmotorar med fornybar energi. Opplistinga munnar ut i ein fotnote – fotnote 55: «En fjerde ting er også avgjørende for å få ned utslippene i transport, nemlig å redusere transporten».

Kvifor fotnote? Fordi, trur eg, dette fjerde elementet, som slett ikkje er noko uvesentleg element, splittar alliansen og vender merksemda frå produksjon til konsum av personkilometer med tilhøyrande karbonbehov. Fotnote 55, bortgøymd, men likevel der, viser oss to ting. For det første ein viss intellektuell ærlegdom, den same ærlegdomen vi finn i dei fleste tenketankar, ønsket om å inkludere fakta og perspektiv som høyrer med i ein dekkande analyse. Dette gjev akademisk truverde – som dei må balansere i forhold til eigen ideologisk posisjon. Og nett denne balansekunsten i publikasjonsrekkene til tenketankane er ofte like interessant å observere som den politiske analysen deira.

For det andre fortel fotnoten om det utilstrekkelege i dette storslåtte, ambisiøse prosjektet som 100 000 nye klimaarbeidsplassar er – i alle høve dei 50 000 i transportsektoren. Det gjev nok fleire jobbar og fleire medlemmer i fagrørsla, og dei er nok grøne mange av desse jobbane. Men sett frå eit klimaperspektiv er ikkje problemet så mykje feilproduksjon som overforbruk. Og desse forslaga vil møte (velgrunna) skepsis i kostnadseffektive korridorar i embetsverket, uavhengig av kva regjering vi får til hausten. Dette er meint konstaterande, utan skadefryd.

Det same gjeld ettertanken som melder seg etter denne beiske vurderinga frå ein utanforståande: Dersom klimaforskarane sine målingar og modellar er varsel om komande uvêr av aukande varigheit og styrke, kjem det nok 100 000 klimajobbar. Etter kvart. Til slutt. For å verne oss mot og rydde opp i verknadane av klimatiske endringar vi framleis meir anar enn kjenner og forstår.