Dei siste 20 åra i norsk forskingssektor kan oppsummerast med «vekst». No er spørsmålet om sektoren er rusta for endringane som kjem.

Fakta

Nokre hovudtal i Indikatorrapporten:

  • Totale utgifter til FoU utgjorde over 60 mrd kroner i 2015. Det største tematiske området er helse og omsorg med 10 mrd kroner.
  • I 2015 vart nesten 10 prosent av norsk forsking finansiert frå utlandet.
  • Lønsutgifter utgjer 58 prosent av FoU-utgiftene.
  • FoU i næringslivet auka med 12 prosent frå 2014 til 2015. Det samsvarar med ein sterk auke i søknader til SkatteFUNN-ordninga.
  • Publisering: I Noreg auka talet på artiklar med 9 prosent per år i gjennomsnitt frå 2005-2015. Størst auke hadde Saudi-Arabia (88 %), Malaysia (61 %), Iran (53 %) og Kina (29 prosent).
  • Norske artiklar blir sitert 46 prosent meir enn verdsgjennomsnittet, om lag på nivå med Sverige og Finland. Artiklar frå Sveits og Danmark blir mest sitert.
  • 66 prosent av publikasjonane hadde internasjonalt samforfattarskap i 2016, mot 17 prosent i 1981.

I dag blir Indikatorrapporten for 2017 lansert. Rapporten oppsummerer tilstanden i norsk forsking, og årets rapport markerer 20 år med slike rapportar frå Forskingsrådet – først annakvart år, og sidan 2007 årleg. Om nokon hadde vore fråverande sidan den første rapporten i 1997, kunne ein orsake dei for å stire storøygd på den norske forskingssektoren og bryte ut «Nei, så stor du er blitt!».

Årets jubileumsrapport viser ikkje berre dei sist oppdaterte tala for norsk forsking, men trekk liner attover over ein tjueårsperiode. Først og fremst har det vore ein sterk vekst i FoU-utgifter i perioden 1995-2015, men det innbyrdes styrkeforholdet mellom universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og nærlingslivet har endra seg. Den største veksten har skjedd i UH-sektoren, der det vart forska og utvikla for nær 19 milliardar kroner i 2015. Og medan næringslivet sto for størstedelen av FoU-finansieringa i starten av perioden, er det no det offentlege som er den viktigaste finansieringskjelda.

Annleislandet Noreg

Over 52 000 forskarar deltok i FoU i 2015, og av desse var 37 prosent kvinner. I 1995 var kvinneandelen 24 prosent. Talet på doktorgrader er meir enn dobla på 20 år, og no blir mellom 1400 og 1500 doktorgrader avlagt per år. Mellom stipendiatane var det i 2015 55 prosent kvinner.

Les heile rapporten her.

– Veksten dei siste åra har nærast gjort Noreg til eit annleisland i forskingssamanheng. Vi har greidd å investere langsiktig i forsking gjennom både finanskrise og oljepriskrise, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

Han trekk også fram auken i forskingspublisering som positiv. I 1981 publiserte norske forskarar knapt 2 500 vitskaplege artiklar, i 2015 hadde talet auka til nesten 13 000. Ein langt større del enn før har internasjonalt samforfattarskap. Veksten i publisering er større i Noreg enn i dei fleste andre europeiske land.

– Det er lett å uroe seg for om ein sterk vekst i publisering går ut over kvaliteten på det som blir publisert, men vi ser at det også er ein auke i talet på siteringar. Når det gjeld dei mest siterte artiklane, aukar det norske innslaget jamnt. Det tyder på at kvaliteten veks i lag med produksjonen. Samtidig skal ein hugse at publisering og siteringar ikkje fortel heile historia, seier Røttingen.

Viktigare å måle effekt

Indikatorrapporten gjev svært mange data om tilstanden i norsk forsking, men seier mindre om kvar vi er på veg. Røttingen vedgår at nokre ting er lettare å måle enn andre.

– Investeringane aukar, men vi ligg framleis bak nabolanda når det gjeld gjennomslag, seier John-Arne Røttingen. Foto: Noregs forskingsråd

– Det er lett å måle slikt som investeringar, publikasjonar og kor mange forskarar vi har. Det er meir krevjande å måle om vi er med på å løyse dei viktige oppgåvene i samfunnet. Det ligg store utfordringar framfor oss, som krev endringar både i offentleg og privat sektor. Dei skal forskingssektoren vere med på å løyse, men det er vanskeleg å peike på akkurat korleis vi medverkar til det.

– Det er ein internasjonal trend at ein meir og meir prøver å finne måtar å måle slikt på – vil det bli viktigare for dykk også?

– Eg meiner at det er noko vi skal gjere, men med nokre viktige atterhald. Vi ønskjer å måle resultat og effektar av forskinga i aukande grad, og eg trur til dømes at FNs berekraftsmål er ein god paraply over norske og europeiske forskingsprioriteringar. Men i tillegg til mål og indikatorar, trur eg dei gode historiene og eksempla kanskje er enno betre eigna til å vise effektar av forsking for samfunnet.

Det er dessutan viktig at ein ikkje legg for tung vekt på potensiell nytteverdi av enkeltprosjekt, meiner han.

– Nytteverdi vil eg seie vi har god kontroll på gjennom å vurdere relevans av prosjekta innanfor utlysingane våre. Det må også vere stor aksept for å ikkje nå målet – for å feile. Å feile bør ikkje få konsekvensar for enkeltprosjekt, men vere noko det er nyttig å følgje med på i sum, seier Røttingen.

Ikkje lenger innovasjonssinke

I år framstår Noreg for første gong ikkje lenger som ei «innovasjonssinke» i rapporten. Noreg ligg på 16. plass på det europeiske innovasjonsbarometeret, i gruppa «sterke innovatørar», der vi før berre har vore ein moderat innovatør. Hovudforklaringa er ei metodologisk endring som fangar opp fleire innovative føretak enn tidlegare, men tyder likevel på at det skjer mykje innovasjon i norske føretak, og særleg at det finst ein god kultur for innovasjon. Det kan kome godt med i og med at regjeringa den siste tida har signalisert at det er strammare økonomiske tider i vente framover, og at forsking dermed heller ikkje kan vente å vekse vidare på same måte som dei siste åra. Omstillingar og hardare prioriteringar blir nøkkelord framover.

– Når det gjeld omstilling, må forskingssektoren vere i dialog med kunnskapsutviklinga og -behova i offentleg og privat sektor, og slikt er vanskeleg å få gode indikatorar på. Vi må vere merksame på om vi er innretta for dei behova næringslivet og samfunnet har om 10-20 år. Endringstakta i forskinga er langsommare enn i marknaden, der det kan skje store endringar på kort tid, seier Røttingen.

Han meiner det er stor semje om at forsking er viktig for omstilling, men mindre semje om kven som skal sette retninga og prioriteringane – og korleis.

– Men eg vil seie at vi har eit forskingssystem som er innretta etter dei behova vi har i dag, og vi veit ein del om korleis dei vil endre seg. At noko av eksportinntektene frå olje og gass må bli erstatta med andre produkt, til dømes. Det vi høyrer frå FoU-aktørane som gjer oppdragsforsking, er at det er krevjande å skape nye næringar der det førebels ikkje er kjøpekraft i marknaden. Det vil seie at offentlege investeringar må vere med å skape den kompetansen, og kanskje bygge marknadsbehov. Der trur eg langtidsplanen for forsking kan vere til hjelp ved å peike ut tematiske område, og område der vi kan bygge generisk kompetanse og utvikle teknologi som kan nyttast på mange ulike måtar, seier han.

LES OGSÅ:

Forskingssystemet på rett spor?