Fridom på norsk
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Fridom på norsk

Av Av Oddgeir Osland

Publisert 15. april 2013 kl. 08:33

To ambisiøse, litt sjølvtilfredse - og svært ulike bøker om fridom.

fridom-p--norsk

fridom-p--norsk

Fakta
<

To bøker om fridom. Den eine av Lars Fr. H. Svendsen, eit populærfilosofisk eksportprodukt, med ei særeigen evne til å gjere lettfattelege analysar av avgrensa tema som keisemd, arbeid og vondskap. Den andre av Gunnar C. Aakvaag, som vidarefører programmet til den klassiske sosiologien: den breie analysen av korleis endringar i institusjonane i det moderne samfunnet formar tankane og handlingsvilkåra våre.

Begge er ambisiøse. Svendsen skriv fridommens filosofi, Aakvaag fridommens sosiologi. Begge står på skuldrane til gigantar og diskuterer moderne klassikarar i dei respektive disiplinane. Begge set si lit til autonomien til den einskilde: at vi verkeleg er våre eigne lovgjevarar og ikkje først og fremst er drivne av drifter og fanga i vanen.
Og begge har tillit til det liberale demokratiet. Men elles er dei ulike.

Svendsen innleier med fridommens ontologi. Er intuisjonen vår om at vi medvite gjer val som vi kan stillast moralsk ansvarlege for, ein illusjon som brest i møtet med nyare hjerneforsking og filosofi? Konklusjonen er at vi (framleis) ikkje kan konkludere, men kan la tvilen kome intuisjonen vår til gode.

Hovuddelen omhandlar fridommens politikk. Korleis skape eit samfunn som garanterer autonomien til den einskilde og gjev høve til å forme eigne livsprosjekt? Svendsen gjev eit prinsipielt forsvar for liberal demokratiteori og for ei liste av universelle liberale rettar som skal sikre menneskeleg autonomi. Lista er kort (nye rettar staten skal garantere, inneber nye livsområde staten skal kontrollere), men Svendsen inkluderer retten til utdanning, føde, husrom og helse. I avveginga mellom fridom og rettferd tek han til orde for at staten skal sikre den einskilde grunnleggande høve til å realisere velvære, kombinert med verdipluralisme med omsyn til korleis individa sjølve vel å nytte seg av evnene sine.

Sentrale bidrag innan liberal politisk filosofi vert her konfrontert med over- og nolevande utfordrarar til liberalismen. Kritikken av paternalismen – tenkinga som inneber at ein kan gripe inn i livet til folk for å hindre dei i å gjere val ein meiner ikkje er til deira eige beste – tydeleggjer kva Svendsen meiner står på spel. Han peikar òg mot nyare subtile former for paternalisme der statlege aktørar (mitt ord) ikkje berre kjem med forskrifter om korleis vi skal leve livet vårt, men òg om korleis omgjevnadene våre kan omskapast slik at vi umedvite gjer «rette» val. Denne kritikken av statleg umyndiggjering munnar ut i drøftinga av fridommens etikk og understrekinga av det individuelle moralske ansvaret vi har for andre i jaget vårt etter livsmeining.

Svendsens normative drøfting krinsar kring staten og individet. Men sett frå ein sosiologisk synsstad må ein fullgod analyse av vilkåra til fridommen ta utgangspunkt i at alle institusjonar (til dømes også marknadsøkonomien og vitskapen) har det særdraget at dei samtidig er fridomsskapande og fridomshindrande, dei gjer nokre handlingar moglege og hindrar andre.

Slik sett er det løfterikt at Aakvaag søkjer å utfordre og utfylle fridomsfilosofien og utvikle ein fridomssosiologi. Utgangspunktet hans er handlingsteoretisk, fridomstypologien seksdimensjonal. Fridom omhandlar formalt 1) fråvær av ytre hindringar, og 2) høve til å ta avgjerder, meir substansielt evne til 3) prinsippstyrt sjølvkontroll, 4) sjølvrealisering, 5) kreativitet og 6) anarkisk impulsivitet. Føremålet er samtidsdiagnostisk: Er vi blitt meir eller mindre frie? Metoden er analyse av åtte strukturelle prinsipp (som institusjonell refleksivitet) som er verksame i utviklinga av og samspelet mellom tretten av basisinstitusjonane i samfunnet. Konklusjonen er at det har vore framgang i alle dei seks dimensjonane. Aldri har så mange hatt så mykje fridom.

Men fridomsoptimisten Aakvaags kritikk av «normative fridomsskeptikarar» er svekte av at han ikkje sjølv drøftar tilhøvet mellom fridom og til dømes rettferd eller integrasjon. Og kritikken hans av «empiriske fridomsskeptikarar» er svekte av at empirien hans er summarisk, og at han nyttar ein formal typologi til å kritisere substansielle teoriar (eksempelvis Foucault og Weber) som typologien ikkje kan begripe. Han problematiser heller ikkje forholdet mellom dei ulike fridomsdimensjonane, som impulsivitet og sjølvkontroll, og korleis institusjonelle endringar har påverka styrkeforholdet mellom dei.

Svendsens bok er leseverdig og allment orientert, med brodd mot norsk statspaternalisme. Aakvaags er meir eit disiplinorientert forskingsprogram med polemisk tilsnitt. Begge har eit litt sjølvtilfreds preg, innfanga i Noreg anno 2013. Den som har høve, og vil møte fridommens mange motsetnadsfylte, uforsonlege andlet, bør også lese (igjen) ein av dei få sentrale referansane dei to har felles: Isaiah Berlin sitt banebrytande essay Two Concepts of Liberty.