Fusk og fanteri i lønnsoppgjeret i staten?
LUKK

Fusk og fanteri i lønnsoppgjeret i staten?

Av Forskerforum

Publisert 23. september 2016 kl. 11:07

Statens reknestykke favoriserer systematisk Akademikerne, i strid med begge dei to hovedtariffavtalane, skriv Steinar Vagstad, hovedtillitsvalgt og professor i samfunnsøkonomi.

734366.jpg

Steinar Vagstad, hovedtillitsvalgt for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen og professor i samfunnsøkonomi.

Vårens sentrale lønnsforhandlingar ga ein heilt ny situasjon for statsinstitusjonane og dei statstilsette, med to hovedtariffavtalar i staden for ein. Den største skilnaden mellom dei to hovedtariffavtalane er at avhengig av fagforeningsmedlemsskap får statsansatte enten 0,5 % i generelt tillegg og tilgang til lokale forhandlingar om ein pott svarande til 2,3 % av lønnsmassen, eller 1,15 % i generelt tillegg og tilgang til lokale forhandlingar om ein pott svarande til 1,5 % av lønnsmassen. Den første avtalen gjeld medlemmer i fagforeningar tilknytta Akademikerne, den andre avtalen gjeld alle andre (heretter kalla Andre).

Frå gammalt av har adminstrasjonsdepartementet (Kommunal- og Moderniseringsdepartementet – KMD –  i nyare tid) rekna ut kor stor pott det skal forhandlast om lokalt ved kvar statsinstitusjon, utan å måtte forholde seg til den enkelte statsansattes fagorganisering. I år må dei forholde seg til det, og har, basert på dialog med Akademikerne, rekna ut kor stor pott henholdsvis Akademikerne og Andre skal forhandle over ved kvar statsinstitusjon. Tilsvarande må kvar statsinstitusjon dele inn sine tilsette etter dei same linjer: Akademikerne og Andre skal innplasserast på to ulike lønnstabellar, og dei skal kunne delta i to separate lokale forhandlingar, med kvar sin forhandlingspott.  Når denne inndelinga er gjort kan ein rekne ut lønnsmasse for kvar av dei to avtaleområda, på kvar institusjon.

Viss den katolske kyrkja kan falle for freistinga til å gjere dette, så kan nok andre også.

No viser det seg at departementets reknestykke ikkje samsvarer med lokale tal, på ein måte som systematisk favoriserer Akademikerne, i strid med begge dei to hovedtariffavtalane. KMD opplyser at Akademikernes pott ved UiB skal vere på kroner 9 723 500. Sidan dette skal tilsvare 2,3 % av Akademikernes lønnsmasse ved UiB finn vi at denne må vere kroner 422 760 870, slik departementet ser det. UiBs eigne tal gir Akademikerne ein lønnsmasse på kroner 385 215 250. På same måten kan vi rekne ut KMDs oppfatning av lønnsmassen til Andre ved UiB, og vi kan rekne ut Akademikernes andel av samla lønnsmasse, med KMDs tal og med dei lokale tala. Tabellen nedanfor viser Akademikernes andel av lønnsmassen for dei UoH-institusjonane vi har fått gjort utrekningar for.

KMD ser altså ut til systematisk å overvurdere Akademikernes relative størrelse, og tildeler dermed Akademikerne lokale pottar som er for store i forhold til Akademikernes hovedtariffavtale, på Andre sin bekostning. Kva denne overvurderinga kjem frå er ikkje godt å vite for oss som ikkje har innsyn i det som har skjedd, men det er ikkje ukjent frå andre samfunnsområde at viss ein baserer økonomiske tildelingar på eigenrapporering av medlemmer, så blir gjerne det rapporterte medlemstalet litt høgare enn det burde vere. Viss den katolske kyrkja kan falle for freistinga til å gjere dette, så kan nok andre også.

Eg er kjent med at både UiB og UNIO – og kanskje fleire også – har informert KMD om problemet. Det er vanskeleg å vite kva som føregår i departementet – ein skulle tru at departementet også var interessert i å gjere dette på ein måte som er klok og rettferdig i forhold til dei inngåtte hovedtariffavtalane. Det ser imidlertid ikkje slik ut. Signala frå KMD –går eintydig i retning av at dei står på sitt, uavhengig av kva som er situasjonen ute i felten.

Lokale lønnsforhandlingar med årets to avtaler kunne ha vore gjort svært enkelt og svært oversiktleg for alle partar:

  1. På kvar institusjon må ein først finne ut kven som skal høyre til under Akademikerne og kven som høyrer med til Andre.
  2. Dei som høyrer til Akademikerne blir innplassert på Akademikernes lønnstabell (den med 0,5 % lønnsauke samanlikna med den felles tabellen som galdt før 1. mai), dei som høyrer til Andre blir innplassert på Andre sin lønnstabell.
  3. Så kan ein legge saman (års-)lønna til alle Akademikerne og få eit presist mål på lønnsmassen i Akademikerne-avtalen, og tilsvarande for Andre.
  4. Deretter reknar ein ut dei to lokale pottane: Akademikerne og Andre skal forhandle om kvar sin pott som er henholdsvis 2,3 % og 1,5 % av sine respektive lønnsmasser (frå punkt 3).
  5. Då står berre dei lokale forhandlingane igjen – men desse er kurante når oppdelinga etter hovedtariffavtaler er gjort rett.

Det hadde vore fint om KMD hadde sett på denne saka på nytt. Det er enno ikkje for seint å opptre klokt og rettferdig.