– Gløymer breidda i forskinga
LUKK

- Gløymer breidda i forskinga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 26. februar 2016 kl. 08:49

Produktivitetskommisjonen er einøygd i si fokusering på at dei beste skal bli betre, meiner leiaren i Forskerforbundet.

--gl-ymer-breidda-i-forskinga


– Sjølv om vi er for strukturendringar, er eg kritisk til trua på stadig større einingar og råare konkurranse som einaste veg til høgare kvalitet, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Fakta
<

Eit lite land har ikkje anna val enn å suge til seg og utnytte ny teknologi som blir skapt internasjonalt. Men for å klare det trengst ein kunnskapsrik arbeidsstokk. Den må UH-sektoren produsere.

Slik konkluderte Produktivitetskommisjonens leiar Jørn Rattsø då han presenterte kommisjonens andre rapport for finansministeren i midten av februar. Kommisjonen seier at norsk forsking må bli betre ved at finansieringa må bli meir styrt av kvalitetskrav og mindre av politiske målsettingar frå departementa. Vi treng meir naturvitskapleg-teknologisk forsking og mindre samfunnsvitskapleg forsking som leverer kandidatar til ein oppblåst offentleg sektor. Middelmåtig forsking må leggjast ned, og pengane flyttast til dei beste miljøa.

Motstridande omsyn

Analysane til kommisjonens er meir interessante enn spissformuleringa til Rattsø kan gje inntrykk av, meiner leiaren i Forskarforbundet, Petter Aaslestad.

– Eg er samd med kommisjonen i at grunnforskinga må ha god finansiering, at det må vere god balanse mellom grunnforsking og bruksretta forsking, og at det i dag er for mange ulike tematiske føringar frå departementa som løyver forskingsmidlar. Samstundes ser eg at kommisjonen vil gjere delar av grunnløyvinga konkurranseutsett etter tematiske kriterium, og det står i motsetnad til deira eigne intensjonar.

Leiinga i Forskarforbundet vil lese rapporten nøye, men ser allereie no at krava om høgare produktivitet og høgare vitskapleg kvalitet av og til kan vere motstridande.

LES OGSÅ: Bredde skaper kvalitet.

– Det er gledeleg at kommisjonen ser forsking som ei viktig drivkraft i samfunnet. Samstundes verkar dei litt einspora når dei insisterer på at dei beste må bli betre. Mi erfaring er at ein ikkje får toppmiljø utan breidde i botnen. Kommisjonen ser ikkje at dei nest beste også leverer viktige bidrag, seier Aaslestad.

– Konkurranse ikkje alltid det beste

SV-leiar og medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Audun Lysbakken, seier til Forskerforum at han er glad for at kommisjonen anerkjenner kor viktig forskinga vil vere når det norske samfunnet no skal omstille seg frå oljeøkonomi til grøn økonomi.

– SV har lenge etterlyst færre og breiare forskingsprogram slik kommisjonen tek til orde for, for å sikre stabilitet for forskingsmiljøa. Men sjølv om vi er for strukturendringar, er eg kritisk til trua på stadig større einingar og råare konkurranse som einaste veg til høgare kvalitet. Vi har allereie høg produktivitet i Noreg, og det er med utgangspunkt i ein samfunns- og forskingsmodell som ikkje byggjer på mest mogleg konkurranse, men på brei og god grunnløyving.

Lysbakken åtvarar også mot å leggje opp til ein konflikt mellom samfunnsvitskapen og naturvitskapen når det gjeld bidraga deira til produktiviteten.

– Snarare bør vi oppmode til meir tverrfagleg forsking, til dømes skjer det mykje spennande innanfor klimaforsking når dei to fagområda møtest. At vi skal auke kompetansen innanfor naturvitskap og teknologi, er ukontroversielt, men også samfunnsvitskapane bidreg til produktivitet. Dei er til dømes sentrale for å auke effektiviteten i offentleg sektor, noko kommisjonen sjølv etterlyser, seier han.

Fryktar ikkje for samfunnsvitskapen

I dette får Lysbakken støtte av dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiO, Nils-Henrik M. von der Fehr.

– Det er klart at samfunnet treng folk som er gode på teknologi, men alle som har prøvd å implementere ny teknologi, veit at utfordringa ikkje ligg i det tekniske, men i organisering og opplæring. Då trengst den kunnskapen vi har her, om psykologi, korleis ein organiserer offentleg sektor, om økonomi, seier von der Fehr.

Han er heller ikkje samd i påstanden til kommisjonen om at universiteta har hatt insentiv til å byggje opp billege samfunnsvitskaplege utdanningar som medverkar til at offentleg sektor veks seg for stor.

– Ein del trur at offentleg sektor vil halde fram med å vekse, mellom anna fordi han skal handtere større helse- og omsorgsoppgåver. Det kommisjonen sjølvsagt har rett i, er at dette skal betalast, og at pengane må hentast ein stad. Det er til sjuande og sist eit politisk spørsmål. Eg er ikkje uroleg for fakultetet vårt. Vi leverer god kvalitet, det er etterspurnad etter det vi leverer, og det vil det framleis vere.