I går gav Stortinget klarsignal til Riksarkivaren om å halde fram med omorganiseringa av Arkivverket.
– Dette gjekk som forventa. Familie- og kulturkomiteen hadde bestemt seg for at saka skulle gå glatt gjennom i Stortinget utan debatt, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet (Sp). 
 
To framlegg frå Sp om den nye organiseringa av Arkivverket har vore til handsaming i familie- og kulturkomiteen: at Stortinget ber regjeringa oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar, og at Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget dersom det vert føreslått endringar i det statlege Arkivverket si organisering. 
 
Saka kom opp i Stortinget i går. Saksordførar Svein Harberg (H) sa frå talarstolen at familie- og kulturkomiteen meiner dette per i dag ikkje er ei sak for Stortinget. 
 
– Ein samla komité er samde om å ikkje ta stilling til saka. Vi har tillit til at Arkivverket sjølv, i samarbeid med politisk leiing, handsamar dette. I tillegg er det jo slik at forslaga som Sp fremjar er upresise, for der står det at ein skal oppretthalde dei regionale statsarkiva som eigne institusjonar, og det er dei jo ikkje i dag. Statsarkiva er ein del av Arkivverket, sa Harberg. 
 
Avviser saka
 
Harberg meinte det vil vere heilt feil av Stortinget å gripe inn og detaljstyre prosessen i Arkivverket. 
 
– Komiteen aviser saka frå Sp og stiller seg ikkje bak desse forslaga.
 
Kulturminister Linda Hofstad Helleland meinte Riksarkivaren har presentert ei ny skisse som tek omsyn til behovet for omorganisering i etaten og i tillegg opprettheld tenestene ved statsarkiva. 
 
– Etter dette vedtaket er gjort, vil eg be Riksarkivaren om å ta opp att forhandlingane med dei tillitsvalde. Føresetnaden er at statsarkiva skal behaldast og spesialiserast ved å få overført nasjonale oppgåver frå Riksarkivet. Fleire oppgåver skal flyttast ut frå Oslo til distrikta, uttalte ho.
 
– Opp til dei tillitsvalde
 
Men Toppe seier til Forskerforum at risikoen for sterkare sentralisering av tenestene i Arkivverket er like stor som før. Den nye skissa Riksarkivaren har lagt fram har ikkje endra på dette, meiner ho. 
 
– Saksordføraren i komiteen meinte Stortinget ikkje kan gripe inn i prosessen. Men her er det ikkje snakk om ei intern omorganisering. Dette er arkivpolitikk, seier Toppe.  
Ho seier statsråden no har plassert ansvaret på organisasjonen sjølv og på dei tillitsvalde. 
 
– Det er no opp til dei tillitsvalde i Arkivverket å sørgje for at ein får ei organisering som gjer at ein får behalde statsarkiva og handlingsrommet deira lokalt.