– Grov innblanding av forsvarssjefen
LUKK

– Grov innblanding av forsvarssjefen

Av Forskerforum

Publisert 29. april 2016 kl. 13:53

Forsvarsjefen får kraftig kritikk for å blande seg inn i utstilling om andre verdenskrig, etter instruks frå Polen. - Heilt uakseptabelt, seier Museumsforbundet.

Av Johanne Landsverk

– Det er uhøyrd at forsvarssjefen vil instruere museet til å korrigere tekstane i vår eiga utstilling, seier Frode Færøy, førsteamanuensis ved Noregs heimefrontmuseum. Han er også hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon.
Forsvaret eig sju museum, og eitt av desse er Heimefrontmuseet.

Polske protestar

Det starta med at museet fekk eit brev frå den polske ambassadøren i Noreg, som hevda at fleire tekstar i utstillinga om utryddingsleirane i Sentral-Europa under andre verdskrigen kan villeie publikum. Tekstar som «konsentrasjonsleirer i Polen» eller «jødisk getto i Polen» er upresise, og underkommuniserer at Polen, på same måte som Tsjekkoslovakia, var tysk-okkuperte. Han meinte tekstane må endrast til «konsentrasjonsleirer i det okkuperte Polen», elles kan besøkande utan særleg kunnskap om andre verdskrigen tru at også Polen og Tsjekkoslovakia stod ansvarleg for utryddingsleirane.

LES OGSÅ: Forsvarssjefen får skarp kritikk på Stortinget.

Men i eit svarbrev frå direktøren ved Heimefrontmuseet vart desse påstandane tilbakevist.

– Vi meiner at tekstane våre, om ein berre har litt kunnskap om andre verdskrigen, ikkje er til å misforstå på dette punktet. Vi meiner vi har eit godt fagleg grunnlag for å tilbakevise desse påstandane, seier Færøy.

Heimefrontmuseet meiner det kjem klart fram av utstillinga at Polen var okkupert av Nazi-Tyskland.

Heimefrontmuseet meiner det kjem klart fram av utstillinga at Polen var okkupert av Nazi-Tyskland. Foto: Aksel Kjær Vidnes

«Det er det same som at Kulturdepartementet skulle legge seg opp i kva Nasjonalmuseet gjer i sine utstillingar.»

– Legg seg flat for Polen

Men den polske ambassadøren var ikkje nøgd med svaret frå museet, og skreiv eit nytt brev direkte til forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen. I svarbrevet skriv forsvarssjefen at han vil ordne opp i dette, og vil instruere museet om endre på tekstane.

– Det mest oppsiktsvekkande er at forsvarssjefen legg seg flat for påstandane frå den polske ambassadøren, og kjem med forsikring om at Heimefrontmuseet skal korrigere utstillinga. Forsvarssjefen blandar seg altså inn og overprøver den faglege vurderinga til museet, seier Færøy.

Polske styresmakter har reagert på at Heimefrontmuseet skriv «KZ-leirer i Tyskland, Polen og Tsjekkoslovakia». – Vi meiner at tekstane våre ikkje er til å misforstå, seier Frode Færøy.

Polske styresmakter har reagert på at Heimefrontmuseet skriv «KZ-leirer i Tyskland, Polen og Tsjekkoslovakia». – Vi meiner at tekstane våre ikkje er til å misforstå, seier Frode Færøy. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Han meiner Forsvaret blandar saman rollane, og ikkje greier å skilje rolla som museumseigar på eine sida og rolla som museumsleiar på den andre.

– Dette er eit klart brott på prinsippet om «armlengdes avstand», som er nedfelt i heile kulturfeltet og i akademia. Politiske styresmakter kan ikkje skal blande seg inn i den utøvande leiinga ved eit statleg museum eller påverke forsking og formidling.

Han meiner saka også handlar også om fagleg omdømme.

– Vi som er forskarar i Forsvaret får jo av og til høyre at den norske framstillinga av krigen er ei historie som det norske forsvaret ønskjer seg. Når forsvarssjefen blandar seg inn i det faglege på denne måten, kan dette vere med på å undergrave posisjonen vår som truverdige forskarar og formidlarar.

Oppteken av omdømme

Færøy seier museumsdirektøren vart kontakta av Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon, som representerer nivået mellom forsvarssjefen og Heimefrontmuseet.

– Det er dei som på vegner av forsvarssjefen har gjord undersøkingar i saka. Vi har fått signal om at ein no prøver å løyse saka ved å setje opp ekstra tekstar der ein forklarer at Polen var tysk-okkupert. Men vi meiner dette går klart fram av samanhengen, og at det ikkje er til å misforstå.

Museet presiserer at KZ-leirane (konsentrasjonsleirane) var tyske.

Museet presiserer at KZ-leirane (konsentrasjonsleirane) var tyske. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Polske styresmakter har i mange år vore opptekne av at media ikkje skal få bruke omgrep som «polske konsentrasjonsleirar», og det finst fleire døme på at Polen har prøvd å gripe inn. I fjor vart lokalavisa Sør-Trøndelag meldt til Pressas faglege utval (PFU) for å ha brukt omgrepet «polske konsentrasjonsleirar» i ei filmmelding. PFU konkluderte at avisa ikkje hadde gjort noko gale. Nyleg skreiv òg Dagbladet om Polens ønskje om å kontrollere framstillinga av Polen under andre verdskrigen.

– Denne saka er eit godt eksempel på at Polen er ekstremt fiksert av å blankpusse sitt eige omdømme, ikkje minst historia om andre verdskrigen, seier Færøy.

Forstår reaksjonen

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen vil ikkje stille til intervju om saka, men skriv til Forskerforum at han er svært oppteken av at sjefar på alle nivå i Forsvaret skal ha eit breitt handlingsrom, og at den einskilde sjefen får utøve myndigheit innanfor sitt fag- og ansvarsområde. Dette gjeld også styringa og leiinga av Heimefrontmuseet.

Han skriv: «I mitt brev til den polske ambassadøren, datert 8. april 2016, imøteser jeg synspunktet om at publikum kan misforstå teksten på skiltene som beskriver utstillingen ved Hjemmefrontmuseet. Teksten skal vise til konsentrasjonsleirene i de naziokkuperte områdene under andre verdenskrig. At det kommer reaksjoner på at tekstene benevner beliggenheten til konsentrasjonsleirene ved navn på land, har jeg forståelse for. Det er korrigering av selve teksten på skiltene jeg har bedt Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon om å endre. Jeg har ikke gitt føringer om å endre det kulturelle uttrykket i utstillingen.»

– Brott på fagleg fridom

Men Færøy seier det er det prinsipielle som er viktig i denne saka.

– Forsvarssjefen svarar ikkje på det prinsipielle spørsmålet, nemleg at eigar ikkje skal gripe inn i kunst, formidling eller forsking. Det er eit brott på eit viktig prinsipp at ein eigar eller styresmakt ikkje skal gå inn og detaljstyre og meine noko om formidlinga ved verksemdene. Her instruerer forsvarssjefen museet, det står jo svart på kvitt i brevet hans. Eg har jobba ved dette museet i nesten 25 år, og har ikkje vore borti ei liknande sak. Så eg er svært overraska over forsvarssjefen.

Færøy får støtte frå Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund.

– Dette er eit klart brott på prinsippet om «armlengdes avstand», som vi praktiserer her i Noreg. Det er også eit brott på den faglege fridomen til musea som er tydeleg formulert i Museumsmeldinga og tilskottsbreva frå Kulturdepartementet, seier ho.

Ramskjær meiner det er svært uheldig om forsvarssjefen prøver å styre museet.

– Det er det same som at Kulturdepartementet skulle legge seg opp i kva Nasjonalmuseet gjer i sine utstillingar. Så dette er heilt uakseptabelt, seier ho.