Gud mot gud
LUKK

BOKMELDING

Gud mot gud

Av Lars Nyre

Publisert 8. november 2013 kl. 09:32

Spennande om dramatiske beleiringar og kvardagsleg elende i sporet til dei store hærane.

gud-mot-gud

Fakta
<

Religionskrigane i Europa var svært brutale, og sleit ut heile kontinentet i ein 250 år lang kamp fram og tilbake. Religionskrigar har ein tendens til å vera ekstra brutale fordi partane ikkje anerkjenner kvarandre som likemenneske. Den andre parten er barbarar, kjettarar, vantru eller undermenneske. Dei kan torturerast i hel på muren for å skremma dei andre (som gjer akkurat det same). Parallellen til notida er nedslåande.

Knutsen tek ikkje stilling til krigføringa, men leverer ei nøktern historie. Han vel seg ut Europa frå 1450 til 1700 og fortel kronologisk, med god fordeling mellom aust og vest, nord og sør. Historia byrjar med Konstantinopels fall i 1453, noko som førte til at muslimane trengde seg lenger vest. Omtrent samstundes var det sjøkrig i Middelhavet, der muslimske sjørøvarar som Barbarossa slost mot johanitterordenen på Malta i eit mylder av større og mindre galeislag. Frå 1520-åra førte Luthers lære til ei stadig aukande politisk-religiøs splitting i Nord- og Aust-Europa, særleg i Nederland og Tyskland. Den lange krigen mellom Spania og Nederland glei over i trettiårskrigen frå 1618, der Sverige var ein av dei sterkaste protestantiske aktørane. I 1648 kom freden i Westfalen, og boka til Knutsen er slutt.

Sjeldan har eg hatt slikt eit behov for kart.

Knutsen definerer teoretisk to typar religionskrig. Det er dei regionale denominasjonskrigane i Europa, som var krigar blant ulike trusretningar eller denominasjonar innanfor kristendomen. Til dømes var det ein utryddingskrig mellom hugenottar og katolikkar i Frankrike (katolikkane vann). Den andre typen kan kallast religionskrigar, og gjekk føre seg mellom ulike religionar og kontinent, særleg mellom europeisk kristendom og asiatisk islam. Begge delar er relevante for historia han fortel, og fungerer såleis godt som teoretisk støtte.

Knutsen er flink til å fortelja om store menn, dramatiske beleiringar, sjøslag og kvardagsleg elende i sporet til dei store hærane. Det heile er lettlese og spennande fortalt. Men sjølv om eg eg utan tvil vil anbefala boka for dei som er interesserte i historie, så har eg to ankepunkt.

Sjeldan har eg hatt slikt eit behov for kart. Her er det snakk om land og rike som ikkje eksisterer lenger, og det er umogeleg å sjå for seg statsgrensene i hovudet, pluss at grensene vart flytta heile tida. Krigane hadde vorte så mykje meir konkrete for lesaren dersom Knutsen hadde vist fram den geografiske utstrekninga og den religiøse overtydinga på ein serie med kartvisingar. Etter mitt syn er dette eit viktig pedagogisk grep som det er kritikkverdig å bruka så lite.

Knutsen seier innleiingsvis at han vil forstå religionen si spesifikke rolle i krigføringa i Europa i tidleg nytid, og ikkje redusera krigane til eit reint rasjonelt spørsmål om ekspansjon, politikk og pengar. Dette er ein ytst prisverdig ambisjon, som eg ikkje synest vert oppfylt. Det kjem ikkje godt fram i boka kva psykiske og sosiale krefter som ligg i religionen. Knutsen kunne ha lodda mykje djupare her, og han hadde hatt plass til det også, for boka er berre på usle 167 sider.