– Har kjøpt forslaget til Riksarkivaren
LUKK

- Har kjøpt forslaget til Riksarkivaren

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. april 2016 kl. 09:40

- Vedtaket i familie- og kulturkomiteen gjev klarsignal for omorganisering av Arkivverket, seier Kjersti Toppe (Sp).

– Det ser ut til at familie- og kulturkomiteen har kjøpt det siste framlegget frå Riksarkivaren om ny struktur i Arkivverket. Om komiteen har gjort dette i god tru, veit eg ikkje, seier Kjersti Toppe frå Senterpartiet (Sp). Saman med Heidi Greni og Per Olaf Lundteigen frå Sp står ho bak representantforslaget om å oppretthalde og styrke dei åtte statsarkiva som eigne institusjonar. 
 
For det vart bråk då Riksarkivaren i fjor haust foreslo at statsarkiva i regionane ikkje lenger skal vere leia av ein statsarkivar på staden. Framlegget førte til brott i forhandlingane mellom leiinga i Arkivverket og organisasjonane. Sp meinte omorganiseringa braut med arkivlova, og tok saka til Stortinget. 
 
Skuffa over vedtaket
 
Men i eit brev til familie- og kulturkomiteen datert 15. desember 2015 skriv kulturminister Linda Hofstad Helleland at ei omorganisering av Arkivverket kan gjerast utan at det er naudsynt å endre arkivlova. Saman med brevet kom ei ny skisse frå Riksarkivaren, og her blir det forslått at det skal vere ein regional leiar frå Arkivverket på kvar arbeidsstad, og at statsarkivarane skal få behalde tittelen.
 
– Problemet er at det nye framlegget er nærmast identisk med det opphavlege, også når det gjeld leiarstruktur. Det einaste nye er at statsarkivarane skal få behalde namnet, seier Toppe. 
 
Ho er skuffa over vedtaket i komiteen, som er samrøystes og som truleg vil få full støtte når det kjem opp i Stortinget 14. april. 
 
– Vedtaket gjev kulturministeren fullmakt til å be Riksarkivaren setje i gang omorganiseringa, seier Toppe. 
 
– I merknaden frå komiteen heiter det at komiteen støtter intensjonen i forslaget frå Sp? 
 
– Om dei er einige i intensjonen vår, måtte dei ha vore meir tydelege i innstillinga.  Slik det står no, støttar dei samrøystes det nye framlegget, seier ho.    
 
– Ein smekk på fingeren
 
Gudmund Valderhaug er høgskulelektor ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han meiner vedtaket frå komiteen kan gje rom for ulike tolkingar. 
 
– Når det står at «Komiteen støtter intensjonen i representantforslaget,…» kan dette tolkast som kritikk av Riksarkivaren og ei støtte til representantforslaget til Sp, seier Valderhaug.
 
Han er einig i at den nye skissa til omorganisering er lite anna enn ei sminka utgåve av den opphavlege. 
 
– Det som er endra, bortsett frå at namna statsarkiv og statsarkivar skal få leve vidare, er at statsarkivarane skal ha eit udefinert «plassansvar». Kva dette inneber, må Riksarkivaren presisere nærare. Det er elles liten tvil om at merknaden frå komiteen om informasjon i denne prosessen kan tolkast som ein forsiktig smekk på fingeren til Riksarkivaren. 
 
Forhandling om statsarkiva
 
Komiteen viser elles til brevet frå kulturministeren, der det står at ein gjennomgang av Arkivverket skal føre til styrking av etaten, og at dette også skal gjelde statsarkiva.
 
– No står det att å forhandle, seier Espen Andersen, som er hovudtillitsvald i Arkivverket.
 
– Det blir opp til partane å tolke kva som ligg i dette, at ein skal styrke statsarkiva. Det er dette forhandlingane kjem til å handle om framover, seier han.