Har nådd vippepunktet
LUKK

Har nådd vippepunktet

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 30. september 2013 kl. 08:54

Open tilgang til forskingsresultat vil snart vere regelen snarare enn unntaket. Betre infrastruktur og midlar til publisering er nokre av grunnane.

Fakta
<

Om lag halvparten av dei vitskaplege artiklane som vart produserte innanfor det europeiske forskingsområdet i 2011, var gratis tilgjengelege i ei eller anna form. Det kjem fram i ein studie tinga av EU-kommisjonen som vart lagd fram i slutten av august i år. Kommisjonen slår fast at open tilgang til forsking, såkalla «open access», dermed har nådd eit vippepunkt.


Eit politisk krav

– Stadig fleire institusjonar krev at forskarane skal gjere resultata sine ope tilgjengelege så langt som råd. Forskingsrådet har lenge kravd open tilgang til forsking som er finansiert av dei, men har førebels ikkje hatt verktøy til å følgje opp kravet, seier seniorrådgjevar Nina Karlstrøm ved forskingsinformasjonssystemet CRIStin.

I forskingsmeldinga som kom i vår, låg det klare forventingar om at offentleg finansiert forsking skal gjerast ope tilgjengeleg. EU sitt nye rammeprogram, Horizon2020, set krav om open tilgang til forsking som er finansiert gjennom rammeprogrammet. Det er stadig større politisk semje om at forsking som allereie er finansiert over skattesetelen, ikkje skal betalast for endå ein gong i form av dyre tidsskriftabonnement.


Terskelen er lågare

CRIStin har nasjonalt koordineringsansvar for arbeidet med open tilgang. Det medfører både arbeid med infrastruktur og med forhandling om lisensavtalar med tidsskriftforlag og tenesteleverandørar. Dermed kan rapporteringssystemet nyttast til å følgje utviklinga, til dømes kan ein spore i kva grad forskingsprosjekt som er finansiert av Forskingsrådet, har resultert i artiklar med open tilgang.

– Det er gjort mykje for å skape god infrastruktur som gjer det lettare for forskaren å gjere publikasjonane tilgjengelege. No kan ein berre leggje inn artikkelen i fulltekst når ein rapporterer inn til CRIStin, så syter vi for at det hamnar i arkiva, og dei tek jobben med klarering av rettar, seier Karlstrøm.

Open tilgang kan sikrast anten gjennom at forskaren publiserer resultata i opne tidsskrift («gullvegen»), eller at dei legg ein kopi av publikasjonen i eit ope arkiv («den grøne vegen»). Dei fleste universitet og høgskular har no eigne institusjonsarkiv og god kompetanse på eigenarkivering og opphavsrettar, men i instituttsektoren står det mykje arbeid att.


Dekkjer forfattargebyr

Så langt har ti institusjonar også oppretta publiseringsfond som skal dekke forfattarbetaling ved publisering i opne tidsskrift. Ingen av fonda er eldre enn tre år, og effekten er først no i ferd med å bli synleg.

– Forskarar som vil publisere i opne tidsskrift utan abonnementsinntekter, blir ofte møtte med krav om å betale for publisering. Har ein ikkje ei finansieringskjelde som dekker dette, blir forfattarbetalinga ein bøyg som ofte gjer at forskaren vel eit tradisjonelt tidsskrift, seier universitetsbibliotekar ved Universitetet i Tromsø, Leif Longva.

UiT løyvde 300 000 kroner til publiseringsfondet i 2011, men berre godt og vel halvdelen vart brukt opp. I år var løyvinga på ein halv million oppbrukt før sommaren, og fondet fekk ei ekstraløyving på ytterlegare ein halv million, som ifølgje prognosen vil halde for resten av året.


Prosentdelen aukar

– Statistikken for 2012 viser at Det helsevitskaplege fakultetet nytta 78 prosent av midlane i fondet. Det har å gjere med at artikkelproduksjonen er ujamt fordelt mellom fakulteta, og innanfor biomedisin finst det også mange gode tidsskrift med open tilgang, seier Longva.

I 2010, året før publiseringsfondet vart oppretta, utgjorde publikasjonane med open tilgang (både «grøn» og «gull») ni prosent av samla publisering ved UiT. I 2012 var delen på 22 prosent. Kunnskapsdepartementet sin tilstandsrapport for høgare utdanning 2013 viser at fleire institusjonar har sett liknande hopp i statistikken kring 2010/2011, men variasjonen mellom institusjonane er store.

– Vi ser at slike fond, saman med god infrastruktur, er svært viktige. Vi arbeider med verktøy for at institusjonane betre skal kunne følgje opp sine eigne mål om open tilgang. Til dømes kan vi undersøke kva for artiklar som kan deponerast i institusjonsarkiv. Vi fekk om lag 20 000 innrapporterte publikasjonar i fjor, og om lag 40 prosent kunne potensielt ha blitt eigenarkiverte, seier Nina Karlstrøm.