Hardt press på tillitsvalde
LUKK
Annonse
Annonse

Hardt press på tillitsvalde

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. oktober 2015 kl. 07:58

Somme meiner dei er for ettergivande. Andre synest dei er for tøffe. Å vere tillitsvald ved fusjonar er krevjande.

Fakta
<

– Generelt har tillitsvalde eit stort arbeidspress, og omfattande fusjonsprosessar fører med seg mykje ekstraarbeid, seier Kristian Steinnes, leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved NTNU.

NTNU er midt i fusjonsprosessen med Høgskulen i Gjøvik, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Sør-Trøndelag, og som tillitsvald står Steinnes midt i stormen.

– Nokre av medlemmene våre er imot fusjon, medan andre er meir positive. Fusjonen kan få store konsekvensar for nokre av dei tilsette, men små konsekvensar for andre. Om vi ikkje greier å forhandle fram gode nok avtalar, kan det få følgjer for medlemmene våre. Så det er eit stort ansvar å ha. Samtidig bør vi tillitsvalde ha ein best mogleg dialog med leiinga, seier Steinnes.

Men medlemmene har ulike meiningar også om dette:

– Ein kan lett bli skulda for å vere servil andsynes leiinga, eller ein får høyre at ein er for tøff. Somme meiner det viktigaste er å vere konstruktiv i forhandlingar, medan andre meiner ein bør stå på krava og setje hardt mot hardt.

Kritikk frå pressa

Steinnes vart pressa hardt då Adresseavisen kritiserte Forskerforbundet ved NTNU for å halde resultata frå ei intern medlemsundersøking hemmeleg.

– Ja, vi gjekk ikkje til media med resultatet, men alle medlemmene våre vart informerte om hovudfunna i undersøkinga. Då vi sende ut undersøkinga, lova vi at vi ikkje ville distribuere resultata til andre enn lokallaga hjå fusjonspartnarane, og då ville det vore feil å gå til media med dei. Men vi nytta sjølvsagt informasjonen i møte med leiinga ved NTNU, det var eit sentralt poeng med heile undersøkinga.

Den største utfordringa er at alt må gå så fort.

Han meiner kommunikasjon ut til pressa og offentlegheita er svært viktig.

– Men det er også svært utfordrande å vere til stades på ein god måte til rett tid, seier han.

Høgskulen i Ålesund (HiÅ) er ein av høgskulane som no blir slått saman med NTNU. Gunnhild Naustdal Furnes, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved HiÅ, seier dei tillitsvalde på dei mindre institusjonane har blitt godt tekne imot ved NTNU.

– Dei ulike organisasjonane ved NTNU har eit godt samarbeid. Men både Ålesund og Gjøvik blir jo veldig små samanlikna med NTNU, og det i seg sjølv gjer arbeidet krevjande.

– Den største utfordringa er at alt må gå så fort, og som tillitsvald kjenner ein på eit stort ansvar for å ligge i framkant i prosessen, seier ho. 

Korte fristar

Hovudtillitsvald Ellen Karoline Dahl ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) har vore gjennom fleire fusjonsprosessar. No står høgskulane i Narvik og Harstad for tur til å bli innlemma i UiT.

– NTNU har heilt andre utfordringar enn oss, blant anna når det gjeld trykk frå media. Her i Tromsø finst det vel ikkje ei avis som skriv om fusjonen med Narvik og Harstad, seier Dahl.

Ho meiner det tøffaste med fusjon, er tidspresset.

– Korte fristar gjer at ein som tillitsvald i liten grad har tid til å til å diskutere saker med medlemmene. Denne gongen har vi ikkje hatt spørjeundersøking, og vi har fått svært få reaksjonar frå medlemmene. Det verkar som om dei tilsette har akseptert fusjonen.

Dahl er nøgd med den noverande leiinga ved UiT, som er bevisst på å ta med organisasjonane tidleg i prosessen.

– Kjem under krysspress

Unio-leiar Anders Folkestad meiner tillitsvalde ikkje berre er utsette for tidspress, men også innhaldspress:

– Arbeidet til dei tillitsvalde verkar undervurdert. Her ligg det eit politisk press om at ting skal skje med det formålet å slå institusjonar saman. Dei tillitsvalde skal ikkje berre handtere politikken og rette seg etter vedtaka som er gjorde, men også takle motførestellingane som finst i mange miljø. Og då vil dei tillitsvalde kome under sterkt krysspress.

Folkestad meiner det er krevjande for tillitsvalde å ta i vare alle rettane på vegner av medlemmene. Han framhevar vidare kor viktig det er at leiinga involverer dei tillitsvalde i heile prosessen og gjev dei nok tid til å ta del i omstillingsarbeidet.

– Men i desse sakene trur eg det politiske kravet om omstilling i nokre tilfelle kan overskygge behovet for gode prosessar. Det er viktig å hugse at den eventuelle skepsisen dei tilsette har, også må vere ein del av fusjonsprosessen, seier han.