Brorparten av biomedisinsk forsking kjem aldri samfunnet til gode. 170 milliardar amerikanske dollar har vorte brukt på bortkasta forsking, hevdar to forskarar.

– Eg trur nok det er eit element av fornekting involvert, seier Paul Glasziou.

Han er lege og professor i evidensbasert medisin ved Bond University i Queensland i Australia. For åtte år sidan publiserte han saman med Iain Chalmers – som er ein av grunnleggarane av Cochrane-samarbeidet – ein artikkel i tidsskriftet The Lancet, der dei hevda at 85 prosent av alle midlar til biomedisinsk forsking truleg var bortkasta. I dag svarar det godt og vel til 170 milliardar amerikanske dollar, meiner dei.

Paul Glasziou (Foto: Bond University)

– Overveldande

No står Glasziou med tekoppen sin i ein av pausane i programmet på den femte verdskonferansen for forskingsintegritet i Amsterdam. Han forklarer at han trur dette enorme talet kan bli så overveldande at forskarar ikkje orkar å ta innover seg problemet med bortkasta forsking i det daglege. Det kan vere ein av grunnane til at oppryddinga går så seint.

Eitt av programpunkta på konferansen tok for seg nettopp bortkasta forsking og kva som blir gjort for å redusere sløsinga med forskingsmidlar. I artikkelen frå 2009 gjorde Glasziou og Chalmers greie for ei rekkje ulike mekanismar dei meiner ligg bakom bortkasta forsking: Biomedisinsk forsking tek ikkje tak i dei spørsmåla som er mest relevante for pasientar og legar. Til dømes går ein stor del av forskingsmidlane til studiar av medikament, medan pasientar ofte ønskjer meir kunnskap om ikkje-medikamentell behandling. Studiar blir sette i gang utan at ein først har undersøkt om det er behov for dei, basert på den forskinga som allereie ligg føre. Meir enn halvparten av biomedisinske studiar blir aldri publiserte, og dei som blir det, gjev eit skeivt kunnskapsbilete. Og av dei studiane som blir publiserte, er ein stor del ikkje skildra godt nok til at andre kan dra nytte av dei, eller dei rapporterer andre funn enn det dei eigentleg hadde planlagt å teste.

– Ein vanleg reaksjon er at folk blir overraska over tala og tenkjer at dei er altfor høge. Men går ein igjennom alle fasane i forskingsprosessen der arbeid blir utført til ingen nytte, kan det like gjerne hende at talet vårt er for lågt, seier Glasziou.

Trengst meir forsking?

Vrije universiteit Amsterdam, 5th World Conference on Research Integrity. Foaje, lunsjpause.

Symposiet om bortkasta forsking under konferansen i Amsterdam inviterte representantar for både forskarar, tidsskrift, forskingsråd og institusjonsleiarar til å snakke om kva dei, på kvar sin kant, kan gjere for å sikre at forskinga faktisk har ein funksjon utover å fylle opp CV-en til forskarane. Eit opplagt tiltak er å sikre at alle nye biomedisinske forskingsprosjekt er solid forankra i den allereie eksisterande litteraturen.

– På den eine sida er det innlysande at forskingsartiklar viser til tidlegare utført forsking på feltet, det ligg i sjølve vitskapens DNA. På den andre sida viser det seg at forskarar typisk berre refererer til ein liten del av det som er gjort tidlegare, seier Hans Lund, professor II ved Senter for kunnskapsbasert praksis ved Høgskulen på Vestlandet og ein av innleiarane i Amsterdam.

I innlegget sitt viste Lund til at forskarar oftast vel å referere til forfattarar dei kjenner, eller til studiar som støttar deira eige argument. I mellomtida held forskarar fram med å forske på spørsmål som allereie har eit tydeleg svar – som dei ville ha oppdaga om dei berre hadde studert den eksisterande litteraturen grundigare. Men sjølv i dei tilfella der systematiske oversiktar over allereie utført forsking finst, blir dei sjeldan brukte til å vurdere om meir forsking trengst eller ikkje.

Hans Lund, Senter for kunnskapsbasert praksis, Høgskulen på Vestlandet.

– Det vanskelege er sjølvsagt å vite kva tid ein har forska tilstrekkeleg på eit spørsmål. Det trengst meir enn éin studie, men kor mange er for mange? Det er ikkje lett å svare på, forklarer Lund.

 

Fragmentert kunnskap

Litt av problemet, meiner han, er at mange ikkje tek innover seg at det rett og slett er uråd å ha oversikt over kva som er gjort på feltet frå før utan å lage ei systematisk oversikt.

– Som forskar får du ein kjempegod idé som du har lyst til å studere. Før i tida var det gjerne tilstrekkeleg å abonnere på eit titals tidsskrift, og å reise på konferansar og snakke med folk. På den måten fekk du ei ganske klar kjensle av kva som var kunnskapstilstanden på feltet, og om det hadde noko for seg å gå vidare med ideen. Men no, når mengda forsking har auka så enormt, har kvar forskar berre oversikt over si eiga vesle øy av forskarar som refererer til kvarandre. Dei oppdagar ikkje at det finst miljø andre stader i verda som forskar på akkurat det same, seier Lund.

Som fleire av innleiarane under symposiet peika på, fører mangel på oversikt ikkje berre til at forskingsmidlar blir kasta ut av vindauget. Ein utset også mange pasientar for fare når ein held fram med å forske på slikt som effekten av behandlingsmetodar lenge etter at svaret er kjent. Mange liv kunne ha vore redda om ein hadde slutta å forske og i staden implementert resultata i klinisk praksis.

For tre år sidan etablerte difor forskarar ved Senter for kunnskapsbasert praksis eit internasjonalt nettverk, Evidence-Based Research Network. Målet er å redusere mengda av bortkasta forsking ved å jobbe for at alle nye studiar må vise til ei systematisk oversikt over tidlegare forsking.

– Eg får ofte høyre at forskarar ikkje har tid til å vente på ei systematisk oversikt, det senker publiseringstempoet deira. Men er det betre å sette i gang med ein heilt overflødig studie? spør Lund.

Systematisk reduksjon

Men systematiske oversikter er ikkje det einaste tiltaket mot bortkasta forsking. I artikkelen frå 2009 lista Glasziou og Chalmers opp ei rekkje tiltak som kvar for seg kunne bidra til å redusere mengda bortkasta forsking, i ulike stadium av forskingsprosessen. Tiltaka inkluderte slikt som det å involvere pasientar og praktikarar i prioriteringa mellom forskingstema, å sende studiar til fagfellevurdering i designfasen for å luke ut metodeproblem på eit tidleg stadium, og å krevje at alle studiar blir registrerte før oppstart, slik at ein etterpå kan sjekke at dei verkeleg blir publiserte.

I ettertid har det britiske National Institute for Health Research (NIHR), som handterer finansiering av ein stor del av helseretta forsking på vegner av det britiske helsedepartementet, teke for seg alle tiltaka og arbeidd målretta med å implementere dei for å auke verdien på forskinga dei finansierer.

Sløsing kan unngåast

– Eg vil seie at det dei har gjort, er det viktigaste som har skjedd på området sidan vi publiserte artikkelen vår, seier Paul Glasziou til Forskerforum.

– Responsen deira gjer meg optimistisk med tanke på at vi gradvis kan greie å redusere mengda bortkasta forsking. Spesielt når det gjeld førehandsregistrering av studiar meiner eg å sjå ei tydeleg utvikling. Vi ser også at andre forskingsfinansiørar følgjer etter, og tidsskrifta byrjar også å stille nye krav til studiane dei publiserer.

Hovudpoenget til Glasziou og Chalmers har heile tida vore at milliardane som har gått til å finansiere bortkasta forsking, kunne ha vore brukte betre.

– Det oppmuntrande er at alle defektane vi nemner, er moglege å unngå om ein berre prøver. Om eit par år er vi kanskje nede i 80 prosent! seier Glasziou.